Statistikk innhold
Statistikk om
Næringar på Svalbard
Statistikken gir innsikt i utviklinga og strukturen i dei ulike næringane på Svalbard. Tala inkluderer blant anna årsverk, sysselsetting, omsetning, kostnader og investeringar, basert på innrapporterte data frå alle aktive bedrifter lokaliserte på Svalbard.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2007)Last ned tabell som ...Svalbard. Strukturstatistikk, etter næring (SN2007)
Årsverk Omsetning (1 000 kr) 2023 Prosentvis endring fra foregående år 2023 Prosentvis endring fra foregående år Svalbard i alt 1 690,6 7,1 5 244 928 11,4 Bergverksdrift og utvinning 76,0 -2,6 118 798 -20,7 Industri; Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning; Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet 59,5 85,9 200 752 90,9 Byggje- og anleggsverksemd 209,0 -2,2 665 236 -13,5 Varehandel, reparasjon av motorvogner 124,7 6,8 497 082 13,8 Transport og lagring 118,1 17,6 1 026 367 2,0 Overnattings- og serveringsverksemd 295,4 11,3 510 474 -2,4 Informasjon, kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd 83,7 17,1 1 038 592 31,0 Omsetning og drift av fast eigedom 2,9 -17,1 148 095 22,1 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 75,6 -0,7 95 218 31,6 Forretningsmessig tenesteyting 182,6 25,2 602 971 48,1 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting 99,4 -12,3 46 486 -17,2 Undervisning : : : : Helse- og sosialtenester 61,7 -3,3 11 949 -30,1 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar 109,5 20,9 180 182 25,3 Anna tenesteyting 9,1 -29,5 13 681 41,2 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Bedrifter på Svalbard. Hovudtal etter næringshovudområdeLast ned tabell som ...Bedrifter på Svalbard. Hovudtal etter næringshovudområde
Bedrifter Årsverk Omsetning (1 000 kr) Offentleg tilskot (1 000 kr) Lønskostnader (1 000 kr) Investeringar (1 000 kr) 2022 2023 2022 2023 2022 2023 2022 2023 2022 2023 2022 2023 Svalbard i alt 376 378 1 578,8 1 690,6 4 709 406 5 244 928 866 639 940 093 1 225 117 1 347 466 575 186 860 110 B Bergverksdrift og utvinning 1 1 78,0 76,0 149 888 118 798 0 - 88 535 84 503 2 814 3 090 C+D+E Industri; Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning; Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet 18 21 32,0 59,5 105 188 200 752 4 160 53 637 28 840 53 175 23 226 77 916 F Bygge- og anleggsvirksomhet 26 22 213,8 209,0 769 091 665 236 239 - 185 998 162 062 14 779 20 016 G Varehandel, reparasjon av motorvogner 26 32 116,8 124,7 436 745 497 082 0 - 71 046 75 563 12 761 36 526 H Transport og lagring 23 23 100,4 118,1 1 006 091 1 026 367 459 - 105 475 138 531 28 159 50 230 I Overnattings- og serveringsvirksomhet 26 24 265,3 295,4 523 250 510 474 46 574 67 893 147 717 165 068 24 670 15 221 J+K Informasjon og kommunikasjon. Finansierings- og forsikringsvirksomhet 18 17 71,5 83,7 793 012 1 038 592 1 952 8 059 64 417 80 280 177 006 247 341 L Omsetning og drift av fast eiendom 39 37 3,5 2,9 121 311 148 095 248 203 907 2 402 151 152 111 958 M Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting 63 65 76,1 75,6 72 373 95 218 76 108 74 918 61 834 65 451 14 371 83 852 N Forretningsmessig tjenesteyting 59 58 145,9 182,6 407 023 602 971 52 417 57 773 101 471 128 485 56 008 148 610 O Offentlig administrasjon og forsvar, og trygdeordninger underlagt offentlig forvaltning 8 9 113,4 99,4 56 145 46 486 395 285 375 166 100 724 103 489 24 643 17 406 P Undervisning 15 14 : : : : : : : : : : Q Helse- og sosialtjenester 10 11 63,8 61,7 17 095 11 949 23 943 26 598 54 234 56 561 1 693 1 209 R Kulturell virksomhet, underholdning og fritidsaktiviteter 33 37 90,6 109,5 143 790 180 182 31 176 30 816 56 633 64 357 29 061 36 712 S Annen tjenesteyting 11 7 12,9 9,1 9 686 13 681 5 725 5 822 6 451 7 592 215 0 Ikkje oppgjeve 0 0 0,0 0,0 0 0 0 0 0 0 0 0 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 12. juni 2024.
Bedrift
I Standard for næringsgruppering (SN 2007) er ei bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining der det hovudsakleg blir drive aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe. Den juridiske eininga er føretaket, og eit føretak kan drive ei eller fleire bedrifter.
Antal utførte timeverk
Inkluderer det samla talet arbeidstimar utførte av lønnstakarar på arbeidsplassen, både innanfor og utanfor vanleg arbeidstid. Kortare kvilepausar er inkluderte, medan tid brukt til transport mellom heim og arbeidsstad ikkje er med. Timane utførte av sesongarbeidarar tel med så lenge arbeidarar er tilsett eller engasjert direkte, det vil seie ikkje gjennom eit vikarbyrå. Eit årsverk på Svalbard er 1687 timeverk.
Sysselsetting
Med sysselsetting meiner vi summen av eigarar og lønnstakarar. Ein person kan ha fleire arbeidsforhold samstundes. Sysselsettingstal blir henta på bedriftsnivå. Opplysningar om sysselsettinga i industrien finst også i nasjonalrekneskapen, og i sysselsettingsstatistikk basert på data frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) og den registerbaserte sysselsettingsstatistikken.
Omsetning
Omsetning er definert som driftsinntektene til føretaket, fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmiddel. Spesielle offentlege avgifter knytt til salet, og skattar og avgifter, er inkluderte i omsetninga, medan meirverdiavgift ikkje er med.
Summen av næringsoppgåvepostane
Salsinntekt og uttak, avgiftspliktig | P3000 | |
+ | Salsinntekt og uttak, avgiftsfritt | p3100 |
+ | Salsinntekt og uttak, utanfor avgiftsområdet | p3200 |
+ | Ikkje opptent inntekt | p3500 |
+ | Leigeinntekt fast eigedom | p3600 |
+ | Leigeinntekt av rettar, jakt, fiske mv. | p3650 |
+ | Annan leigeinntekt | p3695 |
+ | Provisjonsinntekt | p3700 |
+ | Annan driftsinntekt | p3900 |
= | Omsetninga |
Lønnskostnader
Lønn, feriepengar, honorar, arbeidsgivaravgift til folketrygda, rapporteringspliktige pensjonskostnader og andre personalkostnader for arbeid utført på Svalbard. Lønnskostnader omfattar ikkje godtgjersle til eigarar av enkeltpersonføretak eller ansvarlege selskap.
Offentlege tilskot
Gjeld mottatte løyvingar til drift og investering frå staten, Longyearbyen lokalstyre eller andre offentlege organ (til dømes Innovasjon Noreg). Blir rapportert separat i eigen rubrikk og blir ikkje summert med omsetninga.
Handelsvarer
Handelsvarer er varer som blir kjøpte inn i løpet av året for vidaresal, utan ytterlegare tilarbeiding (bortsett frå merking og innpakning).
Kjøp av varer og tenester
Med kjøp av varer og tenester blir verdien av alle varer og tenester kjøpt i løpet av året for vidaresal, til bruk i føretaket sin eigen produksjonsprosess eller for lager, rekna med. Investeringar er ikkje inkluderte i desse tala.
Investeringar
Årets investeringar i varige driftsmiddel er investeringar med levetid meir enn eitt år. Dette kan omfatte investeringar i nye og brukte kapitalvarer, og inkluderer all påbygging, endringar, forbetringar og reparasjonar som forlengjer levetida til kapitalvarer eller aukar produksjonskapasiteten deira. Kostnader til design, transport, installering og eventuelle særavgifter blir også rekna med. Meirverdiavgift som kan trekkast frå, finanskostnader og oppnådde skattefordelar (til dømes investering i meir miljøvennleg utstyr) skal ikkje reknast med, og heller ikkje varige driftsmiddel erverva gjennom omstrukturering (til dømes fusjon, overtaking, deling). Kjøpte varer blir verdsette til innkjøpspris, medan eigenproduserte varer blir verdsette til produksjonskostnader.
Offentleg sektor
Offentleg sektor kan delast inn i ein forvaltningsdel og ein føretaksdel. Forvaltninga består av myndigheitene og andre bedrifter som tar seg av eit breitt spekter av fellesoppgåver. Kommunane, sjukehusa og skolane er døme på institusjonar som inngår i forvaltninga. Den delen som kallast offentlege føretak, består av marknadsbaserte bedrifter som er eigde eller på annan måte kontrollerte av det offentlege. Mellom dei offentlege føretaka finn vi kommunalt eigde bedrifter som vassverk og avfallsdeponi, og store børsnoterte selskap der stat og kommune eig meir enn halvparten av aksjane.
Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev 4 (International Standard of Industrial Classification of all Economic Activities).
Namn: Næringar på Svalbard
Emne: Transport og reiseliv
Seksjon for næringslivets strukturer
Nasjonalt nivå
Årleg frigiving
Førebelse hovudtal blir publiserte 8 månader etter statistikkårets utløp. Endelege hovudtal blir frigitt saman med siste års publisering, innan 20 månader.
Ingen
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gi tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gitt etter søknad og på vilkår.
Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Den årlege næringsstatistikken for Svalbard blir produsert basert på skjemaundersøking til alle føretak med bedrifter på Svalbard. Dette gjeld også føretak med bedrifter på fastlandet som har delar av verksemda si på Svalbard. Ettersom det er få føretak på Svalbard i kvar hovudnæring, blir bedriftspopulasjonen på Svalbard dekka fullt ut for å kunne gi kvalitativt gode data for Svalbard.
Rapportering skjer i Altinn. Formålet med skjemaundersøkinga er å skaffe opplysningar som gir grunnlag for å lage statistikk som skildrar den økonomiske strukturen og utviklinga i dei ulike næringane på Svalbard. Statistikken blei publisert første gong for statistikkåret 2008.
Dataa er nyttige for både sentrale og lokale myndigheiter, departement og ulike bransjeorganisasjonar som etterspør statistikk for Svalbard. Talmaterialet blir avidentifisert og mikrodata vil vere tilgjengelege for forskarar og offentlege myndigheiter i tråd med SSB sine ordinære vilkår. Tilgang kan bli gitt etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
IIngen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eitt av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukerne.
Medan industristatistikken kan gi sysselsettingstal på detaljert næring og er konsistent med andre bedriftsrelaterte variablar, gir nasjonalrekneskapen kvartalsvise tal med kort produksjonstid. AKU og den registerbaserte sysselsettingsstatistikken gir også tal på personrelaterte kjennemerke som til dømes alder, kjønn, utdanning og arbeidstid. Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken gir i tillegg tal ned på kommunenivå.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Ingen
Næringsundersøkinga for Svalbard er delt etter standard for næringsgruppering SN2007 og omfattar næringane:
05-09 - Bergverksdrift og utvinning
10-33 - Industri
35 – Forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatn
36-39 – Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd
41-43 - Byggje- og anleggsverksemd
45-47 - Varehandel; reparasjon av motorvogner
49-53 - Transport og lagring
55-56 - Overnattings- og serveringsverksemd
58-63 - Informasjon og kommunikasjon
64-66 - Finansierings- og forsikringsverksemd
68 - Omsetning og drift av fast eigedom
69-75 - Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting
77-82 - Forretningsmessig tenesteyting
84 - Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting
85 - Undervisning
86-88 - Helse- og sosialtenester
90-93 - Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar
94-96 - Anna tenesteyting
Populasjonen er definert gjennom Bedrifts- og føretaksregisteret (VOF) og omfattar alle aktive bedrifter innanfor næringane som er omtala over. Kvalitetssikring av bedriftspopulasjonen blir gjennomført årleg i samarbeid mellom VOF, Longyearbyen lokalstyre og tilbakemeldingar frå bedriftene i revisjonsperioden. Næringsstatistikken for Svalbard gir ei oversikt over talet på bedrifter, utførte timeverk, sysselsetting, omsetning, lønnskostnader, offentlege tilskot, handelsvarer, kjøp av varer og tenester, og investeringar fordelte på hovudnæringsområde.
Primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske (01-03: SN2007) blir ikkje dekka i næringsstatistikken for Svalbard, sidan det ikkje er jordbruk og skogbruk på Svalbard. For detaljar om fangstvolum og -verdi i havområda utanfor Svalbard, viser vi til Fiskeridirektoratet sin statistikkbank: https://www.fiskeridir.no/Tall-og-analyse/Statistikkbanken. Her finst mellom anna detaljar om desse variablane for Fiskevernsonen rundt Svalbard og andre nærliggjande fangstsoner.
For ei bedrift byggjer statistikken på Næringsoppgåve (næringsspesifikasjon) og eventuelt årsrekneskap for føretaket.
