Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
12 567 nye føretak
Det vart registrert 12 567 nye føretak i 4. kvartal 2012, ein auke på 6,9 prosent samanlikna med 4. kvartal 2011.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
4. kvartal 2012 | 3. kvartal 2012 - 4. kvartal 2012 | 4. kvartal 2011 - 4. kvartal 2012 | |
I alt | 12 567 | -2,5 | 6,9 |
Aksjeselskap (AS) | 5 274 | 2,1 | 52,4 |
Enkeltpersonforetak | 6 677 | -6,7 | -8,6 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 331 | 19,9 | -46,5 |
Totalt vart det registrert 55 415 nye føretak i 2012, 10,9 prosent fleire enn i 2011.
Fleire nye aksjeselskap
I 2012 vart det registrert 60 prosent fleire aksjeselskap enn i 2011. Talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) gjekk tilbake med 60 prosent i den same perioden. Det vart registrert 2,6 prosent færre enkeltpersonføretak i 2012 enn i 2011.
Totalt vart det i 2012 registrert flest nye føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 15,4 prosent, og innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, med 14,3 prosent. Innanfor byggje- og anleggsverksemd auka talet på nye føretak med 23,7 prosent frå 2011 til 2012.
Fleire nye føretak i alle fylka
Talet på nye føretak auka i alle fylka frå 2011 til 2012. Den største prosentvise auken i talet på nye føretak hadde Nord-Trøndelag, med 20,7 prosent, Hedmark, med 19,7 prosent, og Troms med 18 prosent. Lågast auke var det i Vest-Agder, med 3,8 prosent.
Flest nye føretak vart registrert i Oslo. Sjølv om Oslo hadde størst absolutt auke i talet på nye føretak frå 2011 til 2012, var den prosentvise auken i Oslo berre 8 prosent.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35