Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor nedgang i talet på nye føretak
10 732 nye føretak vart registrerte i andre kvartal 2009, ein nedgang på nesten 18 prosent i høve til andre kvartal 2008.
Talet på nye føretak i andre kvartal er det lågaste sidan andre kvartal 2004. Talet på nye føretak fyrste halvår 2009 er nesten 16 prosent lågare enn i same perioden i 2008.
Nye føretak kan fordelast på overtakingar (eigarskifte) der føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd og nyetableringar der føretaket representerer heilt nye verksemder. Drygt 89 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Tala for 2008 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar. |
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35