Dette kjem fram av statistikken Næringar på Svalbard. Totalt gjekk investeringane ned 37 prosent frå 2021 til 2022. Men i 2023 tok investeringane seg opp att og auka med 50 prosent frå året før. Auken utgjorde 285 millionar kroner.
I 2023 var det ein større oppgang i investeringane for fleire næringar. Størst oppgang målt i kroner var det i næringane innanfor forretningsmessig tenesteyting på 92 millionar. Dette utgjorde 165 prosent.
Nær femdobling for vitskap og teknikk
Målt i prosent er oppgangen størst i næringane innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting der oppgangen var på 483 prosent, som i kroner blir rundt 70 millionar.
Næringane innanfor informasjon, kommunikasjon og finansierings- og forsikringsverksemd kan òg vise til stor oppgang: 70 millionar kroner.
Investeringsveksten heng hovudsakleg saman med større investeringar innanfor fast eigedom og ny teknologi. I tillegg bidrog meir investeringar i maskiner, anlegg, ulike lausøyre og inventar til investeringsoppgangen dette året.
Omsetninga på Svalbard held fram å stige
Den totale omsetninga på Svalbard auka 11 prosent i 2023.
Det blei omsett for totalt 5,2 milliardar kroner. Den største omsetninga på 1 039 millioner hadde næringane innanfor informasjon og kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd, etterfulgt av næringane innanfor transport og lagring med ei omsetning på 1 026 millionar. Næringane innanfor industri, elektrisitets, gass, damp- og varmtvassforsyning har hatt størst prosentvis auke på heile 91 prosent frå 2022. Veksten utgjorde 96 millionar kroner.
Fleire årsverk
Talet på Utførte årsverk: I næringsundersøkinga for Svalbard tilsvarer eitt årsverk 1 687 timar. Definisjonen av utførte årsverk tar utgangspunkt i det samla talet på arbeidstimar utførte av lønnstakarar på arbeidsplassen, både innanfor og utanfor vanleg arbeidstid. Kortare kvilepauser blir inkluderte, medan tid brukt til transport mellom heim og arbeidsplass ikkje er med. gjekk opp med 7 prosent frå 2022, som tilsvarer 112 årsverk. Veksten var størst innanfor næringane forretningsmessig tenesteyting med 37 årsverk. Størst prosentvis oppgang hadde næringane innanfor Industri, elektrisitets, gass, damp- og varmtvassforsyning med 86 prosent, som utgjorde 28 årsverk.
Redusert kolsal hos Store Norske
Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG). Norsk, statseigd gruveselskap som sidan 1916 har drive den norske kolproduksjonen på Svalbard. minska omsetninga frå 150 millionar i 2022 til omtrent 120 millionar i 2023. Totalt selde Store Norske 83 000 bruttotonn kol i 2023, mot 110 000 året før.
All kolproduksjonen går i dag føre seg i Gruve 7 som er den einaste norske gruva i drift på Svalbard. Etter sommaren 2025 er denne gruva òg planlagt stengd.
I 2023 blei det seld mykje kol til Europa, som blir brukt i industriproduksjon. Aller mest gjekk til Tyskland. Tyske verksemder kjøpte 54 500 tonn i 2023, 200 tonn meir enn i 2022. Nytt for 2023 var at det ikkje blei selt noko kol til Danmark eller Sverige. Det blei selt kol til Latvia i 2023, og latviarane kjøpte 5 500 tonn i 2023. Svalbardianar: person busett på Svalbard sjølve nytta 23 000 tonn kol i 2023 til oppvarming.
Kolkraftverket i Longyearbyen stengde i oktober 2023 og er no reserveløysing for dieselkraftverket.