Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis nedgang i talet på nye føretak
Det vart registrert 11 515 nye føretak i fjerde kvartal 2008. Dette er ein nedgang på 12,1 prosent jamført med same kvartal i 2007.
Totalt i året 2008 vart det registrert 49 832 føretak, noko som tilsvarar ein nedgang på 6,5 prosent i høve til året før. Av desse er drygt 46 500 nyetableringar, medan i underkant av 3 300 var overtakingar (nytt føretak som vart registrert for å overtake ei eksisterande verksemd). Ikkje sidan 2004 har talet på nye føretak vore under 50 000.
Størst del av nyetableringane i 2008 finn ein innanfor næringshovudområdet eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting. 35 prosent av dei nyetablerte føretaka tilhørte denne næringa.
Nedgang i nesten alle organisasjonsformer
Den einaste organisasjonsforma med fleire nyetableringar i 2008 enn i 2007 er enkeltpersonføretak, med ein auke på 3,1 prosent. Den største nedgangen finn ein blant allmennaksjeselskapa. Berre fem føretak med denne organisasjonsforma vart etablert i 2008, mot 20 i 2007. Nedgangen blant aksjeselskapa var 17,4 prosent.
Tala omfattar ikkje føretak innanfor primærnæringane og offentleg forvaltning.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35