Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i talet på nye føretak
Totalt 12 507 nye føretak vart registrerte i 4. kvartal 2010. Dette er ein auke på 6 prosent i høve til 4. kvartal 2009. Eitt av tre nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus.
Totalt vart det registrert 49 172 nye føretak i 2010, ein auke på over 8 prosent frå førre året. Det er fyrste gongen det har vore auke i talet på nyregistrerte føretak sidan 2006.
Kraftig auke i nye NUF
Det vart registrert 4 703 nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) i 2010. I 2001 var det under 200 nye slike føretak. Dette er dermed den organisasjonsforma med størst auke dei siste ti åra.
Talet på nye enkeltpersonføretak har auka om lag 25 prosent, medan talet på nye aksjeselskap har auka med 13 prosent i denne tiårsperioden.
Flest nye føretak totalt finn ein blant fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting. Over 14 prosent tilhøyrde denne næringa i 2010.
Ein tredel registrert i Oslo og Akershus
Eitt av tre føretak vart registrert i Oslo og Akershus i 2010, og nærare seks av ti nye føretak (57,2 prosent) vart registrerte på Austlandet totalt1.
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform. |
1 Austlandet er definert som fylka Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold, Hedmark, Oppland, Telemark og Buskerud.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35