Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire industrileiarar med tru på framtida
Leiarane er i ferd med å få att trua på framtida, men framleis er det svært vanskelege tilhøve for store delar av den norske industrien.
Konjunkturbarometeret for 3. kvartal 2003 syner at eit lågare innanlandsk rentenivå førebels ikkje har gitt seg utslag i merkbar betring av tilhøva for norsk industri. Industrileiarane melder om nedgang i produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgangen er framleis låg, men den negative utviklinga i eksportprisane ser ut til å ha stogga. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting blir vurdert til å vere om lag 78 prosent. Talet på industrileiarar som trur på betring i komande kvartal held fram med å vakse. Det er venta auke i produksjon og samla ordrebehaldning. Samansett indikator for industrien (sjå eige avsnitt) er positiv for fyrste gong på fem kvartal og syner ein liknande tendens
Innsatsvarer: Svakt kvartal for produsentar av ikkje-jernhaldige metall
Produsentar av innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) melder om nedgang i produksjonsvolum og kapasitetsutnytting. Lågt aktivitetsnivå i næringa produksjon av ikkje-jernhaldige metall medverka sterkt til denne utviklinga. Innanlandsk prisnivå heldt fram å falle, medan eksportprisane auka. Det siste kjem hovudsakleg av ein lågare kronekurs. Færre leiarar peikar på innanlandsk etterspurnad som ein flaskehals for produksjonen.
Det generelle utsynet for komande kvartal er framleis svakt positivt. Samansett indikator for innsatsvarer stadfestar dette synet.
Investeringsvarer: Framleis vanskelege tider
Produsentar av investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire) har vore gjennom enno eit vanskeleg kvartal. Samla produksjonsvolum og kapasitetsutnytting heldt fram med å falle, og det var ikkje teikn til betring i ordresituasjonen. Ein auke i talet på leiarar som melder om mangel på kvalifisert arbeidskraft og ei større mengd bedrifter med full kapasitetsutnytting - kan vere eit signal om at enkelte næringar har fått meir å gjere.
Det generelle utsynet for komande kvartal er framleis negativt, men stadig færre leiarar er av denne meining. Ordresituasjonen er venta å betre seg.
Konsumvarer: Negativ utvikling i 3. kvartal
Produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om redusert produksjonsvolum og kapasitetsutnytting. Svak ordretilgang vitnar om at dei positive forventningane til 3. kvartal ikkje har halde stikk. Færre industrileiarar peiker på låg etterspurnad i eksportmarknaden som ein flaskehals for produksjonen.
Det generelle utsynet for komande kvartal er positivt. Ei mogleg forklaring på dette er forventning om at eit lågt innanlandsk rentenivå vil resultere i auka etterspurnad og betra prisar for denne typen produkt.
Publisering av ny indikator i Konjunkturbarometeret
Frå 3. kvartal 2003 vil publiseringa av Konjunkturbarometeret innehalde ein ny indikator; "Samansett indikator for industri". Denne indikatoren er det aritmetiske gjennomsnitt av svara (nettotal) for forventa produksjon, ordrebehaldning og lagerbehaldning av eigne produkt (det siste med motsett forteikn). Indikatoren skal være leiande for industriell produksjon:
- Forventning om auka produksjon gir signal om auka aktivitet i det komande kvartalet.
- Auke i ordrebehaldninga indikerar auka aktivitet når desse ordrane skal effektuerast.
- Lageroppbygging av eigne produkt gir signal om lågare sal og dermed redusert produksjon i det komande kvartalet.
Indikatoren er harmonisert med EUROSTAT sin samansette konjunkturindikator; "The Industrial Confidence Indicator". Den vil bli publisert i tabell 17 og i Statistikkbanken. I tillegg vil resultat bli presenterte grafisk som eit fast innslag i pressemeldinga. For Internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren viser vi til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistikk på Internett.
