– Etableringstakta er den lågaste i noko 1. kvartal sidan 2013. Tek vi omsyn til veksten i folketalet, er årets 1. kvartal det svakaste sidan 2003, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Talet på nyetableringar fall særleg i delar av tenestenæringane det siste året. I private «helse- og sosialtenester», «undervising» og «kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar» var nedgangen på høvesvis 28, 30 og 32 prosent frå 1. kvartal året før. Offentlege helse-, sosialtenester og skular er ikkje med i tala.

Innan «bygge- og anleggsverksemd» og «omsetting og drift av fast eigedom» fell talet på nyetableringar frå fjorårets allereie låge nivå. Etableringstakta i desse næringane ligg no på same nivå som under finanskrisa i 2009.

Det vart etablert 17 prosent færre aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, og 28 prosent færre einskildpersonføretak, samanlikna med 1. kvartal 2023. Av alle nyetableringar i årets første kvartal var 45 prosent aksjeselskap, medan 52 prosent var einskildpersonføretak.

– Tendensen til å velje aksjeselskap som selskapsform ligg no på same nivå som under pandemien, eit historisk sett høgt nivå. Det tydar på at fleire vel ei selskapsform med avgrensa risiko i krevjande tider, seier Erik Fjærli.

Talet på nye føretak fall med mellom 22 og 24 prosent i alle landsdelar frå 1. kvartal året før. På Svalbard var fallet på 55 prosent, og vi må attende til finanskrisa i 2009 for å finne eit 1. kvartal med lågare etableringstakt der.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. 1. kvartal 2001-2024

Det er eit stort etterslep i registreringa av næringa til nye føretak, og etterslepet har vore stort heilt sidan starten av pandemien. Delen av nye føretak med ukjend næring er no redusert til om lag ein tredjedel sidan toppen i 2. kvartal 2022, men den er stadig så høg at fordelinga etter næring må tolkast varsamt. Det gjeld særleg ved samanlikningar bakover i tid.