Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk vekst i norskregistrerte utanlandske føretak
Det vart etablert 47 436 nye føretak i 2005, 10 prosent fleire enn i 2004. Aksjeselskap (AS) og norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) står for det meste av auken. Aksjeselskap som er etablerte som eit resultat av endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor statistikken.
I 2005 vart det registrert totalt 17 123 nye aksjeselskap. 13 991 av dei nyregistrerte aksjeselskapa er nyetableringar, 3 162 fleire AS enn det vart etablert i 2004. Den faktiske auken i talet på aksjeselskap er noko lågare på grunn av uvisse om alle AS som er etablerte med utgangspunkt i overgangsregel E er identifiserte. Medrekna slike AS vart det i alt registrert om lag 35 000 nye aksjeselskap (AS) i Noreg i 2005. Denne auken kjem av endringar i skattelova, og er ikkje utslag av nokon "gründarboom" (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa). SSB har arbeidd med å identifisere aksjeselskapa som er stifta med utgangspunkt i overgangsregel E, og har til no identifisert nærare 17 900 slike aksjeselskap. Desse aksjeselskapa er ikkje med i statistikken.
Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.
Mange fleire norskregistrerte utanlandske føretak
Det vart etablert fleire norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) i 2005 enn i noko tidlegare år. I 2005 var det 2 231 nyetablerte NUF, ein auke på 68 prosent frå 2004 og heile 415 prosent fleire enn i 2003. 5 prosent av alle nyetableringane i 2005 var registrerte som NUF, medan talet i 2003 var 1 prosent. Talet på nyetablerte enkeltpersonføretak (ENK) er omtrent uendra frå 2004 til 2005.
Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet. |
Informasjonssektoren
Delen nyetableringar innanfor informasjonssektoren av alle nyetableringar har gått ned kvart år frå 12 prosent i 2001 til 9 prosent i 2005. Medan talet på nyetableringar for alle næringar auka med 10 prosent frå 2004 til 2005, auka talet på nyetableringar i informasjonssektoren med knapt 1 prosent. Men det er stor skilnad mellom IKT-sektoren og innhaldssektoren. All auken i informasjonssektoren finn stad innanfor innhaldssektoren, medan det innanfor IKT-næringane vert stadig færre nyetableringar. I innhaldssektoren auka talet på nyetableringar med 7 prosent frå 2004 til 2005, medan tilsvarande tal for IKT-sektoren er ein nedgang på 1 prosent. Innhaldssektoren utgjer ein aukande del av nyetableringane i informasjonssektoren, frå 21 prosent i 2001 til 31 prosent i 2005.
Auke i talet på tilsette
Talet på tilsette i bestanden 1. januar 2006 syner ein auke i høve til bestanden 1. januar 2005 og 2004. Frå 2004 til 2006 har talet auka med 2 prosent. Men for einskilde næringar er utviklinga ulik. Innanfor industri vert det færre tilsette for kvart år, frå 2003 til 2006 er nedgangen på 12 prosent. Denne utviklinga har halde fram sidan 2001. Innanfor transport og kommunikasjon er det òg ein jamn nedgang i tilsette. Vekst i talet på tilsette finn ein mellom anna i næringane byggje- og anleggsverksemd, bergverksdrift og utvinning, og helse- og sosialtenester.
Flest tilsette er det innanfor varehandel som har om lag 23 prosent av dei tilsette, dette talet har vore uendra sidan 2003. 18 prosent av dei tilsette arbeider i industrinæringane 1. januar 2006 mot 20 prosent på same tid i 2003.
Estimerte nedleggingar
Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2005 er oppdatert i høve til førre publisering og er no endeleg. I samband med dette er òg tala for nedleggingar i 2004 oppdaterte og endelege. På grunn av etterslep i registreringa av opphøyr er talet for nedleggingar i 2005 estimert. Bestandstalet per 1. januar 2006 er difor òg estimert og vil verte justert ved neste publisering når alle opphøyr i 2005 er registrerte. Dette er omtala i "Om statistikken".
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken finn du talet på føretak og tilsette i bestanden 1. januar 2001-2005, nye føretak/nyetableringar 2001-2005 og opphøyrde føretak/nedleggingar 2001-2004 etter næring, storleiksgrupper (talet på tilsette) og organisasjonsform. Alle tabellane er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.
Tabeller:
- Tabell 1 Føretak og tilsette i føretak i bestanden per 1. januar, nyregistrerte, nyetablerte, opphøyrte og nedlagte føretak. 2001-2005
- Tabell 2 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar, etter næring. 2003-2005. Estimerte bestandstal per 1. januar 2006
- Tabell 3 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar, etter organisasjonsform. 2003-2005. Estimerte bestandstal per 1. januar 2006 (Rettet 31. mars 2006 kl. 1015)
- Tabell 4 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar, etter fylke. 2003-2005. Estimerte bestandstal per 1. januar 2006
- Tabell 5 Tilsette i nyetablerte føretak og nedlagde føretak 2003-2005 og i bestanden per 1. januar 2003-2006
- Tabell 6 Nyetablerte føretak i informasjonssektoren. 2001-2005 (Rettet 31. mars 2006 kl. 1015)
- Tabell 7 Tilsette i nyetablerte føretak i informasjonssektoren. 2001-2005
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35