Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Det vert stadig fleire føretak
Rekordmange nye føretak vart etablerte i fjor, særleg stor var auken i nye aksjeselskap. Totalt vart det etablert 51 374 nye føretak i 2006, 8 prosent fleire enn i 2005. For aksjeselskap er veksten på 29,0 prosent.
Det var til saman 51 374 nyetablerte føretak i 2006, noko som er 19,3 prosent fleire enn i 2004. Men utviklinga er ulik innanfor ulike organisasjonsformer. Talet på nye AS har auka med 66,6 prosent frå 2004 til 2006, medan talet på enkeltpersonføretak (ENK) har gått opp med berre 1,5 prosent i same perioden. Om lag ein av fire nyetableringar i 2004 var eit aksjeselskap (AS), medan det i 2006 var vel ein av tre nyetableringar som var eit AS. Samstundes gjekk delen ENK av nye føretak ned frå om lag to av tre nyetableringar (64,2 prosent) i 2004 til vel halvparten (54,6 prosent) i 2006.
Talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) veks stadig. I 2006 vart det etablert 1 074 fleire NUF samanlikna med 2004, ein vekst på 80,6 prosent. Men dei utgjer fortsatt ein liten del av alle nyetableringar (4,7 prosent i 2006), og av bestanden totalt (1,5 prosent per 1. januar 2006).
Bestanden aukar
Bestanden av føretak syner ein jamn auke frå 1. januar 2004 til 1. januar 2006. Auken er på 16 264 føretak eller 5,6 prosent. Næringane eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting, helse- og sosialtenester, byggje- og anleggsverksemd står for 92,5 prosent av veksten. Innanfor industri er det ei eintydig utvikling mot stadig færre føretak, med ein nedgang på 5,6 prosent.
Dei fleste føretaka er enkeltpersonføretak (ENK) eller aksjeselskap (AS). 1. januar 2006 var 43,2 prosent av føretaka AS, medan 46,3 prosent var ENK.
Flest føretak i bestanden er lokalisert i Oslo (17,6 prosent både i 2004 og 2006). Men den største veksten er i Hordaland, Rogaland, Sør-Trøndelag og Akershus (meir enn 7 prosent). I Finnmark har det knapt vore nokon auke i talet på føretak frå 2004 til 2006. Nordland og Sogn og Fjordane har òg låg vekst.
Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet. |
Informasjonssektoren
Innanfor informasjonssektoren er det frå 2001 til 2006 ein svakare auke i nyetableringar enn totalt for alle næringar. Medan talet på nyetableringar innanfor informasjonssektoren i denne perioden gjekk ned med 1,1 prosent, så har talet på nyetablerte føretak i alle næringar auka med 44,6 prosent. Men skil ein mellom IKT-sektoren og innhaldssektoren er biletet meir samansett. Talet på nyetableringar innanfor innhaldssektoren har gått opp kvart år frå 2001, og i 2006 vart det etablert 57,2 prosent fleire nye føretak enn i 2001. Utviklinga innanfor IKT-sektoren er motsett, med ein nedgang i talet på nyetableringar kvart år i same perioden.
Såleis vart det i 2006 etablert 16,4 prosent færre føretak enn i 2001. Unntaket innanfor IKT-sektoren er telekommunikasjon der det er ein vekst i nyetableringar på 102,6 prosent frå 2001 til 2006. Men fortsatt vert det etablert fleire føretak i IKT-sektoren enn i innhaldssektoren. I 2006 vart det etablert dobbelt så mange føretak i IKT-sektoren som i innhaldssektoren, medan det i 2001 vart etablert fire gonger så mange føretak. Utviklinga er likevel eintydig.
Estimerte nedleggingarDatagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2006 er oppdatert i høve til førre publisering og er no endeleg. I samband med dette er òg tala for nedleggingar i 2005 oppdaterte og endelege. På grunn av etterslep i registreringa av opphøyr er talet for nedleggingar i 2006 estimert. Bestandstalet per 1. januar 2007 er difor òg estimert og vil verte justert ved neste publisering når alle opphøyr i 2006 er registrerte. Nye føretak i 2006 er oppdaterte i høve til dei kvartalsvise publiseringane. Dette er omtala i Om statistikken. |
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken finn du talet på føretak og tilsette i bestanden 1. januar 2001-2006, nye føretak/nyetableringar 2001-2006 og oppløyste føretak/nedleggingar 2001-2005 etter næring, storleiksgrupper (talet på tilsette) og organisasjonsform. Alle tabellar er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.
Tabeller:
- Tabell 1 Føretak og tilsette i føretak i bestanden per. 1. januar, nyregistrerte, nyetablerte, oppløyste og nedlagde føretak etter år. 2001-2006
- Tabell 2 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar etter næring. 2004-2006. Estimerte bestandstal per 1. januar 2007
- Tabell 3 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar etter organisasjonsform. 2004-2006. Estimerte bestandstal per 1. januar 2007
- Tabell 4 Bestandstal, nyetableringar og nedleggingar etter fylke. 2004-2006. Estimerte bestandstal per 1. januar 2007
- Tabell 5 Tilsette i nyetablerte føretak og nedlagde føretak 2003-2006 og i bestanden per 1. januar 2003-2007
- Tabell 6 Nyetablerte føretak i informasjonssektoren. 2001-2006
- Tabell 7 Tilsette i nyetablerte føretak i informasjonssektoren. 2001-2006
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35