Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
13 158 nye føretak i 2. kvartal 2006
Det vart registrert 13 158 nye føretak i Noreg i 2. kvartal 2006. Dette er 495 (3,9 prosent) fleire enn i 2. kvartal 2005. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.
Auke samanlikna med 1. halvår 2005
I 1. halvår 2006 vart det registrert til saman 28 714 nye føretak mot 25 932 i same periode i 2005. Dette er ein auke på 2 782 (10,7 prosent). Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.
Tala for 2005 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar og føretak registrert ut frå endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa).
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform, fylke og kommune. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.
Meir informasjon: svein.myro@ssb.no, tlf. 62 88 51 73, eller camilla.torp@ssb.no, tlf. 62 88 55 48
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35