Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire nye føretak
Det vart registrert 13 293 nye føretak i 3. kvartal 2013. Dette er ein auke på 3,2 prosent samanlikna med 3. kvartal 2012.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
3. kvartal 2013 | 2. kvartal 2013 - 3. kvartal 2013 | 3. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013 | |
I alt | 13 293 | -5,1 | 3,2 |
Aksjeselskap (AS) | 5 126 | -13,7 | -0,8 |
Enkeltpersonforetak | 7 609 | 1,0 | 6,3 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 314 | 24,1 | 13,8 |
Talet på nye enkeltpersonføretak gjekk opp med 6,3 prosent frå 3. kvartal 2012 til 3. kvartal 2013, medan talet på nye aksjeselskap gjekk ned med 0,8 prosent. I same perioden auka talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak med 14 prosent. Av dei nye føretaka i 3. kvartal 2013 var det 57 prosent enkeltpersonføretak og 39 prosent aksjeselskap.
Det vart registrert flest nye føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd (15 prosent), fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14 prosent) og varehandel (12 prosent).
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. I Statistikkbanken finn ein kommune- og fylkesfordelte tal etter næring og organisasjonsform.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35