244682_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
244682
4 prosent fleire nye føretak
statistikk
2016-02-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken viser blant annet nye aksjeselskap og enkeltpersonforetak I 4. kvartal 2015 ble 14 264 nye foretak registrert.

Føretak4. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent fleire nye føretak

I 4. kvartal 2015 vart det registrert nærare 14 300 nye føretak. Dette er ein auke på 4 prosent i høve til den same perioden i 2014. Tre av fem nye føretak var einskildpersonføretak.

Antall nye foretak
AntallProsent
4. kvartal 20153. kvartal 2015 - 4. kvartal 20154. kvartal 2014 - 4. kvartal 2015
I alt14 264-1,84,4
Aksjeselskap (AS)5 5477,64,0
Enkeltpersonforetak8 204-7,75,5
Norsk avdeling av utenlandsk foretak250-0,4-6,0
Figur 1. Nye føretak

Totalt vart det registrert drygt 59 300 nye føretak i 2015. Dette utgjer ein auke på 2,5 prosent frå førre året.

Frå 2014 til 2015 gjekk talet på nye einskildpersonføretak opp med 6,4 prosent. I den same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) ned med 2,6 prosent. Av dei nye føretaka i 2015 var det 58 prosent einskildpersonføretak og 39 prosent aksjeselskap.

Størst del satsar på teknisk og vitskapleg tenesteyting

I 2015 vart det registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (15 prosent), byggje- og anleggsverksemd (14 prosent) og varehandel (12 prosent).

Sterkast vekst i Hordaland

Flest nye føretak vart registrerte i Oslo og Akershus i 2015. Størst absolutt auke i talet på nye føretak frå 2014 til 2015 var i Hordaland. Totalt vart det registrert i underkant av 5 600 nye føretak ivestlandsfylket, som inneber ein auke på drygt 260 føretak frå året før.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.