Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Negative signal frå industrien
Samla resultat for 3. kvartal 2002 syner at den gryande optimismen frå førre måling er i ferd med å forsvinne. Særleg er det bransjar innanfor produksjon av investeringsvarer som medverkar til denne utviklinga. Stadig færre trur på auke i eksportprisane.
For industrien samla sett blir utviklinga i 3. kvartal vurdert som negativ. Det blir rapportert om moderat nedgang i samla produksjonsvolum, og sysselsetjinga held fram med å falle. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting er om lag 79 prosent. Mangel på kvalifisert arbeidskraft ser ikkje lenger ut til å vere ein viktig avgrensande faktor for produksjonen. Samla ordretilgang frå heimemarknaden syner merkbar nedgang frå førre kvartal, medan etterspurnaden frå eksportmarknaden også held fram med å falle. Stadig fleire leiarar melder at veksande konkurranse i EU-marknaden verkar avgrensande for produksjonen. Lågt prisnivå i eksportmarknaden utgjer framleis eit stort problem for industrien.
Det generelle utsynet for industrien på kort sikt blir vurdert som negativt. Det er forventing om lågare produksjonsvolum og kapasitetsutnytting, og fleire leiarar melder at auka konkurranse på EU-marknaden vil vere ein avgrensande faktor for produksjonen. Planane for realinvesteringar og framtidig sysselsetjingsnivå blir justert ned. I tillegg aukar talet på leiarar som trur på lågare ordretilgang og prisnivå i eksportmarknaden. På mellomlang sikt er det stadig færre som ventar auke i eksportprisane.
Innsatsvarer: Aukande pessimisme på kort sikt
Bransjar som produserer innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire)
melder om stabil utvikling i kapasitetsutnytting og produksjonsvolum. Samla sysselsetjingsnivå held fram med å falle. Fleire leiarar melder om kapasitetsvanskar som ein avgrensande faktor for produksjonen, medan færre seier det same om konkurransetilhøva i heimemarknaden. Lågare etterspurnad i heimemarknaden blir i stor grad vege opp av ein moderat auke i ordretilgangen frå eksportmarknaden.
Det generelle utsynet på kort sikt blir vurdert som dårlegare. Dette er i hovudsak knytt til forventingar om negativ prisutvikling i eksportmarknaden. På mellomlang sikt trur ein at eksportprisane vil halde fram med å falle.
Investeringsvarer: Sviktande etterspurnad og lågare prisar
Industribransjar som produserer investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer, skipsverft med fleire) melder om reduksjon i kapasitetsutnytting og produksjonsvolum. Auken i sysselsetjinga syner teikn til å stagnere, og det er stadig færre som reknar mangel på kvalifisert arbeidskraft som ein avgrensande faktor for produksjonen. Ordretilgangen frå heimemarknaden er markant lågare enn i førre kvartal, og etterspurnaden frå eksportmarknaden held fram med å vere svak. Den negative utviklinga i ordretilgangen kjem også til uttrykk i form av stadig lågare priser både heime og ute.
Det generelle utsynet for komande kvartal blir vurdert som negativt av svært mange leiarar. I tillegg til svikt i etterspurnad og lågare prisar, ventar dei nedgang i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Fire av fem leiarar melder at svakare etterspurnad og skjerpa konkurranse vil vere ein avgrensande faktor for produksjonen. På mellomlang sikt trur ein at prisane vil halde fram med å falle.
Konsumvarer: Små endringar frå førre kvartal
Industribransjar som produserer konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om stabil produksjon og veksande kapasitetsutnytting. Samla ordrebehaldning er om lag uendra frå førre måling, men fleire leiarar peiker på veksande konkurranse i heimemarknaden som ein faktor som avgrensar produksjonen. Lågt prisnivå i eksportmarknaden utgjer framleis eit stort problem for enkelte bransjar.
Det generelle utsynet for komande kvartal er svakt positivt, og det er inga store endringar frå førre måling. Det blir registrert ein merkbar auke i talet på leiarar som ventar høgare produksjonsvolum på mellomlang sikt.
Kommentar til resultat frå trendberekning:
Låge verdiar for endepunkta til nokre av dei ujusterte tidsseriane verkar merkbart inn på trendjusterte resultat frå tidlegare målingar.
Vurdering av bransjar for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt |
Bransje | Utsikter | Bakgrunn | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk | + | Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Leiarane melder om høgare ordretilgang. Heimemarknadsprisane stig, medan det er svak prisutvikling på eksportmarknaden. Det generelle utsynet blir vurdert som betre. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trevareindustri | +(-) | Auka produksjon, men færre leiarar melder om dette. Svak prisutvikling i heime- og eksportmarknaden; lågare ordrebehaldning. Positiv vurdering av det generelle utsynet for komande kvartal. Forventing om auke i produksjon og kapasitetsutnytting. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling | - | Framleis svak produksjonsutvikling og kapasitetsutnytting. Redusert sysselsetjing og lågare ordrebehaldning, men færre leiarar er negative. Det generelle utsynet er om lag uendra, og det er venta ein moderat auke i produksjonen i det komande kvartalet. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemisk råvareindustri | +(-) | Negativ utvikling i produksjon og kapasitetsutnytting. Veksande ordretilgang frå eksportmarknaden; auke i samla ordrebehaldning. Færre leiarar peiker på etterspørselsproblem og konkurranse som ein avgrensande faktor for produksjonen. Det generelle utsynet ser betre ut, og det er venta auka produksjon på kort sikt. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustrien, ikkje-jernhaldig | +(-) | Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Få leiarar peiker på etterspurnad og konkurranse som avgrensande faktor for produksjonen. I staden melder fleire om ressursvanskar. Svært mange leiarar melder om auka ordretilgang frå eksportmarknaden; veksande ordrebehaldning. For det komande kvartalet viser undersøkinga negativ utvikling. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Verkstadindustrien, i alt | - | Samla sett ser desse bransjane mørkt på det komande kvartalet. Det generelle utsynet er negativt, og det er venta nedgang i produksjon og ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er ikkje lenger vurdert som eit stort problem. I staden er det auka konkurranse på EU-marknaden og etterspurnadssvikt frå eksportmarknaden som avgrensar produksjonen. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallvarer | +(-) | Stabil produksjon og auka ordretilgang frå eksportmarknaden. Færre leiarar peiker på vanskar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Det generelle utsynet er om lag uendra; forventing om produksjonsauke og stabil sysselsetjing. Den svake prisutviklinga i eksportmarknaden er også venta å halde fram. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinvarer | - | Nedgang i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Færre peiker på mangel på kvalifisert arbeidskraft som eit problem. Nedgang i eksportreservar og månader dekka av ordrebehaldninga. Negativ vurdering av det generelle utsynet, og forventing om nedgang i produksjon, sysselsetjing og prisar. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektroteknisk og optisk industri | - | Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Fleire leiarar trekk fram auka konkurranse på EU-marknaden som avgrensande for produksjonen. Den negative utviklinga er venta å halde fram i 4. kvartal; reduksjon i heime- og eksportmarknadsprisar. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri | - | Svært mange leiarar ser på det generelle utsynet som dårlegare. Sjølv om det har vore ein produksjonsauke i 3. kvartal er det venta nedgang i produksjon, sysselsetjing og kapasitetsutnytting. Mange peiker på auka konkurranse på EU-marknaden og etterspurnadsproblem på eksportmarknaden som avgrensande for produksjonen. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn.. Følgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: |
++
+ ~ - -- -(+) +/- |
Meget god
God På det jamne Svak Meget svak Svak, men med einskilde positive teikn Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Edvard Andreassen
E-post: edvard.andreassen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 32
-
Ståle Mæland
E-post: stale.maeland@ssb.no
tlf.: 95 05 98 88