Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 759 nye føretak
I 4. kvartal 2011 vart det til saman registrert 11 759 nye føretak. Dette er 6 prosent færre enn i 4. kvartal 2010.
Til saman vart det registrert nærare 50 000 føretak i 2011, ein auke på 1,6 prosent frå året før. Talet på nyregistrerte føretak i 2011 var 30,2 prosent høgare enn i 2001, men 9,3 prosent lågare enn i 2006 då det vart registrert flest nye føretak.
Færre nye NUF
Det vart registrert 23,3 prosent færre nye NUF (norsk avdeling av utanlandske føretak) i 2011 enn i 2010. Talet på nye aksjeselskap auka med 12,8 prosent i 2011 samanlikna med året før, og det vart registrert 1,8 prosent fleire enkeltpersonføretak. Seks av ti nye føretak registrerte i 2011 var enkeltpersonføretak, og eitt av tre var aksjeselskap.
Flest nye føretak vart i 2011 registrerte innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14,3 prosent) samt byggje- og anleggsverksemd (13,8 prosent).
Ein tredel av dei nye føretaka i 2011 vart registrerte i Oslo eller Akershus.
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform. |
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35