228056_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
228056
Fleire nye einskildpersonføretak
statistikk
2015-08-21T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken viser nyetableringer og overdragelse av bedrifter. I 2. kvartal 2015 var det registrert 14 380 nye foretak.

Føretak2. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye einskildpersonføretak

Det vart registrert 14 380 nye føretak i 2. kvartal 2015. Dette er 2,4 prosent fleire enn i same kvartal i 2014. Det blei registrert fleire einskildpersonføretak enn aksjeselskap i perioden.

Antall nye foretak
AntallProsent
2. kvartal 20151. kvartal 2015 - 2. kvartal 20152. kvartal 2014 - 2. kvartal 2015
I alt14 380-10,92,4
Aksjeselskap (AS)5 836-9,6-4,4
Enkeltpersonforetak8 069-11,68,4
Norsk avdeling av utenlandsk foretak228-17,72,7

Talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 8,4 prosent frå 2. kvartal 2014 til 2. kvartal 2015. I same perioden gjekk tale på nye aksjeselskap (AS) ned med 4,4 prosent. Av dei nye føretaka i 2. kvartal 2015 var det 56 prosent einskildpersonføretak og 41 prosent aksjeselskap.

Det vart registrert flest nye føretak innan byggje- og anleggsverksemd med 15 prosent. 14 prosent av dei nye føretaka var innan fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting og 11, 5 prosent var innan varehandel.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.