33459_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33459
Positivt og negativt for industrien
statistikk
2000-10-26T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Positivt og negativt for industrien

Leiarane i industrien ser positivt på utsiktene for 4. kvartal. Utviklinga i 3. kvartal viser om lag uendra produksjon og ordretilgang - noko svakare enn venta. Situasjonen er prega av store forskjellar mellom bransjane der dei tradisjonelle eksportretta bransjane synast å vere vinnarane.

Industrileiarane vurderer utsiktene på kort sikt som positive, viser Statistisk sentralbyrå sitt konjunkturbarometer. Bak denne vurderinga ligg mellom anna ei moderat utvikling i produksjon gjennom 3. kvartal med høg aktivitet i nokre av bransjane, ei viss betring i ordretilgang frå heimemarknaden og noko svakare på eksport og noko betre prisar. Framleis er det verkstadindustrien som set preg på det totale biletet for industrien. Bransjane i verkstadnæringa slit med svak produksjonsutvikling - særskilt i den offshore-retta delen av næringa. I nokre av bransjane har utviklinga vore meir positiv. Trass i motgang vurderer eit fleirtal av føretaka i verkstadnæringa utsiktene som positive. Grunnlaget for dette er knytt til venta auke i produksjon og ordretilgang. Fleire av føretaka har i år fått tildelt kontraktar i Nordsjøen, og nye utbyggingsprosjekt er aktuelle. Venta auke i ordretilgang på sikt er derfor truleg ein viktig del av grunnlaget for optimismen. Lang tid mellom tildeling av kontraktar og oppstart i byggeprosjekta gjer at produksjonsutviklinga let venta på seg.

Oppgang for tradisjonell eksport

Det var berre små endringar i produksjonen i 3. kvartal - noko svakare enn venta. Industrien er kjenneteikna av store forskjellar, der dei tradisjonelle eksportretta bransjane går svært godt.

Mange av bransjane som produserer innsatsvarer (inklusive tradisjonell eksportretta industri) har hatt ei svært god utvikling med auke i produksjon og etterspurnad. Kjemiske råvarer, treforedling, metallindustri og trelast er nokre av desse. For desse bransjane ligg kapasitetsutnyttinga på vel 82 prosent - klårt høgare enn på same tid i fjor. Også sysselsettinga ser ut til å vere i oppgang etter eit vendepunkt i starten av 1999. Ordretilgangen har hatt ei positiv utvikling gjennom lengre tid prega av ein sterk oppgang i prisane på eksport. Utvikling i prisane har dempa seg noko, men ligg framleis høgt for mange av desse bransjane.

Samla sett har bransjar som produserer investeringsvarer hatt ei klårt svakare utvikling i produksjonen - eit bilete sterkt påverka av utviklinga i verkstadnæringa. Situasjonen har stabilisert seg og det finst positive teikn. For bransjar som produserer konsumvarer var produksjonen om lag uendra - som venta. Også her har aktivitetsnivået vore relativt stabilt gjennom lengre tid.

For industrien samla sett ligg kapasitetsutnyttinga relativt stabil omkring 80 prosent.

Svakare etterspurnad - auka konkurranse

Industrien slit framleis med svak etterspurnad og/eller auka konkurranse - særskilt i heimemarknaden. Dette er òg den klårt viktigaste faktoren som hindrar vidare utvikling i produksjonen. Sju av ti føretak peikar på slike problem i 3. kvartal. Forholdet var det same i fjor, mens berre fem av ti foretak peikte på dette i 1997. Også her er det verkstadindustrien som set preg på biletet og situasjonen er klårt meir positiv når ein ser på andre einskilde bransjar.

Innanfor bransjar som til dømes treforedling, trelast og kjemiske råvarer er svak etterspurnad for tida eit lite relevant problem. I desse bransjane er det kapasiteten i bedriftene som skapar vanskar. Maskin- og anleggskapasiteten vil ved eit høgt aktivitetsnivå vere ein flaskehals for produksjonen. For industrien samla er det 7 prosent av føretaka som har slike problem. Delar av industrien erfarer også tendensar til press i arbeidsmarknaden, det vil seie vanskar med å rekruttera kvalifisert arbeidskraft. 9 prosent av føretaka melder om slike problem, mens delen var på 5 prosent på same tid i fjor og 10 prosent i 1998. Industrileiarane ventar at omfanget av slike problem vil auke noko utover i 4. kvartal.

Vurdering av bransjar for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Næringsmiddel-, drikkevare- og tobakksindustri -(+) Produksjon, ordretilgang og sysselsetting viste svak utvikling i 3. kvartal; kapasitetsutnyttinga om lag uendra; problem med etterspurnad og konkurranse - særskild i norsk marknad; ordrebehaldninga er låg jamført med produksjon; prisutviklinga noko svakare enn venta. Ser positivt på utsiktene for 4. kvartal.
Trevareindustri +(+) Stor aktivitet i 3. kvartal - oppgang i produksjon og ordretilgang frå heimemarknaden, men aktiviteten noko svakare enn i førre kvartal; ordrebehaldninga er god; sterk auke i råvarelager; bransjen slit med mangel på arbeidskraft; noko betre prisar i heimemarknaden. Bransjen ser positivt på utsiktene for komande kvartal.
Treforedling ++ Stabil produksjon på høgt nivå; auke i ordretilgang frå eksport, men svak utvikling i norsk marknad; høg kapasitetsutnytting - seks av ti føretak har full kapasitetsutnytting; tre av ti har kapasitetsvanskar; sterk auke i prisar; solide ordrebehaldningar. Optimisme i vurderinga av utsiktene på kort og lengre sikt.
Kjemisk råvarer ++ Auke i produksjon og i ordretilgang frå eksport, men svak utvikling i norsk marknad; ordrebehaldninga er høgare enn normalt jamført med produksjon; kapasitetsutnyttinga er på svært høgt nivå; tre av ti føretak har kapasitetsvanskar; sterk auke i prisane på eksport, noko svakare i norsk marknad. Ser positivt på utsiktene for 4. kvartal og sterk optimisme på noko lengre sikt.
Metallindustri, ikkje-jernhaldig ++(-) Produksjon opp, men svakare enn i dei førre kvartala i år; kapasitetsutnyttinga lågare enn på same tid i fjor; auka lager av råvarer; sterk auke i etterspurnaden frå eksport - meir moderat på heimemarknaden; store ordrebehaldningar; klårt betre prisar på eksport, men svak utvikling i norsk marknad. Bransjen har positiv totalvurdering av utsiktene for komande kvartal.
Verkstadindustrien, samla -(+) Totalbilete er prega av svak etterspurnad frå norske marknader. Fleire av bransjane vurderer utsiktene som betre enn på lenge.
Metallvarer +(-) Bransjen slit enno etter nedgangen i 1999, men nokre positive teikn; auke i produksjon og ordretilgang frå heimemarknaden; betring i ordrebehaldninga, men reservane er jamvel låge jamført med noverande produksjonsnivå; svake prisar. Ser positivt på utsiktene for komande kvartal.
Maskinvarer - Få teikn på betring; svak utvikling i produksjon og ordretilgang; ordrebehaldningane er svake; kapasitetsutnyttinga er den lågaste på lenge; bransjen slit med svak etterspurnad - særskilt i norsk marknad; svak utvikling i prisar. Ventar betring i produksjon og etterspurnad.
Elektroteknisk og optisk industri +/- Eit brukbart kvartal for bransjen; moderat auke i produksjon og gunstig utvikling i ordretilgang; god utvikling i ordrebehaldningane på eksport, men reservane er jamvel låge jamført med noverande produksjonsnivå; auka kapasitetsutnytting; svake prisar. Ser positivt på utsiktene, men ventar ikkje vesentlege endringar i produksjon eller etterspurnad.
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri --(+) Svak produksjonsutvikling og låg aktivitet; kapasitetsutnyttinga noko ned; betring i etterspurnaden frå heimemarknaden, men ordrereservane er svake jamført med noverande produksjonsnivå; noko betre prisar. Bransjen har ei positiv vurdering av utsiktene på kort sikt, men vesentleg betring synast å liggje noko fram i tid.
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Fylgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
~
-
--
-(+)
+/-
Meget god
God
På det jamne
Svak
Meget svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut