Variabeldefinisjon
Jordbruksbedrift
Norwegian (bokmål) English | |
Namn | Jordbruksbedrift |
---|---|
Definisjon | Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenteret på ein landbrukseigedom. |
Gyldig frå | 1999-07-31 |
Gyldig til | |
Eigar | 430 - Seksjon for primærnæring |
Kommentarar | Jordbruksbedrift blei tidlegare kalla «bruk» eller «driftseining». F.o.m. 2003 blir nemninga «jordbruksbedrift» nytta i SSB sin jordbruksstatistikk. Statistikken omfattar bedrifter med dyrking av jord- og hagebruksvekstar og husdyrhald. Bedrifter som berre tilbyr tenester knytt til jordbruk eller etterbehandling av vekstar etter innhausting, inngår ikkje i jordbruksstatistikken. I jordbruksstatistikken blir nemninga «brukar» nytta om den eller dei som er ansvarlege for drifta av ei jordbruksbedrift. I Verksemd- og føretaksregisteret og Einingsregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av einskildpersonføretak eller som eigar eller deltakar i eit selskap, f.eks. aksjeselskap, ansvarleg selskap eller selskap med delt ansvar. Før 1999 blei jordbruksbedrifta avgrensa til verksemd innanfor ein kommune. Ved t.d. leige av tilleggsjord i ein nabokommune blei denne jorda rekna som ei eiga driftseining. Før 1999 blei mesteparten av jordbruksstatistikken ved publisering avgrensa til jordbruksbedrifter med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Nesten alt jordbruk drive som næring fant stad i desse bedriftene. F.o.m. 1999 omfattar statistikken alle jordbruksbedrifter, uavhengig av storleiken på jordbruksarealet. |
Statistisk eining | Verksemd |
Ekstern kjelde | Eurostat-forordning |
Statistikkemne | 10.04.10 - Jordbruk, jakt, viltstell |
Sensitivitet | Sensitiv |
Lenket til Variabeldefinisjon |
Landbrukseigedom
|
Lenka til Statistikkbanktabellar |
10715: Jordbruksbedrifter med leige av jordbruksareal og leigd jordbruksareal med eller utan kontrakt (F)
10714: Jordbruksbedrifter med kufjøs, kuplassar og mjølkerobotar (F) 10713: Jordbruksbedrifter med korntørke og høytørke (F) 10712: Jordbruksbedrifter med/utan driftsbygning og grunnflate på driftsbygningar (F) |