Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire nye føretak
Det vart registrert 16 574 nye føretak i 1. kvartal 2016. Dette er ein auke på 2,6 prosent i høve til den same perioden i 2015. Det blei registrert flest nye føretak i Oslo og Akershus.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
1. kvartal 2016 | 4. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016 | 1. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016 | |
I alt | 16 574 | 16,2 | 2,6 |
Aksjeselskap (AS) | 6 700 | 20,8 | 3,8 |
Enkeltpersonforetak | 9 352 | 14,0 | 2,4 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 243 | -2,8 | -12,3 |
Talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 2,4 prosent frå 1. kvartal 2015 til 1. kvartal 2016. I den same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 3,8 prosent. Av dei nye føretaka i 1. kvartal 2016 var det 56 prosent einskildpersonføretak og 40 prosent aksjeselskap.
Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (16 prosent), byggje- og anleggsverksemd (13 prosent) og varehandel (12 prosent).
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35