23335_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23335
Fleire nye føretak
statistikk
2010-06-11T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

Over 13 400 nye føretak vart registrerte i 1. kvartal 2010. Det tilsvarar ein auke på 12 prosent i høve til same kvartalet i 2009.

59 prosent av dei nyregistrerte føretaka var enkeltpersonføretak, medan 27 prosent var aksjeselskap. Eitt av ti nye føretak dette kvartalet var eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF). Dette inneber ein auke på 2 prosentpoeng i høve til 1. kvartal 2009.

Dei resterande nye føretaka er fordelte på andre organisasjonsformer.

Flest innanfor tenesteytande næringar

14 prosent av dei nye føretaka som vart registrerte i løpet av dei tre første månadene i år, tilhøyrde fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting. Varehandel og reparasjon av motorvogner utgjorde òg 14 prosent av nyregistreringane i denne perioden.

Om statistikkgrunnlaget

Tala omfattar alle nye føretak i 1. kvartal utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

I statistikkbanken finn ein regionalt fordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: