Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
15 556 nye føretak
Det vart registrert 15 556 nye føretak i Noreg i 1. kvartal 2006. Dette er ein auke på 2 287, 17 prosent i høve til 1. kvartal 2005. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.
Auke samanlikna med 4. kvartal 2005
Samanlikna med 4. kvartal 2005 vart det registrert 764 (5 prosent) fleire nye føretak. Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 92 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.
Tala for 2005 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar og føretak registrert ut frå endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa).
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35