53415_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
53415
Fleire nyetableringar
statistikk
2011-05-06T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2001-2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nyetableringar

Talet på nyetablerte føretak auka med 9 prosent i 2010 samanlikna med året før. Det er første gong sidan 2006 at talet på nyetableringar aukar. Totalt vart det etablert 46 000 føretak i 2010.

Den største prosentvise auken i 2010 hadde norskregistrerte utanlandske føretak (NUF), med 17 prosent fleire nyetableringar enn i 2009. Også talet på nyetablerte aksjeselskap (AS) og enkeltpersonføretak (ENK) auka kraftig frå 2009, med høvesvis 12,1 og 7,6 prosent. Det vart likevel etablert flest enkeltpersonføretak (seks av ti nyetableringar), medan ein av fire nyetableringar var aksjeselskap og ein av ti var eit NUF.

I nesten alle næringar auka talet på nyetableringar frå 2009 til 2010. Den største auken var innanfor byggje- og anleggsverksemd der det i 2010 vart etablert 857 fleire føretak enn i 2009. Stor auke var det også innanfor varehandel og fagleg, vitskapleg- og teknisk tenesteyting, med høvesvis 444 og 432 fleire føretak.

Flest nyetablerte føretak var det innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (6 710), byggje- og anleggsverksemd (6 261) og varehandel (5 685). Om lag fire av ti føretak vart etablerte innanfor desse næringane i 2010.

Færre nyetablerte AS i 2010 enn i 2008

Trass i auken i nyetableringar i 2010, vart det likevel etablert nesten 600, eller 1,3 prosent, færre føretak enn i 2008. Men det er store skilnader mellom dei ulike organisasjonsformene. Medan talet på nyetablerte NUF gjekk opp med 1 082 (32,8 prosent) frå 2008 til 2010, vart det etablert 2 194 (15,9 prosent) færre AS i 2010 enn i 2008. Det vart etablert 591 (2,1 prosent) fleire ENK i 2010 samanlikna med 2008.

Ser ein på utviklinga av nyetablerte føretak frå 2001 til 2010, er det variasjonen i nyetablerte AS som i hovudsak forklarar den årlege variasjonen i totaltala (figur 1). Nærare ni av ti nyetableringar er framleis anten eit ENK eller AS sjølv om talet på nyetablerte NUF har hatt ein kraftig vekst frå 2003. Nesten 10 prosent av nyetableringane i 2010 var NUF, mot 7,5 prosent i 2008 og mindre enn 1 prosent i 2001.

Nyetablerte føretak, etter organisasjonsform og år. 2001-2010

Føretak per 1. januar

Frå 1. januar 2009 til 1. januar 2010 auka talet på føretak med 1 778, eller mindre enn 1 prosent. Flest føretak 1. januar 2010 var det innanfor varehandel (15,3 prosent av alle føretak) og byggje- og anleggsverksemd (14,2 prosent). Dei førebelse tala for 1. januar 2011 syner ein nedgang på nesten 6 000 føretak, eller 1,6 prosent, frå 1. januar 2010.

I 2009 vart 6 017 (14,4 prosent) fleire føretak nedlagde samanlikna med året før. Størst vekst i nedleggingar var det innanfor byggje- og anleggsverksemd (+1 419), fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (+1 100) og industri (+730). Dei førebelse tala for 2010 syner ein ytterlegare auke i talet på nedleggingar.

Endelege tal for føretak per 1. januar 2011 og nedlagde føretak 2010 vert frigjevne i 2012.

Informasjonssektoren

Det vart i 2010 etablert nesten 9 prosent fleire føretak innanfor informasjonssektoren enn i 2009, ein auke på nivå med alle nyetablerte føretak. Totalt vart det etablert 3 385 føretak fordelt på 2 585 innanfor IKT-sektoren og 800 innanfor innhaldssektoren. Det vart fleire nyetableringar både innanfor innhaldssektoren (+17 prosent) og IKT-sektoren (+6,6 prosent). Tre av fire nyetableringar i informasjonssektoren var innanfor IKT-tenester.

Informasjonssektoren

Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet.

Tabeller: