33419_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33419
Auka investeringsvilje i industrien
statistikk
2005-10-28T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka investeringsvilje i industrien

Resultata for 3. kvartal syner positiv utvikling for norsk industri. Auka investeringsvilje blant industrileiarane tyder på optimisme også på noko lengre sikt.

Konjunkturbarometeret for 3. kvartal 2005 syner auka produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i industrien. Høgare ordretilgang i heimemarknaden er drivkraft bak denne utviklinga. Innanlandsk prisnivå held fram med å stige, medan eksportprisane syner negativ utvikling. Ordretilgangen frå eksportmarknaden er om lag uendra frå førre undersøking. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga er merkbart høgare enn på same tid i fjor, og fleire leiarar peiker på kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft som avgrensande faktorar for produksjonen. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting for industrien er om lag 82 prosent.

Generell bedømming av utsynet på kort sikt (4. kvartal 2005) er positiv, og stadig fleire leiarar melder at dei vurderer å justere opp gjeldande planar for nyinvesteringar. Samansett konjunkturindikator for industrien1 blir berekna til 10 (sesongjustert nettotal) i 3. kvartal. Dette er eit klart signal om ytterlegare auke i samla produksjonsvolum i 4. kvartal. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren, viser Statistisk sentralbyrå til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistikk på Internett.

Samansett konjunkturindikator for industri. 1. kv. 1999-3. kv. 2005

Innsatsvarer: Negative signal frå eksportmarknaden

Produsentar av innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) melder om høgare produksjonsvolum enn i 2. kvartal. Samla sysselsetjing ser også ut til å stige. Auken i samla ordrebehaldning syner teikn til å flate ut. Lågare ordretilgang frå eksportmarknaden er grunnen til dette. Eksportprisane held fram med å svekkje seg, medan heimemarknadsprisane er om lag uendra. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting blir berekna til om lag 84 prosent i 3. kvartal. Kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft ser framleis ut til å vere ein vesentleg flaskehals for produksjonen, men stadig fleire leiarar peiker på lågare etterspurnad frå eksportmarknaden.

Generell bedømming av utsynet på kort sikt er positiv. Talet på leiarar som deler denne oppfatninga har vore meir eller mindre uendra sidan årsskiftet. Det er venta ytterlegare auke i samla produksjonsvolum.

Investeringsvarer: Auke i samla sysselsetjing

Innsamla data frå produsentar av investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire) syner positiv utvikling for mange av desse næringane. Samla produksjonsvolum og kapasitetsutnytting blir vurderte som høgare enn i 2. kvartal, og det synes å vere ein merkbar auke i talet på sysselsette. Det siste blir stadfesta av at stadig fleire leiarar melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft verkar avgrensande for produksjonen. Veksande ordretilgang i heime- og eksportmarknaden gir auke i samla ordrebehaldning. Heimemarknadsprisen held fram med å stige, og nedgangen i eksportprisane syner teikn til å flate ut. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad blir berekna til om lag 84 prosent. Talet på arbeidsmånader som blir dekte av ordrebehaldninga er merkbart høgare enn på same tid i fjor.

Det generelle utsynet på kort sikt blir vurdert som positivt av svært mange industrileiarar. Forventning om ytterlegare auke i produksjonsvolum, sysselsetjing og heimemarknadsprisar, stadfester dette synet.

Konsumvarer: Auka etterspurnad i heimemarknaden

Produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om auka produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i 3. kvartal. Høgare innanlandsk etterspurnad er drivkraft bak denne utviklinga. Heimemarknadsprisane held fram med å stige, medan eksportprisane held seg om lag uendra. Talet på leiarar som melder om kapasitetsutnytting på 80 prosent eller meir, er om lag det same som i 3. kvartal 2004.

Det generelle utsynet på kort sikt blir vurdert som positivt. Stadig fleire leiarar melder at dei vurderer å justere opp gjeldande planar for nyinvesteringar. Dette tyder på optimisme også på noko lengre sikt.

1Samansetninga til indikatoren samt kopling mot internasjonale samanlikningar er skildra i eit eige avsnitt i pressemeldinga for 3. kvartal 2003 (sjå tidlegare publisert).

Vurdering av bransjer for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk + Høgare produksjonsvolum og kapasitetsutnytting i 3. kvartal. Auke i etterspurnad frå heimemarknaden, medan etterspurnaden frå eksportmarknaden er om lag uendra. Positiv prisutvikling. Det generelle utsynet for 4. kvartal er positivt, og det er venta auke i produksjon og etterspurnad. Det er ein auke i talet på leiarar som vurderer å justere opp vedtekne planar for investeringar.
Trevareindustri ++ Den positive utviklinga held fram i 3. kvartal. Mange leiarar melder om auke i produksjon, sysselsetjing og kapasitetsutnytting. Positiv prisutvikling på heimemarknaden, medan eksportprisane er om lag uendra. Høgare ordretilgang frå heimemarknaden. Generell bedømming av utsynet for 4. kvartal blir vurdert som betre. Den positive utviklinga i produksjon og ordretilgang er venta å halde fram.
Treforedling - Svak utvikling med lågare produksjon, sysselsetjing og ordretilgang. Mange leiarar melder om lågare eksportprisar, og det er ein kraftig auke i talet på leiarar som melder at svak etterspurnad er avgrensande for produksjonen. Det generelle utsynet blir vurdert som dårlegare. Forventning om lågare ordretilgang frå eksportmarknaden og negativ prisutvikling støtter dette synet.
Kjemisk råvareindustri + Auke i produksjon og sysselsetjing. Om lag uendra ordretilgang og lågare prisar frå eksportmarknaden. Auke i talet på leiarar som melder at svak etterspurnad er avgrensande for produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og den positive utviklinga i produksjonsvolumet er venta å halde fram. Det er og venta at ordretilgangen vil auke. Prisane er venta å bli om lag uendra.
Metallindustrien, ikkje-jernhaldig -(+) Om lag uendra produksjonsvolum. Lågare kapasitetsutnytting, sysselsetjing og ordretilgang frå eksportmarknaden. Negativ prisutvikling. Det generelle utsynet er positivt, og det er venta at ordretilgangen frå eksportmarknaden skal auke. Produksjonen er venta å bli om lag uendra, medan prisane er venta å falle i 4. kvartal.
Verkstadindustrien i alt ++ For verkstadindustrien samla sett, melder leiarane om auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordrebehaldninga har auka saman med prisane på heimemarknaden. Det er ein auke i talet på leiarar som melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre av svært mange leiarar. Forventning om ytterlegare auke i produksjon, sysselsetjing og ordrebehaldning støtter dette synet. Det er venta høgare prisar på heimemarknaden, medan eksportprisane er venta å bli om lag uendra.
Metallvarer ++ Framleis positiv utvikling med auke i produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Høgare ordretilgang frå heimemarknaden og auke i prisar. Det generelle utsynet blir vurdert som betre av mange leiarar, og det er positive forventningar knytt til produksjon, sysselsetjing og ordretilgang.
Maskinvarer ++ Auke i produksjon, kapasitetsutnytting, sysselsetjing og ordretilgang. Positiv prisutvikling på heimemarknaden og om lag uendra eksportprisar. Talet på leiarar som melder at mangel på kapasitet avgrensar produksjonen har auka. Mange leiarar vurderer det generelle utsynet som betre, og den positive utviklinga i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar er venta å halde fram i 4. kvartal.
Elektroteknisk og optisk industri ++ Høgare produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Auke i ordretilgangen frå heime- og eksportmarknaden. Mange leiarar melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen. Generell bedømming av utsynet for 4. kvartal er positivt, og auken i produksjonsvolum, sysselsetjing og ordretilgang er venta å halde fram.
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri ++ Framleis god utvikling med auke i produksjon, sysselsetjing, kapasitetsutnytting og ordretilgang. Lågare eksportprisar, medan heimemarknadsprisane har blitt høgare. Kraftig auke i talet på leiarar som melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre av svært mange leiarar. Det er venta auke i produksjon, sysselsetjing og ordrebehaldning.
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Følgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
²
-
--
-(+)
+/-
Veldig god
God
På det jamne
Svak
Veldig svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar ut kvarandre