Vurdering av bransjer for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt |
Bransje | Utsikter | Bakgrunn | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk | + | Om lag uendra produksjon og lågare sysselsetjing. Leiarane melder om svak prisutvikling på eksportmarknaden, medan heimemarknadsprisane aukar. Generell bedømming av utsynet for komande kvartal blir vurdert som betre av mange leiarar. Det er positive forventningar knytt til produksjon og etterspurnad. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Trevareindustri | -(+) | Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Mange leiarar melder om auke i prisane på eksportmarknaden, medan heimemarknadsprisane held fram med å falle. Det er venta noko betring for det komande kvartalet. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling | + | Positiv utvikling i produksjon og kapasitetsutnytting. Samla ordrebehaldning har auka, men ordretilgangen frå eksportmarknaden er lågare. Det generelle utsynet er vurdert som betre. Leiarane reknar med stabil produksjon og auke i samla ordrebehaldning. Sysselsetjinga er venta å falle. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemisk råvareindustri | -(+) | Negativ produksjonsutvikling og lågare samla ordrebehaldning i 3. kvartal. Mange leiarar melder om auke i eksportprisane. Sysselsetjinga er redusert og ytterlegare nedgang er venta i det komande kvartalet. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og det er venta auke i produksjon, ordrebehaldning og prisar. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallindustrien, ikkje-jernhaldig | -- | Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Mange av leiarane peiker på svak etterspurnad i eksportmarknaden og auka konkurranse på EU-marknaden som avgrensande for produksjonen. Det er venta ytterlegare reduksjon i produksjon og ordrebehaldning i det komande kvartalet. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Verkstadindustrien, i alt | - | Samla sett for desse bransjane er det ein negativ utvikling med lågare produksjon, sysselsetjing og ordrebehaldning. Prisane er svekte, og talet på arbeidsmånader dekte av ordrebehaldninga har gått ned. Det generelle utsynet er negativt, men færre enn i 2. kvartal deler denne oppfatninga. Leiarane reknar med auke i ordrebehaldninga i komande kvartal, men prisane er venta å halde fram med å falle. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Metallvarer | - | Auka konkurranse på heimemarknaden og lågare ordrebehaldning. Negativ utvikling i produksjon og sysselsetjing. Få teikn til betring i komande kvartal. Det generelle utsynet er vurdert som dårlegare. Forventning om uendra produksjon og ytterlegare nedgang i samla ordrebehaldning i 4. kvartal. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Maskinvarer | - | Svak utvikling med nedgang i produksjon og samla ordrebehaldning. Lågare sysselsetjing og heimemarknadsprisar. Det generelle utsynet er vurdert som dårlegare, men færre leiarar enn i 2. kvartal deler denne oppfatninga. Det er venta ytterlegare reduksjon i produksjon og sysselsetjing i det komande kvartalet. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektroteknisk og optisk industri | + | Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og samla ordrebehaldning. Negativ prisutvikling på heime- og eksportmarknaden. Det generelle utsynet for det komande kvartalet er positivt, noko som blir underbygd av forventningar om vedvarande auke i produksjon og ordretilgang. Utsikter til svak prisutvikling. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri | - | Framleis svak utvikling i denne bransjen; lågare produksjon, sysselsetting og ordretilgang. Resultata er likevel noko betre enn i 2. kvartal, og det er venta vekst i ordretilgangen frå heimemarknaden. Det generelle utsynet for det komande kvartalet er vurdert som om lag uendra. Det er venta vidare nedgang i produksjonsvolum og sysselsetjing. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I kolonnen for Utsikter gis en samlet vurdering av nåsituasjonen og forventet utvikling på kort sikt ved bruk av + og - tegn. Følgende koder/konstellasjoner benyttes: |
++
+ ~ - -- -(+) +/- |
Meget god
God På det jevne Svak Meget svak Svak, men med enkelte positive tegn Situasjon der + og - faktorer jevner ut hverandre |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Edvard Andreassen
E-post: edvard.andreassen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 32
-
Ståle Mæland
E-post: stale.maeland@ssb.no
tlf.: 95 05 98 88