257319_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/kvartalsvis-nye-foretak
257319
Stadig fleire nye føretak
statistikk
2016-11-11T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
I 3. kvartal 2016 vart det registrert 15 123 nye føretak. Dette er ein auke på 4 prosent i høve til same perioden i 2015.

Føretak3. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire nye føretak

I 3. kvartal 2016 vart det registrert 15 123 nye føretak. Dette er 4 prosent fleire enn i same kvartal i 2015.

Antall nye foretak
AntallProsent
3. kvartal 20162. kvartal 2016 - 3. kvartal 20163. kvartal 2015 - 3. kvartal 2016
I alt15 1231,04,1
Aksjeselskap (AS)5 721-1,411,0
Enkeltpersonforetak8 9262,20,4
Norsk avdeling av utenlandsk foretak2434,7-3,2
Figur 1. Nye foretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene, etter tid og statistikkvariabel

Av dei nye føretaka i 3. kvartal 2016 var det 59 prosent einskildpersonføretak og 38 prosent aksjeselskap. Samanlikna med same periode året før, auka talet på nye aksjeselskap med 11 prosent og talet på einskildpersonføretak auka med 0,4 prosent.

Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14 prosent), byggje- og anleggsverksemd (13 prosent) og varehandel (10 prosent).

Flest nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus i 3. kvartal 2016. Totalt vart det registrert 3 255 nye føretak i Oslo og 1 820 føretak i Akershus. I forhold til 3.kvartal 2015 var talet på nye føretak uendra i Oslo, medan det gjekk opp med 6 prosent i Akershus.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.