Skatt for selskap

Oppdatert: 28. februar 2025

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Sum utlikna skatt
Sum utlikna skatt
2023
615
mrd. kr
 
Sum utlikna skatt for selskap
Sum utlikna skatt for selskap
2023
Talet på selskapBeløp (mill. kr)
Alle selskap408 119614 590
Petroleumsselskap1 34465 019
Alle selskap utanom petroleumsselskap1 408 119149 571
1Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland og petroleum skatteoppgjer. Eit petroleumsselskap vil derfor inngå både som "Petroleumsselskap" og som "Alle selskap utanom petroleumsselskap".
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Om statistikken

Skatt for selskap viser dei skattepliktige inntektene til selskapa og formue, skatt før frådrag, skattefrådrag og sum utlikna skatt for selskap totalt og etter næring.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 5. mars 2025.

Selskap

Selskap er upersonlege skatteytarar som har motteke eit skatteoppgjer.

Skatteoppgjer

Det er tre skatteoppgjer, fastland-, Svalbard- og petroleumsskatteoppgjer. Dersom eit selskap har to skatteforhold vil det få to skatteoppgjer. Det kan gjelda selskap som har skatteforhold både på fastland og til Svalbard, og for petroleumsselskap som har både fastland- og petroleumsskatteforhold.

Petroleumsselskap

Petroleumsselskap er selskap som driv leiting etter og utvinning av olje og gass på norsk kontinentalsokkel. Desse blir skattlagde etter petroleumsskattelova.

Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland- og petroleumsskatteoppgjer. Sokkeldistriktet av selskapet vil i statistikken omtalast som petroleumsselskap, medan landdistriktet blir inkludert i selskap med ordinær skattlegging.

Vasskraftselskap

Vasskraftselskap er selskap som blir skattlagde etter særreglane for kraftføretak i skattelova §§ 18-2 til 18-8.

Havbruksselskap

Havbruksselskap er selskap som har akvakulturløyve og skal dermed bli skattlagd grunnrenteskatt etter kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.

Skipsaksjeselskap

Skipsaksjeselskap er selskap som blir skattlagt etter særreglane i skattelova §§ 8-10 til 8-20. Dersom visse krav er oppfylt i samsvar med føresegnene i §§ 8-10 til 8-20, kan selskapet sjølv velja om dei skal skattleggjast etter dei særskilde reglane for skipsaksjeselskap eller etter dei ordinære skattereglane.

Finansselskap

Finansselskap er selskap som er pliktige til å betala finansskatt på lønn etter folketrydlova §23-2a eller har finansskatt på overskot, eller begge.

Selskap med ordinær skattlegging

Selskap med ordinær skattlegging er selskap som blir skattlagt etter dei ordinære skattereglane i skattelova. Det inkluderer skipsaksjeselskap og finansselskap som blir likna etter ordinære reglar, og dessutan selskap som blir omfatta av Svalbardskatteloven.

Eit petroleumsselskap består av eit landdistrikt og eit sokkeldistrikt som har høvesvis fastland- og petroleumsskatteoppgjer. Landdistriktet av selskapet er inkludert i selskap med ordinær skattlegging, medan sokkeldistriktet er i statistikken omtalt som petroleumsselskap.

Nettoformue

Nettoformue er positiv formue etter frådrag for gjeld, og dannar grunnlag for berekning av formuesskatt.

Alminneleg inntekt

Alminneleg inntekt omfattar skattbare inntekter fråtrekt skattemessige frådrag, og består av positiv og negativ alminneleg inntekt. Overskot eller positiv alminneleg inntekt dannar grunnlag for utlikning eller berekning av inntektsskatt, sjå positiv alminneleg inntekt.

Positiv alminneleg inntekt

Selskap betaler skatt av overskot, positiv alminneleg inntekt. Dette dannar grunnlag for berekning av inntektsskatt.

Positiv alminneleg inntekt for skipsaksjeselskap:

Skipsaksjeselskap er friteke for skatt på alminneleg inntekt, men inntekta blir skattlagd gjennom utdeling av utbytte til aksjonærane. I tillegg må selskapet skattast av positiv netto finansinntekt og andre skattepliktige inntekter.

Grunnlag særskatt

Grunnlag særskatt dannar grunnlag for berekning av særskatt, grunnrenteskatt, for petroleumsselskap, jf petroleumsskattelova § 5.

Grunnrenteinntekt for havbrukselskap

Grunnrenteinntekt for havbrukselskap dannar grunnlag for berekning av grunnrenteskatt, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd.

Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap

Grunnrenteinntekt for vasskraftselskap dannar grunnlag for berekning av grunnrenteskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-3.

Grunnlag for naturressursskatt

Grunnlag for naturressursskatt er grunnlag for berekning av naturressursskatt, jf. særreglane for kraftføretak i skattelova § 18-2.

Inntektsskatt

Inntektsskatt blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Alle selskap blir omfatta av inntektsskatt.

Inntektsskatt sokkel

Inntektsskatt sokkel blir utlikna til staten på grunnlag av positiv alminneleg inntekt frå petroleumsselskap, og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget.

Finansskatt på overskot

Inntektsskatt for finansselskap blir berekna på grunnlag av positiv alminneleg inntekt. Skattesatsen blir vedteken av Stortinget, og kommer på toppen av skattesats for alminneleg inntektsskatt.

Finansskatt på lønn

Finansskatt på lønn betales av finansselskaper på føretakets samlede arbeidsgiveravgiftspliktige lønnskostnader, hvor satsen vedtas av Stortinget.

Tonnasjeskatt

Tonnasjeskatt etter gjeldane satsar vedteke av Stortinget, gjeld for skipsaksjeselskap etter skattelova § 8-16.

Grunnrenteskatt

Grunnrenteskatt blir betalt på den ekstra fortenesta eit selskap kan få ved utnytting av ein felles naturressurs som tilhøyrer staten.

Særskatt

Særskatt er ein grunnrenteskatt for petroleumsselskap som blir berekna basert på grunnlaget for særskatt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. petroleumsskattelova § 5.

Grunnrenteskatt for havbruksselskap

Grunnrenteskatt for havbruksselskap blir berekna på grunnlag av grunnrenteinntekt og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget, jf. kapittel 19 i skattelova om særreglar ved skattlegging av havbruksverksemd. Grunnrenteskatt er fråtrekt produksjonsavgift fastsett etter særavgiftlova.

Grunnrenteskatt for vasskraftselskap

Grunnrenteskatt for vasskraftselskap beregnes på grunnlag av grunnrenteinntekt og til enhver tid vedtatt skattesats av Stortinget, jf. skatteloven §18-3.

Naturressursskatt

Naturressursskatt for vasskraftselskap blir berekna på grunnlag av grunnrenteinntekt for naturressursskatt og blir utlikna til kommunen og fylkeskommunen etter gjelda satsar, jf særreglane for kraftføretak i skattelova §18-2.

Formuesskatt

Formuesskatt blir utlikna til staten på grunnlag av skattepliktig formue og til kvar tid vedteken skattesats av Stortinget. Enkelte grupper av selskap er fritekne for skatt på formue i samsvar med skattelova § 2-36 nr. 1.

Skatt før frådrag

Skatt før frådrag er summen av skattar før frådrag blir trekt frå for å berekna den endelege skatten, sum utlikna skatt.

Sum frådrag

Sum frådrag viser den samla verdien av alle frådrag som kan trekkjast frå skatt for å berekna den endelege skatten, sum utlikna skatt.

Utbetalt særskatteverdi av underskota i år

Omlegging av særskatten til ein kontantstraumsskatt i 2022 inneber at petroleumsselskapa får utbetalt skatteverdien av underskot i særskattegrunnlaget i samband med skatteoppgjeret.

