23369_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23369
13 087 nye føretak
statistikk
2005-09-02T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

13 087 nye føretak

Det vart registrert 13 087 nye føretak i Noreg i 2. kvartal 2005. Dette er 3 083 (31 prosent) fleire enn i same kvartal i fjor. Tala omfattar alle nye føretak unnateke primærnæringane og offentleg forvaltning.

Dette syner statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Fleire nye føretak i første halvår

I første halvår 2005 vart det registrert 26 716 nye føretak, noko som er ein auke på 3 762 (16 prosent) nye føretak i høve til same periode i fjor. Nye føretak kan fordelast på eigarskifte - føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd - og nyetableringar som representerer heilt nye verksemder. Om lag 10 prosent av nyregistreringane er eigarskifte.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finst nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst og bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.

Tabeller: