I 2023 vart det inngått i underkant av 20 000 ekteskap. Det er litt færre enn året før, og omtrent på nivå med 2019.

– Nedgangen i talet på vigslar handlar nok om at vi er attende på eit normalt nivå, medan vi i 2022 såg ei viss opphenting frå dei låge tala under pandemien, seier demograf Anders Sønstebø i SSB.

Figur 1. Vigslar, skilsmisser og separasjonar

– Det var nok mange som valde å utsetje bryllaupet til pandemien var over, og det gav ein litt kunstig auke i talet på vigslar i 2022. At dette har normalisert seg i 2023, er derfor ikkje uventa, seier Anders Sønstebø.

Både antal separasjonar og skilsmisser auka samanlikna med dei to føregåande åra, og låg i 2023 på respektive 9200 og 8500.

40 år og nygift

Gjennomsnittsalderen for kvinner som gifta seg i 2023 var 37 år, medan menn i snitt var 40 år ved inngått ekteskap.

Ser vi berre på dei som giftar seg for første gong, er snittalderen 35 år for kvinner, og 37 år for menn. Dette er høgare enn nokon gang før.

Figur 2. Gjennomsnittsalder førstegangsvigde

Vi blir altså eldre og eldre før vi vel å inngå ekteskap. Dette er ingen ny trend, men noko vi har sett over tid. Samanliknar vi med tal ti år attende er forskjellen likevel tydeleg. Då var snittalderen for førstegangsvigde tre til fire år lågare enn i dag.

– Det finst mange grunnar til at ein i dag ventar lenger med å inngå ekteskap. Vi tek lengre utdanning og konsentrerer oss om andre ting, som jobb og karriere. For dei fleste er det heller ikkje like viktig å gifte seg før ein får born, seier Sønstebø.

Separasjon vanlegast blant dei unge

Det er framleis vanlegast å ta ut separasjon når ein er i 20-åra. Ser vi på antal separasjonar per 1 000 gifte personar er dette høgast hjå dei yngre, medan det vert gradvis mindre vanleg dess eldre ein blir.  Blant dei over 50 år er det spesielt vanleg å halde saman.

– Det heng nok saman med kvar ein er i livet. Mange av dei som tek ut separasjon i 20-åra, gifta seg nok ganske tidleg. Det er vanleg at ein forandrar seg meir i løpet av 20-åra, enn når ein er over 50, seier Sønstebø.

Figur 3. Separasjonar per 1000 gifte menn og kvinner