Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 854 nye føretak
Totalt 11 854 nye føretak vart registrerte i 2. kvartal 2011. Det er ein nedgang på 2 623 føretak samanlikna med kvartalet før.
Talet på nye føretak gjekk ned frå 14 477 i 1. kvartal til 11 854 i 2. kvartal 2011. Den største nedgangen finn ein blant enkeltpersonføretak. Likevel var nesten tre av fem nyetablerte føretak eit enkeltpersonføretak.
Byggje- og anleggsverksemd var den største næringa, med 1 816 nye føretak registrert i 1. kvartal 2011. Deretter var det flest nyregistreringar innanfor næringa fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting og næringa varehandel inkludert reparasjon av motorvogner, med høvesvis 1 665 og 1 421 føretak.
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal på nyregistrerte føretak etter næring og organisasjonsform. |
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35