33427_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33427
Betre, men skilnad bransjane imellom
statistikk
2004-10-28T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Betre, men skilnad bransjane imellom

Resultata for 3. kvartal syner betra tilhøve for norsk industri, men det er merkbar skilnad bransjane imellom.

Konjunkturbarometeret for 3. kvartal 2004 syner auka produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i industrien. Nedgangen i talet på tilsette ser ut til å flate ut. Ein auke i talet på leiarar som peiker på mangel på arbeidskraft som ein flaskehals for produksjonen støtter dette resultatet. Ordretilgang og marknadsprisar er høgare enn i 2. kvartal 2004, og det er fleire verksemder med høg kapasitetsutnytting. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting for industrien er no om lag 80 prosent.

Den generelle vurderinga av utsynet på kort sikt (4. kvartal 2004) er positiv. Talet på industrileiarar som deler denne oppfatninga er bortimot uendra frå førre undersøking. Samansett indikator for industrien1 signaliserer ein ytterlegare auke i samla produksjonsvolum. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren, viser vi til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks Statistik på Internett.

Samansett konjunkturindikator for industri. 1. kvartal 1998-3. kvartal 2004

Innsatsvarer: Teikn til auke i talet på tilsette

Produsentar av innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) er inne i ein god periode. Svært mange industrileiarar melder om veksande produksjonsvolum og kapasitetsutnytting, og for første gong sia 1998 er det teikn til auke i talet på tilsette. Samla ordretilgang er høgare enn i 2. kvartal. Marknadsprisane held fram å stige både heime og ute. Stadig fleire leiarar peiker på kapasitetsvanskar som ein flaskehals for produksjonen. Dette resultatet er stadfesta av ein auke i talet på verksemder med full kapasitetsutnytting. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting er vurdert å vere om lag 83 prosent.

Det generelle utsynet for komande kvartal blir vurdert som positivt av svært mange industrileiarar. Det er venta ytterlegare auke i produksjon, kapasitetsutnytting, ordretilgang og marknadsprisar.

Investeringsvarer: Få endringar frå førre undersøking

Undersøkinga syner bortimot uendra tilhøve for produsentar av investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire). Fleire leiarar melder om auke i samla ordrebehandling, men førebels har ikkje dette hatt noko stor innverknad på utviklinga i produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetting. Ei mogleg forklaring på dette er at det tek noko tid frå kontraktar blir underskrivne til ein går i gang med å produsere. Marknadsprisane held framleis fram med å falle.

Stadig fleire industrileiarar har ei positiv oppfatning av det generelle utsynet på kort sikt. I 4. kvartal er det venta høgare produksjonsvolum og kapasitetsutnytting samt at innanlandske prisar vil halde opp med å falle.

Konsumvarer: Positiv utvikling i marknadsprisane

Produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om positiv utvikling i produksjonsvolum og kapasitetsutnytting. Auken i eksportordrar ser ut til å ha stoppa opp, men veksande innanlandsk ordretilgang sørgjer for at samla ordrebehaldning er høgare enn i 2. kvartal. Marknadsprisane stig både heime og ute.

Det generelle utsynet på kort sikt er vurdert som positivt, men stadig færre leiarar deler denne oppfatninga.

Vurdering av bransjar for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk + Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Lågare sysselsetjing. Leiarane melder om positiv prisutvikling på heime- og eksportmarknaden. Generell bedømming av utsynet for 4. kvartal blir vurdert som betre av mange leiarar. Det er positive forventningar knytt til produksjon og etterspurnad.
Trevareindustri ++ Høg aktivitet i 3. kvartal; mange leiarar melder om auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Heimemarknadsprisane er høgare, medan eksportprisane er uendra. Færre leiarar melder at etterspurnad er avgrensande for produksjonen. Generell bedømming av utsynet er positivt, og det er venta ytterlegare auke i produksjonen i 4. kvartal.
Treforedling + Mange leiarar melder om auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Talet på bedrifter med full kapasitetsutnytting veks markant i 3. kvartal. Det generelle utsynet er positivt; i 4. kvartal er det venta høgare aktivitet og auke i ordretilgangen frå eksportmarknaden. Eksportprisane er venta å bli noko lågare.
Kjemisk råvareindustri ++ Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og ordretilgang. Lågare sysselsetjing. Positiv prisutvikling. Færre leiarar peiker på at etterspurnaden avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet blir vurdert som betre av mange leiarar, og det er positive forventningar knytt til produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og etterspurnad. Ytterlegare prisauke er venta i 4. kvartal.
Metallindustrien, ikkje-jernhaldig ++ Auke i ordretilgang, prisar, produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Det generelle utsynet er vurdert som betre av svært mange leiarar. Dette heng saman med forventning om vedvarande auke i produksjon, ordretilgang og prisar.
Verkstadindustrien, i alt +(-) For verkstadindustrien samla sett, melder leiarane om auke i produksjon og samla ordrebehaldning. Sysselsetjinga er uendra, og framleis er det negativ prisutvikling. Det generelle utsynet for 4. kvartal er positivt. Forventning om ytterlegare auke i produksjon og ordrebehaldning støttar dette synet. Det er venta uendra prisar på heimemarknaden, medan eksportprisane er venta å bli lågare.
Metallvarer ++ Positiv utvikling i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Mangle leiarar melder om høgare ordretilgang. Eksportprisane er om lag uendra, medan heimemarknadsprisane har auka. Det generelle utsynet på kort sikt (4. kvartal) er vurdert som betre, og den positive utviklinga i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang er venta å halde fram.
Maskinvarer + Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Mange leiarar melder om vekst i heimemarknadsprisane. Fleire verksemder produserer for full kapasitet, og samla ordrebehaldning veks. Det er venta ytterlegare auke i produksjon og ordretilgang, og det generelle utsynet er positivt.
Elektroteknisk og optisk industri +(-) Auke i produksjon og samla ordrebehaldning. Negativ prisutvikling på eksportmarknaden. Heimemarknadsprisane er om lag uendra. Lågare ordretilgang i 3. kvartal, men dette er venta å betre seg. Det generelle utsynet er positivt, og det er venta auke i produksjon og sysselsetjing. Forventning om negativ utvikling i eksportprisane.
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri -(+) Høgare produksjonsvolum. Uendra ordrebehaldning. Negativ utvikling i sysselsetjing og prisar på heime- og eksportmarknaden. Generell bedømming av utsynet for 4. kvartal er negativ. Det er venta betring i ordretilgangen frå eksportmarknaden, medan sysselsetjing og marknadsprisar er venta å falle.
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Fylgjende kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
˜
-
--
-(+)
+/-
Meget god
God
På det jamne
Svak
Meget svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut

1Samansetninga til indikatoren samt kopling mot internasjonale samanlikningar er skildra i eit eige avsnitt i pressemeldinga for 3. kvartal 2003 (sjå tidlegare publisert).