Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Negative signal frå industrien
Leiarane i industrien ser positivt på utsiktene for 4. kvartal, men færre viser slik optimisme som i førre kvartal. Utviklinga i 3. kvartal viser om lag uendra produksjon og redusert ordretilgang. Det er spesielt tradisjonell eksportretta industri som viser teikn til svakare utvikling.
For industrien samla sett blir 3. kvartal vurdert som negativt. Det blir rapportert om uendra produksjon, redusert sysselsetjing og lågare ordretilgang både frå heime- og eksportmarknaden. Den samla ordrebehaldninga er òg redusert. Prisutviklinga har vore positiv på heimemarknaden, men klart negativ for eksportmarknaden. Kapasitetsutnyttinga innan industrien har vore om lag uendra på omkring 80 prosent.
Det generelle utsynet for det komande kvartalet blir vurdert som positivt. Det er likevel ein nedgang i talet på leiarar som ventar ei betring. Mange rapporterer at dei justerer ned sine planar for realinvesteringar, og ein ventar vidare nedgang i sysselsetjinga.
Vi ser ingen klare teikn til at terroren i USA og dei pågåande militære operasjonane gjev store utslag i resultata frå industrien. Dette kan kome av at mange av resultata var mottekne kort tid etter terrorangrepet, og at få av leiarane kunne sjå konsekvensane for eiga næring. Vi ser ikkje bort frå at hendingane vil få større konsekvensar på noko lengre sikt.
Innsatsvarer: Svikt i etterspurnaden
Bransjar som produserer innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire)
viser mange negative teikn. Produksjonen vart lågare i 3. kvartal, saman med ordretilgang og sysselsetjing. Leiarane rapporterer om problem med etterspurnaden og mange av bransjane har låge prisar på produkta sine på verdsmarknaden. Kapasitetsutnyttinga ligg no på omkring 80 prosent, som er om lag uendra frå førre kvartal.
Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som dårlegare. Dette er knytt til forventningar om lågare prisar og noko lågare ordretilgang frå eksportmarknaden. Det er òg venta ein nedgang i sysselsetjinga. Svikt i etterspurnaden blir rekna som den største avgrensande faktoren for produksjonen.
Investeringsvarer: Auka produksjon
Industribransjar som produserer investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer, skipsverft med fleire) har auka produksjonsvolumet i 3. kvartal. Det har vore ein auke i sysselsetjinga og i kapasitetsutnyttinga som var på om lag 83 prosent. Mangel på kvalifisert arbeidskraft har vore ein viktig avgrensande årsak i produksjonen, og dette vil venteleg også gjelde for 4. kvartal. Ordretilgangen frå eksportmarknaden har vore om lag uendra i 3. kvartal og behaldninga av eksportreservar er for tida lågare enn normalt
Det generelle utsynet for komande kvartal er vurdert som betre enn for 3. kvartal av mange leiarar. Dei ventar ein auke i produksjonen, auke i ordretilgangen og i prisnivået på heimemarknaden. Eksportprisane er venta å bli om lag uendra.
Konsumvarer: Ventar lågare sysselsetjing
I 3. kvartal vart produksjonen om lag uendra for industribransjar som produserer konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk-industri med fleire). Det er vidare meldt om stabil ordretilgang og høgare prisnivå på heime- og eksportmarknaden i 3. kvartal.
Færre leiarar melder om problem med tilgang på råstoff. Det er fleire som peikar på etterspurnaden på heimemarknaden som ein avgrensande faktor for produksjonen.
For 4. kvartal er det generelle utsynet om lag uendra, og ein legg til grunn moderat auke i produksjon og etterspurnad. Ein ventar ein reduksjon i sysselsetjinga innan disse bransjane samla sett. Prisauke på heime- og eksportmarknaden vert venta i 4. kvartal.
Vurdering av bransjer for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt |
Bransje | Utsikter | Bakgrunn | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk | +/- | Det generelle utsynet er uendra. Produksjon og kapasitetsutnytting synte stabil utvikling i 3. kvartal. Færre peiker på tilgongen på råstoff som eit problem. Forventning om prisvekst for komande kvartal. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trevareindustri | -(+) | Svak prisutvikling i heime- og eksportmarknaden; lågare ordretilgang. Forventning om auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Positiv vurdering av det generelle utsynet for komande kvartal. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling | - | Framleis svak etterspurnad frå eksportmarknaden. Svært mange leiarar rapporterer om lågare produksjon og sysselsetjing. Utsiktene for det komande kvartalet er negative (låg produksjon og låge priser). Forventning om prisauke på noko lengre sikt. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemisk råvareindustri | - | Det generelle utsynet ser dårlegare ut for det komande kvartalet. Bilete er prega av forventningar om lågare produksjon, sysselsetjing og kapasitetsutnytting. Leiarane melder om etterspurnadsproblem og auka konkurranse i EU-marknader. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustrien, ikke-jernholdig | - | Etterspurnadssvikt og lågt prisnivå i eksportmarknaden; auka konkurranse i EU-marknader. Svært mange leiarar vurderer det generelle utsynet for komande kvartal som dårlegare. Forventning om nedgang i kapasitetsutnytting og produksjon. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Verkstadindustrien, i alt | + | Samla sett for verkstadindustrien ser vi auke i produksjon og i kapasitetsutnytting. Det er forventningar om vidare auke i komande kvartal. Forventning om auke i heimemarkedsprisane samt stabile eksportprisar. Mangel på arbeidskraft er framleis eit problem. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallvarer | +(-) | Stabil produksjon og auka ordretilgang; det generelle utsynet er positivt. Det er framleis vanskar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Forventningar om produksjonsauke for komande kvartal. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinvarer | + | Auke i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang; det generelle utsynet er framleis positivt. Mange leiarar melder om problem med å skaffe nok arbeidskraft. Forventning om uendra prisar i 4. kvartal. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektroteknisk og optisk industri | + | Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing; den positive utviklinga er venta å halde fram i 4. kvartal. Det har vore ein auke i prisane både i eksport- og heimemarknaden, men på sikt er det venta at eksportprisane vil falle. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri | + | Forventning om framleis auke i produksjon og i ordrebehaldning; stor optimisme i vurderinga av det generelle utsynet på kort sikt. Færre enn i førre kvartal melder om mangel på arbeidskraft. I 4. kvartal er det venta nedgang i prisane på eksportmarknaden. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn.. Fylgjende kodar/konstellasjonar blir nytta: |
++
+ ~ - -- -(+) +/- |
Meget god
God På det jamne Svak Meget svak Svak, men med einskilde positive teikn Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Edvard Andreassen
E-post: edvard.andreassen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 32
-
Ståle Mæland
E-post: stale.maeland@ssb.no
tlf.: 95 05 98 88