23333_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23333
Fleire nye føretak
statistikk
2010-08-24T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

Nærare 11 500 nye føretak vart registrerte i 2. kvartal 2010. Dette er ein auke på 6,7 prosent i høve til same kvartal året før.

Seks av ti ny føretak i 2. kvartal 2010 var enkeltpersonføretak. Dessutan var 28 prosent aksjeselskap, som er ein auke på 15 prosent i høve til 2. kvartal 2009. Den tredje vanlegaste organisasjonsforma blant dei nye føretaka var norskregistrerte utanlandske føretak (NUF). Drygt 960 nye NUF vart registrerte førre kvartal, om lag uendra tal frå 2. kvartal året før.

Dei resterande nye føretaka er fordelte på andre organisasjonsformer.

Flest innanfor byggje- og anleggsverksemd

15 prosent av dei nyregistrerte føretaka høyrde til byggje- og anleggsverksemd. Dette er dermed den største næringa blant dei nye føretaka.

Tala omfattar alle nye føretak i 2. kvartal utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

I Statistikkbanken finn ein regionalt fordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: