33387_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33387
Framleis svake tal for industrien
statistikk
2009-10-28T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2009

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis svake tal for industrien

Norske industrileiarar melder om moderat fall i produksjonsvolumet, men resultata sprikjer bransjane imellom. Låg ordretilgang hos produsentar av skip og oljeplattformer utgjer ei stor utfordring for delar av industrien.

Konjunkturbarometeret for 3. kvartal 2009 syner eit ytterlegare fall i industriproduksjonen og sysselsetjinga, men nedgangen var svakare enn registrert i 1. halvår. Betra tilhøve for produsentar av innsatsvarer medverka i stor grad til dette. Låg ordretilgang både i heime- og eksportmarknaden gav ytterlegare nedgang i ordrebehaldninga. Utviklinga blir spegla av marknadsprisane som blei svekte i 3. kvartal. Svak etterspurnad og sterk konkurranse utgjorde betydelege flaskehalsar i produksjonen, medan ressursvanskar (sjå tabell 16 ) knapt var noko problem.

Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga låg nært det historiske gjennomsnittet for industrien. Dette er merkbart lågare enn for eitt år sia. Svak ordretilgang hos produsentar av skip og oljeplattformer var ei medverkande årsak til utviklinga. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for industrien blir berekna til 76,4 prosent i 3. kvartal. Dette er om lag uendra frå førre målinga. For internasjonale samanlikningar viser SSB til EUROSTAT .

Faktorar som avgrensa produksjonen i inneverande kvartal. Trend. 1. kvartal 2002-3. kvartal 2009

Samansett konjunkturindikator for industri. 1. kvartal 2002-3. kvartal 2009

Moderat auke i samansett konjunkturindikator

Industrileiarane si vurdering av utviklinga på kort sikt (4. kvartal 2009) var framleis negativ, men færre delte denne oppfatninga. Forventning om betra tilhøve i eksportmarknaden stør dette resultatet. Samansett konjunkturindikator for industrien auka til -5 (sesongjustert nettotal) i 3. kvartal. Reduserte lager av produkt for sal (sjå tabell 17 ) medverka til oppgangen. Talverdien indikerer eit ytterlegare fall i industriproduksjonen, men nedgangen blir gradvis svakare. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren viser SSB til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistik på Internett.

Sprikjande resultat for produsentar av innsatsvarer

Produsentar av innsatsvarer (trelast- og trevareindustri, papir- og papirvareindustri, kjemisk råvareindustri, metallindustri med fleire) melder om lågare produksjonsvolum og sysselsetjing, men resultata sprikjer bransjane imellom. Det blir registrert positiv utvikling for trelast- og trevareindustri og for produksjon av ikkje-jarnhaldige metall. Ordrebehaldninga var om lag uendra frå 2. kvartal, medan marknadsprisane heldt fram med å falle. Valutaeffektar på grunn av ei sterkare norsk krone medverka truleg til nedgangen. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting i dei aktuelle bransjane blir berekna til 75,1 prosent. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga har vore meir eller mindre stabilt sia 4. kvartal 2008.

Industrileiarane si vurdering av utviklinga på kort sikt gjekk frå negativ til nøytral i 3. kvartal. Forventning om ei stabilisering av marknadsprisane og høgare ordretilgang i eksportmarknaden stør dette resultatet.

Låg etterspurnad etter skip og oljeplattformer

Produsentar av investeringsvarer (maskinvareindustri, bygging av skip og oljeplattformer med fleire) melder om negativ utvikling i 3. kvartal. Ein svært låg ordretilgang gav ytterlegare nedgang i ordrebehaldninga og marknadsprisane. Samstundes heldt produksjonsvolumet og sysselsetjinga fram med å falle. Svak etterspurnad og sterk konkurranse var betydelege flaskehalsar for produksjonen. Mangel på kvalifisert arbeidskraft utgjorde derimot ikkje noko stort problem. Dette står i sterk kontrast til situasjonen for eitt år sia. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga var framleis ganske høgt, men betydeleg lågare enn i 3. kvartal 2008. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad bereknast til 80 prosent.

Industrileiarane si vurdering av utviklinga på kort sikt var negativ. I tillegg vurderte mange å nedjustere investeringsplanane. Svak ordretilgang hos produsentar av skip og oljeplattformer medverka truleg til dette.

Høg innanlandsk etterspurnad etter konsumvarer

Produsentar av konsumvarer (næringsmiddel- og drikkevareindustri, trykking og grafisk industri, farmasøytisk industri, møbelindustri med fleire) melder om ei utflating i produksjonsnedgangen. Stabil innanlandsk etterspurnad var truleg årsaka dette. Heimemarknadsprisane styrkte seg i 3. kvartal, medan eksportprisane var om lag uendra. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for dei aktuelle bransjane blir berekna til 74,3 prosent.

Industrileiarane si vurdering av utviklinga på kort sikt går frå nøytral til svakt positiv for desse bransjane. Forventning om høgare produksjonsvolum og auka etterspurnad stør dette resultatet.

Vurdering av bransjar for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Nærings-, drikkevare- og tob.ind. + Auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Høgare etterspurnad frå heime- og eksportmarknaden. Høgare prisar, særskilt på heimemarknaden. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre av mange leiarar, og den positive utviklinga i produksjon og etterspurnad er venta å halde fram. Det er og venta høgare prisar i heimemarknaden i det komande kvartalet.
Trelast- og trevareindustri + Mange leiarar melder om auke i produksjon og kapasitetsutnytting. Sysselsetjinga er om lag uendra. Mange leiarar melder og om auke i ordretilgangen frå heime- og eksportmarknaden. Færre leiarar melder at etterspurnad og konkurranse avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og det er venta ytterlegare auke i produksjon og ordretilgang. Prisane er venta å bli høgare på heimemarknaden og om lag uendra på eksportmarknaden i det komande kvartalet.
Papir- og papirvareindustri -(+) Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgang og prisar frå heime- og eksportmarknaden er lågare. Det generelle utsynet for det komande kvartalet er vurdert som betre. Dette synet byggjer på ein venta auke i produksjon, kapasitetsutnytting og ordretilgang frå eksportmarknaden i 4. kvartal.
Kjemiske råvarer - Nedgang i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgangen er lågare, men færre leiarar enn i førre kvartal deler denne oppfatninga. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som dårlegare. Produksjonen er venta å bli om lag uendra, medan sysselsetjing, ordretilgang og eksportprisar er venta å bli lågare. Prisar på heimemarknaden er venta å auke.
Ikkje-jarnhaldige metall + Auke i produksjon, ordretilgang og prisar. Lågare sysselsetjing. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting har auka merkbart og det er langt færre leiarar som melder at svak etterspurnad frå eksportmarknaden avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet er vurdert som betre av mange leiarar, og det er venta ytterlegare auke i produksjon, ordretilgang og prisar i 4. kvartal.
Metallvareindustri -- Mange leiarar melder om lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Reduksjon i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Mange leiarar melder at svak etterspurnad avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som dårlegare, og det er venta ein ytterlegare reduksjon i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar i det komande kvartal.
Data-, elektrisk utstyrsindustri -- Nedgang i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Lågare ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Negativ utvikling i prisar. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som dårlegare. Det er venta vidare nedgang i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang. Prisane er venta å svekke seg ytterlegare.
Maskinindustri -- Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgang og prisar frå heime- og eksportmarknaden er lågare. Stadig fleire leiarar melder at låg etterspurnad avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for det komande kvartal er vurdert som dårlegare. Dette synet byggjer på ein venta nedgang i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar.
Bygging av skip og oljeplattformer -- Nedgang i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgangen er lågare og samla ordrebehaldning er redusert. Talet på arbeidsmånader dekka av ordrebehaldninga er lågare og mange leiarar melder at låg etterspurnad avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er negativt og det er venta ytterlegare nedgang i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang i det komande kvartal. Prisane er og venta å bli lågare.
Maskinreparasjon og -installasjon - Lågare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgang frå heime og eksportmarknaden er redusert og prisane er lågare. Mange leiarar melder at låg etterspurnad og sterk konkurranse på heimemarknaden avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet er vurdert som dårlegare, men færre leiarar enn i førre kvartal deler denne oppfatninga. Produksjon, sysselsetjing og prisar er venta å bli lågare i 4. kvartal. Ordretilgang frå heimemarknaden er venta å auke, medan det er venta ein nedgang i ordretilgang frå eksportmarknaden.
I kolonna for Utsikter blir det gjeve ei samla vurdering av situasjonen no og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn.. Fylgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
²
-
--
-(+)
+/-
Særs god
God
På det jamne
Svak
Særs svak
Svak, men med einskilde positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar kvarandre ut

Samansett konjunkturindikator for industrien (SKI)

Indikatoren blir berekna på bakgrunn av nettotal frå tre spørsmål i konjunkturbarometeret:

  • Faktisk utvikling i samla ordrebehaldning jamførd med førre kvartal
  • Forventa produksjonsutvikling i komande kvartal jamført med inneverande kvartal
  • Vurdering av lagerbehaldninga av eigne produkt bestemt for sal

SKI blir berekna som gjennomsnittet av nettotala (lagerbehaldning med negativt forteikn), og er leiande for industriproduksjonen ved at:

  • Forventning om produksjonsauke indikerer høgare aktivitet i komande kvartal
  • Auka ordrebehaldning i inneverande kvartal indikerer høgare aktivitet ved effektuering av ordrar i komande kvartal
  • Oppbygging av lager indikerer redusert aktivitet i komande kvartal

Aktualitet

Datagrunnlaget er samla inn i perioden mellom 10. september og 20. oktober 2009.