Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i talet på nyetableringar
I 2011 vart det etablert 904 fleire nye føretak enn året før, det er ein auke på 2 prosent. Totalt vart det etablert 47 000 føretak i 2011. Talet på nyetablerte aksjeselskap auka mest - med 11 prosent - medan det vart etablert 23 prosent færre norskregistrerte utanlandske føretak.
Utsatt publisering
Publiseringen av Nye foretak, 1. kvartal 2012 mandag 04.06.2012 er utsatt til tirsdag 05.06.2012 på grunn av streik i offentlig sektor.
|
I alt vart det vart etablert nærare 13 000 aksjeselskap (AS) i 2011. Etter fleire år med auke i talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) gjekk talet ned frå 2010 til 2011. Det vart også etablert fleire enkeltpersonføretak (ENK) i 2011 enn i 2010. Om lag ni av ti nyetablerte føretak er anten aksjeselskap eller enkeltpersonføretak. I 2011 var 61,9 prosent av dei nyetablerte føretaka organiserte som enkeltpersonføretak, medan 27,5 prosent var aksjeselskap.
Den største auken i nyetableringar frå 2010 til 2011 var innanfor omsetning og drift av fast eigedom, som gjekk opp 17,8 prosent. Stor auke var det òg innanfor gruppene transport og lagring med 15,4 prosent, undervisning, 13,5 prosent, og kulturell verksemd med 10,2 prosent.
Flest nyetablerte føretak var det i 2011 innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 6 950 føretak, byggje- og anleggsverksemd, 6 507, og varehandel med 5 506. Om lag fire av ti føretak etablert i 2011 var innanfor desse næringane.
Nyetablerte føretak 2001-2011
I 2011 vart det etablert 31,9 prosent fleire føretak enn i 2001. Utviklinga av nyetablerte føretak i denne perioden syner at variasjonen i totaltala i hovudsak følgjer variasjonen i AS. Samstundes er delen AS og ENK av alle nyetablerte føretak tilnærma konstant. Både 2001 og 2011 var om lag 28 prosent av dei nyetablerte føretaka AS og 62 prosent ENK. Frå 2003 til 2010 auka talet på nyetablerte NUF kraftig. Sjølv om det var ein nedgang frå 2010 til 2011, vart det likevel etablert 18 gonger så mange NUF i 2011 som i 2001. I 2011 var 7 prosent av nyetableringane NUF, mot mindre enn 1 prosent i 2001.
Føretak per 1. januar
Talet på føretak auka med 3 618, eller 1 prosent, frå 1. januar 2010 til 1. januar 2011. Flest føretak 1. januar 2011 var det innanfor varehandel med 14,9 prosent av alle føretak, og byggje- og anleggsverksemd med 14,2 prosent. Dei førebelse tala for 1. januar 2012 syner ein svak auke på 6 400 føretak, eller 1,7 prosent, frå 1. januar 2011.
I 2010 vart 47 666 føretak nedlagde, om lag det same som i 2010. Innanfor helse- og sosialteneseter, omsetning og drift av fast eigedom og byggje- og anleggsverksemd var det vel 300 færre nedleggingar i 2010 samanlikna med 2009. Dei førebelse tala for 2011 syner ein nedgang i talet på nedleggingar. |
Nedgang i informasjonssektoren
Medan det vart etablert fleire nye føretak totalt i 2011 samanlikna med 2010, var det i same periode ein nedgang på 5,4 prosent i talet på nyetablerte føretak innanfor informasjonssektoren. Totalt vart det etablert 3 203 føretak innanfor informasjonssektoren i 2011, fordelt på 2 449 innanfor IKT-sektoren og 754 innanfor innhaldssektoren. Både innanfor IKT-sektoren og informasjonssektoren gjekk talet på nyetableringar ned om lag 5 prosent. Tre av fire nyetableringar i informasjonssektoren var innanfor IKT-tjenester.
InformasjonssektorenInformasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet. |
Tabeller:
- Tabell 1 Føretak og tilsette i føretak i per. 1. januar, nyregistrerte, nyetablerte, oppløyste og nedlagte føretak, etter år. 2001-2012
- Tabell 2 Føretak per 1. januar, nyetableringar og nedleggingar, etter næring (SN2007). 2009-2012
- Tabell 3 Talet på føretak, nyetableringar og nedleggingar etter organisasjonsform. 2009-2012
- Tabell 4 Talet på føretak, nyetableringar og nedleggingar, etter fylke. 2009-2011
- Tabell 5 Tilsette i føretak per 1. januar, nyetablerte føretak og nedlagde føretak, etter næring (SN2007). 2009-2012
- Tabell 6 Nyetablerte føretak og tilsette i nyetablerte føretak i informasjonssektoren (SN2007). 2008-2011
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35