23331_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23331
Auken i nye føretak held fram
statistikk
2010-11-25T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak3. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i nye føretak held fram

Nærare 11 800 nye føretak vart registrerte i 3. kvartal 2010. Dette er ein auke på 8 prosent i høve til 3. kvartal 2009.

Over seks av ti nye føretak dette kvartalet var enkeltpersonføretak. Eitt av fire nye føretak var aksjeselskap. Blant dei nye føretaka var norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) den tredje vanlegaste organisasjonsforma. 1 033 nye NUF vart registrerte, ein auke på nesten 19 prosent i høve til same periode året før.

Nærare ein tredel av dei nyregistrerte føretaka høyrde til næringane byggje- og anleggsverksemd og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting.

Tala omfattar alle nye føretak i 3. kvartal 2010 utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

I Statistikkbanken finn ein kommunefordelte og fylkesfordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform.

Tabeller: