Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre nye føretak
Det vart registrert 11 253 nye føretak i Noreg i 3. kvartal 2008. Dette er 1 525 færre enn i 3. kvartal 2007.
Nedgangen i talet på nyregistrerte føretak var totalt 12 prosent.
Størst nedgang i talet på nye aksjeselskap
Den største nedgangen var i nyregistrerte aksjeselskap (AS). I 3. kvartal vart det registrert 1 010 færre AS enn i det same kvartalet i fjor, ein nedgang på 22 prosent. Av enkeltpersonføretak (ENK) vart det registrert 373 færre (ned 5 prosent). Det vart registrert 5 prosent færre norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) enn i 3. kvartal 2007.
Utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting hadde ein nedgang på 849 føretak (-19 prosent) samanlikna med 3. kvartal i fjor. Innanfor byggje- og anleggsverksemd og varehandel var nedgangen 14 prosent. Dei einaste næringane der det vart registrert fleire nye føretak, var finansiell tenesteyting og undervisning, men auken var berre på høvesvis 32 og 5 føretak.
Det vart registrert færre nye føretak i alle fylka i 3. kvartal samanlikna med 3. kvartal i fjor. Størst absolutt nedgang var det i Oslo med 416 færre nye føretak (-15 prosent). Men størst relativ nedgang var det i Telemark (-27 prosent), Oppland (-24 prosent), Hedmark (-18 prosent) og Sogn og Fjordane (-16 prosent). Nedgangen var minst i Agder-fylka, Trøndelag og Troms.
Nedgang i talet på nye føretak i dei tre første kvartala
I dei tre første kvartala i år vart det registrert 1 886 færre nye føretak enn i dei tre første kvartala i fjor, ein nedgang på 4,7 prosent.
Nye føretak kan fordelast på overtakingar (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 95 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.
Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Tala for 2007 er oppdaterte når det gjeld tidligare kvartalspubliseringar.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35