Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire nye føretak
I 2. kvartal 2016 vart det registrert 14 977 nye føretak. Dette er ein auke på 4,2 prosent i høve til den same perioden i 2015. Om lag 3 av 5 nye føretak var einskildpersonføretak.
Antall | Prosent | ||
---|---|---|---|
2. kvartal 2016 | 1. kvartal 2016 - 2. kvartal 2016 | 2. kvartal 2015 - 2. kvartal 2016 | |
I alt | 14 977 | -9,6 | 4,2 |
Aksjeselskap (AS) | 5 801 | -13,4 | -0,6 |
Enkeltpersonforetak | 8 730 | -6,7 | 8,2 |
Norsk avdeling av utenlandsk foretak | 232 | -4,5 | 1,8 |
Talet på nye einskildpersonføretak gjekk opp med 8,2 prosent frå 2. kvartal 2015 til 2. kvartal 2016. I den same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) ned med 0,6 prosent. Av dei nye føretaka i 2. kvartal 2016 var det 58 prosent einskildpersonføretak og 39 prosent aksjeselskap.
Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (15 prosent), byggje- og anleggsverksemd (14 prosent) og varehandel (10 prosent).
Flest nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus i 2. kvartal 2016. Totalt vart det registrert 3 085 nye føretak i Oslo og 1 745 føretak i Akershus. Frå 2. kvartal 2015 til 2. kvartal 2016 gjekk talet på nye føretak opp med 5,2 prosent i Oslo og 2,7 prosent i Akershus.
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35