33395_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33395
Taktskifte i industrien
statistikk
2008-10-28T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Taktskifte i industrien

Norske industrileiarar melder om ei utflating i produksjonsvolumet, men resultata sprikar bransjane imellom.

Konjunkturbarometeret for 3. kvartal1 syner ei utflating i samla produksjonsvolum. Svake resultat for bransjar som leverer til bygg- og anleggssektoren medverkar sterkt til dette. Samla ordrebehaldning fell på grunn av lågare ordretilgang både i heime- og eksportmarknaden, medan marknadsprisane held fram med å stige. Ei svekking av krona og auka kostnader på grunn av høgare prisar på innsatsfaktorar medverkar truleg til prisauken. Ressursvanskar (sjå tabell 16 ) utgjer framleis ei stor utfordring innanfor einskilde bransjar, men mangel på kvalifisert arbeidskraft synast no å vere eit mindre problem enn i fyrste halvår. Samstundes er det ein klar auke i talet på leiarar som melder at etterspurnad og konkurranse er avgrensande for produksjonen. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga er noko lågare enn for eitt år sia, medan gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for industrien bereknast til 83 prosent. For internasjonale samanlikningar av kapasitetsutnyttinga viser SSB til EUROSTAT .

Samansett konjunkturindikator for industrien. 1. kvartal 2002-3. kvartal 2008

Faktorar som avgrensa produksjonen i inneverande kvartal. Trend. 1. kvartal 2001-3. kvartal 2008

Vurderinga av det generelle utsynet på kort sikt (4. kvartal 2008) går frå positiv til svakt negativ. Forventning om lågare etterspurnad frå eksportmarknaden stør dette resultatet. Uroa i finansmarknaden kan også vere ein faktor som påverkar vurderinga av utsynet. Samansett konjunkturindikator for industrien bereknast til -6 (sesongjustert nettotal) i 3. kvartal. Resultatet er godt under det historiske gjennomsnittet og signaliserar eit konjunkturomslag. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren, viser SSB til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistikk på Internett.

Lågare etterspurnad frå bygg og anlegg

Produsentar av innsatsvarer (trevareindustri, treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) melder om nedgang i produksjonsvolumet og sysselsetjinga, men resultata sprikar bransjane imellom. Trevare- og mineralproduktindustri synast å vere hardast råka. Ei oppbremsing i bygg- og anleggsektoren er truleg årsaka til dette. Marknadsprisane held fram med å styrke seg på tross av svak ordretilgang. Valutaeffektar medverkar sannsynlegvis til denne utviklinga. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga er noko lågare enn på same tid i fjor. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting i dei aktuelle bransjane bereknast til 82 prosent.

Stadig fleire industrileiarar vurderer det generelle utsynet på kort sikt som negativt. Forventning om lågare ordretilgang og ein reduksjon i sysselsetjinga stør dette resultatet.

Høg ordrebehaldning gir auke i produksjonsvolumet

Produsentar av investeringsvarer (maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire) melder om moderat auke i produksjonsvolumet og sysselsetjinga. Samla ordrebehaldning fell på grunn av lågare ordretilgang, medan marknadsprisen held fram å stige. Høgare produksjonskostnader er sannsynlegvis ei medverkande årsak til dette. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er framleis ei utfordring i dei aktuelle bransjane. Derimot synast ikkje kapasitetsvanskar lenger å vere noko stort problem. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga er noko lågare enn på same tid i fjor, men ligg framleis på eit uvanleg høgt nivå historisk sett. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad bereknast til solide 87,8 prosent.

Færre industrileiarar vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre, men dei som deler denne oppfatninga er framleis i knapt fleirtal. Det faktum at leiarane vurderar å justere ned gjeldande planar for nyinvesteringar kan tolkast som negative forventningar på noko lengre sikt.

Sterk prisoppgang på konsumvarer

Produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om høgare produksjon i 3. kvartal. Stor innanlandsk etterspurnad er årsaka til dette. Marknadsprisane held fram med å stige. Auka prisar på næringsmiddel medverkar sterkt til denne utviklinga. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for dei aktuelle bransjane bereknast til 79,6 prosent.

Eit fleirtal av industrileiarane vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre. Forventning om auka etterspurnad og høgare prisar stør dette resultatet.

1  Skjemadata er samla inn i perioden 10. september til 20. oktober. Altså både før og etter finanskrisa satte inn for alvor.
Vurdering av bransjer for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk ++ Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Høgare etterspurnad frå heimemarknaden og lågare frå eksportmarknaden. Høgare prisar, særskilt på heimemarknaden. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre av mange leiarar, og den positive utviklinga i produksjon og etterspurnad er venta å halde fram. Det er og venta høgare prisar i det komande kvartalet.
Trevareindustri -- Svært mange leiarar melder om lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Nedgang i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Mange leiarar melder at svikt i etterspurnad og sterk konkurranse på heimemarknaden avgrensar produksjonen. Svært mange leiarar ser negativt på det generelle utsynet for 4. kvartal. Det er venta ytterlegare nedgang i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang. Prisane er venta å bli lågare på heime- og eksportmarknaden i det komande kvartalet.
Treforedling + Høgare produksjon og kapasitetsutnytting i 3. kvartal, medan sysselsetjinga er lågare. Auke i ordretilgang frå heimemarknaden, medan tilgangen frå eksportmarknaden er lågare. Prisauke på eksportmarknaden. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og det er venta auke i produksjon, ordretilgang og prisar.
Kjemisk råvareindustri + Om lag uendra produksjon og kapasitetsutnytting. Auke i sysselsetjinga. Auke i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. mange leiarar melder om auke i prisane. Kapasitetsvanskar avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for det komande kvartal er vurdert som betre. Det er venta auke i produksjon, ordretilgang og prisar i 4. kvartal. Sysselsetjinga er venta å gå ned.
Metallindustrien, ikke-jernholdig - Om lag uendra produksjon. Lågare sysselsetjing, ordretilgang og prisar. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som dårlegare. Det er venta om lag uendra produksjon, men auke i sysselsetjinga. Ordretilgangen er venta å bli lågare. Det same gjeld prisane.
Verkstadindustrien, i alt + Samla sett viser verkstadindustrien auke i produksjon og sysselsetjing. Ordretilgangen frå heime- og eksportmarknaden er lågare. Det er auke i heime- og eksportmarknadsprisar. Det er framleis mange leiarar som melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen, men talet er lågare enn i førre kvartalet. Det generelle utsynet er vurdert som betre, og det er venta ytterlegare auke i produksjon, sysselsetjing og prisar. Det er òg venta auke i ordretilgangen i 4. kvartal.
Metallvarer -(+) Framleis auke i produksjonsvolum. Om lag uendra kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Samla ordrebehaldning er lågare. Færre leiarar melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet er vurdert som dårlegare, og det er venta lågare produksjon, sysselsetjing og ordretilgang i 4. kvartal. Prisane er venta å auke.
Maskinvarer ++ Mange leiarar melder framleis om høgt aktivitetsnivå. Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Høgare ordretilgang og prisar. Det generelle utsynet er vurdert som betre, men færre leiarar enn i forrige undersøking deler denne oppfatninga. I 4. kvartal er det venta framleis auke i produksjon, sysselsetjing og prisar. Ordretilgang frå heimemarknaden er venta å bli om lag uendra, medan tilgang frå eksportmarknaden er venta å auke.
Elektroteknisk og optisk industri + Høgare produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Høgare ordretilgang frå eksportmarknaden, medan tilgang frå heimemarknaden er lågare. Auke i marknadsprisar. Færre leiarar melder at mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen, medan det er fleire leiarar som melder at låg etterspurnad er ein avgrensande faktor. Det generelle utsynet er vurdert som dårlegare. Det er venta auke i produksjon og sysselsetjing, medan ordretilgang og prisar er venta å bli om lag på same nivå som i 3. kvartal.
Offshore-relatert verksemd inkl. transportmiddelindustri + Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Om lag undra sysselsetjing. Lågare ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Prisauke på heimemarknaden, medan eksportprisar er om lag uendra. Det er framleis knappleik på kvalifisert arbeidskraft, men færre leiarar enn i førre kvartalet melder at dette avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og det er venta auke i produksjon, ordrebehaldning og heimemarknadsprisar. Sysselsetjing og eksportprisar er venta å bli om lag uendra.
I kolonnen for Utsikter blir det gitt ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Følgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
²
-
--
-(+)
+/-
Mykje godt
God
På det jamne
Svak
Mykje svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut