23357_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23357
14 475 nye føretak
statistikk
2007-06-01T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

14 475 nye føretak

14 475 nye føretak vart registrert i Noreg i 1. kvartal 2007. Samanlikna med 1. kvartal 2006 er dette ein nedgang på 1 081 føretak, eller 6,9 prosent.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke samanlikna med fjerde kvartal 2006

Samanlikna med fjerde kvartal 2006 vart det registrert 281 (2 prosent) fleire nye føretak.

Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 93 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Tala for 2006 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform, fylke og kommune. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2006 og opphøyrde føretak i 2001-2005.

Tabeller: