Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
14 024 nye føretak
Det vart registrert 14 024 nye føretak i 1. kvartal i år. Samanlikna med 1. kvartal 2007 er dette ein nedgang på 451, eller 3,1 prosent.
Samanlikna med 4. kvartal i 2007 vart det registrert 719 fleire føretak, dette er ein auke på 5,4 prosent.
Flest nyetableringar
Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 92 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.
Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Tala for 2007 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35