Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
14 000 nye føretak
Det vart registrert 14 037 nye føretak i 2. kvartal. Det er 0,2 prosent fleire enn i 2. kvartal 2013.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
2. kvartal 2014 | 1. kvartal 2014 - 2. kvartal 2014 | 2. kvartal 2013 - 2. kvartal 2014 | |
I alt | 14 037 | -13,9 | 0,2 |
Aksjeselskap (AS) | 6 102 | -12,2 | 2,7 |
Enkeltpersonforetak | 7 442 | -15,5 | -1,2 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 222 | -18,1 | -12,3 |
Frå 2. kvartal 2013 til 2. kvartal 2014 gjekk talet på nye aksjeselskap opp med 2,7 prosent, medan talet på nye enkeltpersonføretak gjekk ned med 1,2 prosent. I den same perioden gjekk talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak ned med 12,3 prosent. Av dei nye føretaka var 43,5 prosent aksjeselskap og 53 prosent enkeltpersonføretak.
Samanlikna med 2. kvartal 2013 gjekk talet på nye føretak ned i alle næringar unnateke forretningsmessig tenesteyting, undervisning, anna tenesteyting samt finansierings- og forsikringsverksemd.
Flest nye føretak vart registrerte innanfor byggje- og anleggsverksemd (15,4 prosent), fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (13,5 prosent) og varehandel (11 prosent).
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35