Kvalitetssikring av data blir gjort med støtte frå desse kjeldene:
- Elektronisk innsende næringsoppgåver (næringsspesifikasjon) til Skattedirektoratet.
- Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
For å få hjelp med å hente inn opplysningane blir Bedrifts- og føretaksregisteret i Statistisk sentralbyrå brukt. Registeret blir oppdatert jamleg med opplysningar som gjeld for Svalbard, i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre, Einingsregisteret, ulike bransjeorganisasjonar og direkte frå det einskilde føretaket.
Populasjonen består av alle aktive bedrifter innanfor dei nemnde næringane i statistikkåret.
Datainnsamling
Skjema blir sendt ut i starten av mai med om lag 4 vekers svarfrist.
Bedrifter som ikkje svarar på den første førespurnaden, blir følgde opp skriftleg om lag 10 dagar etter at svarfristen har gått ut. Bedriftene som framleis ikkje svarar, får tvangsmulkt.
Editering
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.
Det blir utført kontrollar og rettingar av opplysningar som kjem frå bedriftene mot næringsoppgåver og årsrekneskap. Editering av datamaterialet blir utført etter kontrollar mot fjorårstal, Bedrifts- og føretaksregisteret, Rekneskapsregisteret i Brønnøysund, andre tilgjengelege kjelder og etter rådføring med oppgåvegivar når det er nødvendig. Sidan data blir frigitt tidlegare enn annan nasjonal statistikk, blir fjorårets tal grundig editerte ved publisering av endelege tal.
Berekningar
Alle føretak er med i populasjonen. Berekningar av populasjonstal byggjer på innrapporterte storleikar. For dei bedriftene som ikkje har sendt inn data, blir tal konstruerte ut frå næringsoppgåve eller årsrekneskap.
Ikkje relevant.
Grunna dominerande bedrifter på Svalbard er det fritak frå konfidensialitet for Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS. SSB publiserer ikkje tal dersom det er fare for at bidraget frå oppgåvegivar kan avslørast. Dette medfører at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom ein eller to oppgåvegivarar sitt bidrag utgjer einsvært stor del av celletotalen.
For å sikre konfidensialitet blir metoden undertrykking" nytta i denne statistikken.
Tilsette i SSB har teieplikt. SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykka, eller når opplysningane som avslørast er openbart tilgjengelege i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet 'Konfidensialitet' på SSBsside om metoder i offisiell statistikk.
Ved samanlikning mot tidlegare publiserte tal bør brukarane vere merksame på at eldre data kan ha blitt retta i samband med publiseringa av siste års statistikk. I tillegg kan oppdatering av næringskoder i Bedrifts- og føretaksregisteret føre til endringar for nokre av næringane.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
Målefeil kan oppstå når oppgåvegivaren misforstår eitt eller fleire av spørsmåla.
Tilarbeidingsfeil kan førekome, men vi har eit omfattande kontrollsystem for å unngå dette.
I skjemabaserte undersøkingar vil det normalt vere eit visst fråfall. Einingssfråfall ("ikkje-svar") kjem av forhold som nedleggingar, konkursar, fusjonar, fisjonar, ferie, nekting og liknande. Delvis fråfall (manglande svar på enkelte spørsmål) kan kome av forgløymingar, mangel på data eller andre forhold.
Fråfall av viktige einingar blir følgde opp i den manuelle etterkontrollen. Bedrifter som ikkje returnerer skjema, får tvangsmulkt. Bruk av tvangsmulkt reduserer fråfallet, men ikkje nødvendigvis usikkerheita dersom oppgåvegivarane til dømes vel å estimere tal berre for å unngå tvangsmulkta.
Variablane som inngår i statistikken er baserte på ei fullteljing. Utvalsfeil er difor ikkje relevant.
Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med næringsstatistikken for Svalbard. Bedrifts- og føretaksregisteret (VOF) blir brukt både til å definere populasjonen og til å hente inn kjenneteikn og opplysningar. Einingssregisteret i Brønnøysund (ER) blir brukt til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke usikkerheita i statistikken.
Det vanlege er feil som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep kan kome av forseinka rapportering til registera eller det faktum at endringar normalt blir registrerte noko tid etter at dei har inntreft. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, noko som til dømes kan føre til skeivskap i utvalet eller at utdaterte opplysningar blir nytta som datagrunnlag i statistikken.
Revisjon er planlagd endring av tal som alt er publiserte, til dømes ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebels tal. Sjå òg SSBs prinsipper for revisjon.