228060_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
228060
14 522 nye føretak
statistikk
2015-11-20T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Metabeskrivelse I 3. kvartal 2015 ble det registrert 14 522 nye foretak. Dette er 4,7 prosent flere enn i samme kvartal i 2014.

Føretak3. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

14 522 nye føretak

I 3. kvartal 2015 vart det registrert 14 522 nye føretak. Dette er 4,7 prosent fleire enn i same kvartal i 2014. Det blei registrert fleire einskildpersonføretak enn aksjeselskap i perioden.

Antall nye foretak
AntallProsent
3. kvartal 20152. kvartal 2015 - 3. kvartal 20153. kvartal 2014 - 3. kvartal 2015
I alt14 5221,04,7
Aksjeselskap (AS)5 156-11,7-1,2
Enkeltpersonforetak8 89010,28,4
Norsk avdeling av utenlandsk foretak25110,116,2
Figur 1. Nye føretak. 2014 og 2015

Totalt vart det registrert 45 050 nye føretak i dei tre første kvartala av 2015. Dette er 2 prosent fleire enn i den same perioden i 2014.

Talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 8,4 prosent frå 3. kvartal 2014 til 3. kvartal 2015. I den same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) ned med 1,2 prosent. Av dei nye føretaka var 61 prosent einskildpersonføretak, medan 36 prosent var aksjeselskap.

Det vart registrert flest nye føretak innan fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (15 prosent), byggje- og anleggsverksemd (14 prosent) og varehandel (12 prosent).

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.