165221_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
165221
Fleire nye føretak
statistikk
2014-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak

I 1. kvartal 2014 vart det registrert 10,6 prosent fleire nye føretak enn i 1. kvartal 2013. Totalt vart det registrert 16 302 nye føretak i 1. kvartal 2014.

Antall nye foretak
AntallProsent
1. kvartal 20144. kvartal 2013 - 1. kvartal 20141. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014
I alt16 30223,210,6
Aksjeselskap (AS)6 94733,87,7
Enkeltpersonforetak8 81216,414,1
Norsk avdeling av utenlandsk foretak27133,5-8,8

Talet på nye enkeltpersonføretak auka med 14,1 prosent frå 1. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014. I same perioden gjekk talet på aksjeselskap opp med 7,7 prosent, medan talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak gjekk ned med 8,8 prosent. Av dei nye føretaka var 42,6 prosent aksjeselskap og 54,1 prosent enkeltpersonføretak.

Samanlikna med 1. kvartal 2013 auka talet på nye føretak innanfor dei fleste næringane. Størst auke var det innanfor 'anna tenesteyting' med 20,5 prosent og 'undervisning' med 18,1 prosent. Innanfor industri gjekk talet på nyregistreringar opp 4,7 prosent. Talet på nye føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd var om lag uendra samanlikna med 1. kvartal 2013.

Flest nye føretak vart registrerte innanfor 'fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting', med ein del på 14,3 prosent. 12,8 prosent av nyetableringane var innanfor byggje- og anleggsverksemd, og varehandel utgjorde 12 prosent.