Kreditfrådrag

Kreditfrådrag er eit frådrag i skatt som kan krevjast etter skattelova § 16-20 og § 16-30.

Forskings- og utviklingsfrådrag

Forskings- og utviklingsfrådrag er eit frådrag i skatt for kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter skattelova § 16-40. Dersom det fastsette frådraget overstig skatt før frådrag, skal det overskytande beløp utbetalast.

Frådrag for naturressursskatt

Frådrag for naturressursskatt kan krevjast i utlikna inntektsskatt av vasskraftselskap etter skattelova § 18-2. Dersom naturressursskatten overstig inntektsskatt for inntektsåret kan det overskytande framførast til frådrag seinare år med rente som departementet fastset i forskrift.

Sum utlikna skatt

Sum utlikna skatt til staten er skatt før frådrag fråtrekt sum frådrag.

Negativ sum utlikna skatt

Eit selskap har negativ sum utlikna skatt dersom sum frådrag overstig skatt før frådrag. Det betyr at selskapet ikkje skal betala skatt til staten, men får beløpet utbetalt.

Talet på selskap

Talet på selskap er det samla talet selskap som inngår i ein tabell.

Talet på selskap i skatteposisjon

Talet på selskap i skatteposisjon er selskap som har skatt før frådrag, som inngår i ein tabell.

Talet på selskap i formuesskatteposisjon

Talet på selskap i formuesskatteposisjon er selskap som har positivt beløp i formuesskatt, som inngår i ein tabell.

Næringsgruppe er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs tilsvarande standard (NACE Rev. 2).

Selskap som driv aktivitet i fleire bransjar, er prinsipielt gruppert etter det føretaket som bidreg mest til den samla bearbeidingsverdien i selskapet.

Namn: Skatt for selskap

Emne: Bedrifter, føretak og rekneskap

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for rekneskapsstatistikk og BoF

Nasjonalt nivå og den norske kontinentalsokkelen.

Årleg

Data blir rett innhenta etter ordinær likningsbehandling, dvs. 10 månader etter teljeåret, og statistikken blir publisert 2 månader seinare.

Ikkje relevant

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Skattestatistikken viser skattepliktige inntekter og formue, skatt før frådrag, skattefrådrag og sum utlikna skatt for selskap totalt og etter næring. Skatten og frådraga er fordelte etter skattereglar.

Statistisk sentralbyrå har sidan 1884 utarbeidd årleg statistikk over kommuneskattelikninga og frå 1936 også over statsskattelikninga. Statistikken er presentert årleg frå 1976 i sin noverande form. I samband med skattereforma i 1992 vart det store endringar i skattereglane. Ved samanlikning av tal for utlikna skatt over tid, må regelendringar takast med i betraktninga. Det er gjennomført fleire andre regelendringar for selskap i tillegg til skattereforma. Mellom anna vart føresegnene om stadsbunden skattlegging oppheva frå og med inntektsåret 1998.

Formålet med statistikken for oljeselskap er å visa omfanget til petroleumsskattelova. Statistikken er publisert årleg sidan 1985. Dei utanlandske selskapa som yter tenester på norsk sokkel er inkluderte i selskap med ordinær skattlegging og blir ikkje rekna som petroleumsselskap frå og med 2018.

Skattestatistikken for kraftverk viser i kva utstrekking skattereglane kjem til bruk og deira virkemåte for vasskraftselskap. Statistisk sentralbyrå har laga skattestatistikk for vasskraftverk årleg sidan inntektsåret 1997 då nye reglar for skattlegging av kraftverk vart innført. Reglane erstatta dei tidlegare føresegnene om prosentinntekt og formuesskatt for kraftselskap.

Skattestatistikk for reiarlag vart etablerte frå og med inntektsåret 1996 då dei særskilde skattereglane for skipsaksjeselskap vart innførte. Statistikken gir innsikt i kor utbreidd den frivillige ordninga for skipsaksjeselskap er, og dessutan korleis dei særskilde reglane fungerer i praksis. Dersom visse krav er oppfylt i samsvar med føresegnene i §§ 8-10 til 8-20, kan selskapet sjølv velja om dei skal skattleggjast etter dei særskilde reglane for skipsaksjeselskap eller etter dei ordinære skattereglane.

I 2007 vart skattestatistikk for etterskotspliktige, skattestatistikk for kraftverk, inntektsstatistikk for oljeselskap og skattestatistikk for reiarlag slått saman til ein statistikk, Skatt for selskap.

Frå og med Skatt for selskap 2017 er selskap som betaler finansskatt skilt ut som eigen skatteregel og blir ikkje rekna som selskap med ordinær skattlegging.

Havbruksselskap som har akvakulturløyve blir skattlagd for grunnrenteskatt frå inntektsåret 2023.

Sentrale brukarar av statistikken er Finansdepartementet, forskingsmiljø både internt og eksternt og dessutan media. Statistikken blir nytta til å klargjera verknaden av endringar i skattereglane, provenyeffektar og generell skatteforsking. Resultata frå statistikken blir mellom anna nytta i nasjonalrekneskapen og statsbudsjettet.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Ein del av tala frå Skatt for selskap inngår også i Selskapers inntekter og frådrag.

Selskapa som inngår i rekneskapsstatistikken Regnskap for ikkje-finansielle aksjeselskap, inngår også i Skatt for selskap. Rekneskapsstatistikken har informasjon om resultatrekneskap og balanse, noko som ikkje blir omfatta av Skatt for selskap.

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk 2024-2027, hovudområde Verksemder, føretak og rekneskap, delområde Skatt for næringsverksemd.

Ikkje relevant

Statistikken omfattar alle selskap som får skatteoppgjer upersonleg. Det inkluderer hovudsaklege aksjeselskap, men også foreiningar, samvirkelag, filialar av utanlandske selskap, institusjonar, andelslag, verdipapirfond, bustadbyggjelag, sparebankar med meir.

Statistikken byggjer på opplysningar frå skatteoppgjeret for upersonlege. Informasjon om mellom anna næring blir henta frå Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister (BoF). Opplysningar om finansskatt på lønn blir innhenta gjennom a-ordninga. Grunnrenteinntekt for havbruk blir berekna på bakgrunn av opplysningar henta frå skattemelding for upersonlege.

Statistikken nyttar totalteljing.

Datainnsamling

Statistisk sentralbyrå innhentar opplysningar frå skatteoppgjeret for upersonlege via API frå Skatteetatens modernisert skatteoppgjer (Sirius) om selskap etter at skatteberekningar er gjennomførte. I prinsippet blir opplysningane henta inn før eventuelle klage- og endringssaker. Slike saker kan likevel gå over lang tid, og av omsyn til aktualiteten blir opplysningane henta inn etter ordinær likning. Datainnsamlinga blir gjennomført i november året etter inntektsåret som blir dekt.

Etter at data er samla inn til Statistisk sentralbyrå og kontrollert, blir informasjon om mellom anna næring frå Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister (BoF) kopla på datasettet. Opplysningar om finansskatt på lønn blir innhenta gjennom a-ordninga.

Grunnrenteinntekt for havbruk blir berekna på bakgrunn av opplysningar henta frå skattemelding for upersonlege via API.

Editering

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.

Både Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå gjennomfører ei rekkje kontrollar for å sikra at opplysningane er riktig registrerte.

Skatteetaten bereknar skattar på bakgrunn av opplysningar frå skattemeldinga til selskapa som blir send Skatteetaten frå eit rekneskapssystem eller eit årsoppgjersprogram.

Statistisk sentralbyrås revisjonsrutinar kontrollerer mellom anna at det er samsvar mellom skattegrunnlaga og utlikna skattar og at opplysningane stemmer med andre tilgjengelege datakjelder.

