23353_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23353
Færre nye føretak hittil i år
statistikk
2007-11-30T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak3. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nye føretak hittil i år

Det vart registrert 40 181 nye føretak dei tre fyrste kvartala i 2007. Dette er ein nedgang på 2,8 prosent samanlikna med den same perioden i 2006.

Nye føretak kan fordelast på overdraging og nyetableringar. Over 94 prosent av nyregistreringane i 3. kvartal 2007 er nyetableringar. Tilsvarande del for dei to fyrste kvartala i år var 91,7 prosent.

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform, fylke og kommune. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2006 og opphøyrde føretak i 2001-2005.

Tabeller: