Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Over 13 000 nye føretak
Det vart registrert 13 236 nye føretak i 4. kvartal 2013. Dette er ein auke på 5,3 prosent samanlikna med 4. kvartal 2012.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
4. kvartal 2013 | 3. kvartal 2013 - 4. kvartal 2013 | 4. kvartal 2012 - 4. kvartal 2013 | |
I alt | 13 236 | -0,4 | 5,3 |
Aksjeselskap (AS) | 5 193 | 1,3 | -1,5 |
Enkeltpersonforetak | 7 569 | -0,5 | 13,4 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 203 | -35,4 | -38,7 |
Totalt vart det registrert 55 282 nye føretak i 2013. Dette er 0,2 prosent færre enn i 2012.
Færre nye aksjeselskap
I 2013 vart det registrert 4,8 prosent færre aksjeselskap enn i 2012. Talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak gjekk ned med 25,3 prosent i den same perioden. Samstundes auka talet på nye enkeltpersonføretak med 4,9 prosent.
Innanfor byggje- og anleggsverksemd gjekk talet på nye føretak ned med 5,6 prosent frå 2012 til 2013. Talet på nye føretak innanfor undervisning steig 8,9 prosent i den same perioden. Trass nedgangen for byggje- og anleggsverksemd vart det i 2013 registrert flest nye føretak i denne næringa (14,5 prosent). Nest flest nye føretak vart registrerte innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14,4 prosent).
Ulik utvikling i fylka
Størst auke i talet på nye føretak frå 2013 til 2014 var det i Hedmark, med 6,7 prosent, og Hordaland med 5,4 prosent fleire nye føretak. I Nordland vart det registert 10,5 prosent færre nye føretak i 2014 enn i 2013, medan Sogn og Fjordane hadde ein nedgang på 8,4 prosent. Det vart registrert flest nye føretak i Oslo (21,3 prosent).
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35