Berekningar

Statistikken blir berekna ved å telja alle einingar med ein bestemd eigenskap, t.d. talet på selskap i skatteposisjon, og ved at ein bestemd eigenskap for alle einingar i statistikken blir summert opp, t.d. inntektsskatt.

Ikkje relevant

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

For å sikre konfidensialitet blir metoden undertrykking nytta i denne statistikken.

Totaltala i statistikken er samanliknbare tilbake til 1976. I samband med skattereforma i 1992 vart det store endringar i skattereglane. Det er gjennomført fleire andre regelendringar i skattlegginga av selskap i tillegg til skattereforma. Mellom anna vart nye reglar for skipsaksjeselskap innført i 1996 og for vasskraftselskap i 1997, og dessutan at føresegnene om stadsbunden skattlegging vart oppheva frå og med inntektsåret 1998. Endringane i skattesystemet blir reflektert i datagrunnlaget og kan påverka kontinuiteten i tidsseriane. Det må derfor takast omsyn til regelendringar i løpet av perioden når data blir samanlikna over tid. Ved samanlikning av tal for ulike år vil også endringar i næringsplassering og strukturelle endringar i ulike næringar kunne påverka tala.

Innføringa av ny skatteforvaltningslov med gyldigheit frå inntektsåret 2017 har ført til endring i Skatteetatens behandling av naturressursskatten. Naturressursskatt skal betalast til kommunen og fylkeskommunen der vasskraftverket er lokalisert, men blir ført frå inntektsåret 2017 til rekneskapskommunen til selskapet i skatteoppgjeret for upersonlege. Dette har medført ein stor nedgang i talet på observasjonar.

Frå og med skatt for selskap 2017 er selskap som betaler finansskatt skilt ut som eigen skatteregel og blir ikkje rekna som selskap med ordinær skattlegging.

Dei utanlandske selskapa som yter tenester på norsk sokkel er inkluderte i selskap med ordinær skattlegging og blir ikkje rekna som petroleumsselskap frå og med 2018.

Havbruksselskap som har akvakulturløyve blir skattlagd for grunnrenteskatt frå inntektsåret 2023.

Skatteetaten la om til ny skattemelding for upersonlege frå og med inntektsåret 2023 der dei tidlegare RF-skjemaa blir erstatta av skattemelding og næringsspesifikasjon. Alle selskap skal levera skattemeldinga gjennom eit rekneskapssystem eller årsoppgjersprogram.

Statistisk sentralbyrå har som følgje av Skatteetatens omlegging valt å publisera statistikken Skatt for selskap i ny drakt. Ein konsekvens av dette er at tabellane ikkje kan samanliknast med tabellane som ligg som avslutta seriar i Statistikkbanken, mellom anna fordi populasjonen er endra.

Det kan oppstå feil i utfyllinga av skattemeldinga frå selskapets side. I tillegg kan det oppstå feil både hos Skatteetaten og hos Statistisk sentralbyrå ved registrering og bearbeiding av materialet. Beløp som ikkje ligg til grunn for utlikning av skatt, mellom anna negative inntekter (underskot), er hefta med større uvisse enn grunnlaga for utlikning av skatt. I hovudsak blir kontrollarbeidet konsentrert om eventuelle feil som har mykje å seia for storleiken på totaltala, noko som kan medføra at opplysningar om enkeltselskap kan innehalda feil som har mindre å seia for totalen.

Registeret til Skatteetaten blir fortløpande oppdatert. På grunn av klage- og endringssaker hos Skatteetaten etter ordinær likning, kan det oppstå endringar etter at av Statistisk sentralbyrå har innhenta opplysningar frå skatteoppgjeret for upersonlege via API. Slike endringar er ikkje tekne omsyn til når statistikken blir publisert.

Ved påkopling av opplysningar frå Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister (BoF), a-ordninga eller skattemelding upersonleg blir brukt organisasjonsnummer som koplingsnøkkel. Dersom selskap er registrert med feil organisasjonsnummer, vil dermed feil opplysningar koplast på.

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Kontakt