Kosthald

Oppdatert: 12. juni 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Eteklare rettar (eteleg mengde)
Eteklare rettar (eteleg mengde)
2018
23,1
kg per person
Kosthaldsstatistikk, nøkkeltal
Kosthaldsstatistikk, nøkkeltal
2018
Gjennomsnittleg eteleg mengde per person per dag (gram)Gjennomsnittleg eteleg mengde per person per år (kg)
Utvalde matvaregrupper1
Brød123,445,1
Kjøt, kjøtprodukt118,843,4
Fisk, sjømat og produkt32,411,8
Mjølk og yoghurt222,581,2
Ost38,914,2
Olje, smør og margarin27,410,0
Frukt og grønsaker, friske/fryste235,786,1
Poteter, friske38,314,0
Sukker og søtsaker41,415,1
Eteklare rettar63,423,1
Juice, most og smoothies2 59,821,8
Sukra og søte drikkevarer utan alkohol2 188,168,7
1Viser eteleg mengde selde mat- og drikkvevarer frå daglegvarebutikkar
2Måleeininga per person per år er liter for denne gruppa
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir ei oversikt over kosthaldet i den norske befolkninga basert på eteleg mengde selde matvarer i eit utval norske daglegvarebutikkar igjennom året. Statistikken inneheld tal for etelege mengder selde mat- og drikkevarer, fordelt etter matvaregrupper og næringsinnhald. Tala er presenterte per person i løpet av året (kg/liter) og per person per dag (gram).

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 11. juli 2024.

Eteleg mengde per person per år (kg/liter)

Viser den totale etelege mengda selde mat- og drikkevarer per person per år i kg/liter.

Total eteleg mengde selde matvarer i løpet av eit kalenderår / Befolkning i alt

Eteleg mengde per person per dag (gram)

Viser den totale mengda selde mat- og drikkevarer per person per dag i gram.

(Total mengde selde matvarer i løpet av eit kalenderår / Befolkning i alt) / 365 dagar i året

Eteleg del

Det er eteleg del av selde matvarer som er brukt til å berekna total mengde mat- og drikkevarer og innhald av næringsstoff. Det vil seia mengde mat og drikke etter at emballasje, skinn, skal, bein eller anna som vanlegvis ikkje blir ete er fjerna. I tillegg er salt kjøpt i pakningar over 1 kg fjerna frå populasjonen. Det same gjeld for tørr kaffi (kaffiposar) og teposar. Det er heller ikkje justert for matsvinn.

Næringsinnhald

Statistikken presenterer innhald av energi (MJ og kcal) og næringsstoff (gram eller kg) i eteleg mengde selde mat- og drikkevarer, og inkluderer følgjande:

  • Energi (MJ)
  • Energi (kcal)
  • Protein (g)
  • Feitt totalt (g)
    • Metta feittsyrer (g)
  • Karbohydrat (g)
    • Sukkerartar (g)
  • Kostfiber (g)
  • Salt (g)
  • Alkohol (g)
  • Protein, energiprosent (E%)
  • Feitt, energiprosent (E%)
    • Metta feittsyrer, energiprosent (E%)
  • Karbohydrat, energiprosent (E%)
    • Sukkerartar, energiprosent (E%)
  • Kostfiber, energiprosent (E%)
  • Alkohol, energiprosent (E%)

Kodeliste for Energi og næringsinnhald, finn du her: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/718

Energi

Energi kan bli oppgitt i kJ (MJ= 1 000 kJ) eller kcal. Innhaldet av energi i matvarene er berekna utifrå innhaldet av protein, feitt, karbohydrat, kostfiber og alkohol.Det er oppgitte mengder for Energi som er summert.

Måleeiningar og omrekningsfaktorar for energi

Den internasjonalt vedtekne eininga for energi er joule (J), men mange bruker framleis kaloriar (cal). Energiinnhaldet i matvarer blir som regel oppgitt i kilojoule (kJ) eller kilokaloriar (kcal).

1 kJ = 0,239 kcal eller 1 MJ = 239 kcal

1 kcal = 4,184 kJ eller 1 kcal = 0,004184 MJ

Feitt

Feitt blir oppgitt i gram. Det er tre hovudtypar feitt i maten: metta feittsyrer, umetta feittsyrer og transfeittsyrer.

Metta feittsyrer

Metta feittsyrer blir oppgitt i gram.

Karbohydrat

Karbohydrat blir oppgitt i gram. Verdiane for karbohydrat er berekna som summen av stivelse og sukkerartar, det vil seia tilgjengeleg karbohydrat.

Sukkerartar

Sukkerartar blir oppgitt i gram. Sukkerartar (mono- og disakkaridar) er summen av fleire typar naturleg og tilsett sukker. Meir spesifikt omfattar det naturleg førekomande glukose (druesukker), fruktose (fruktsukker), laktose (mjølkesukker), maltose (maltsukker) og farin/sukker (sukrose) eller anna sukker som er tilsett under framstilling. I næringsdeklarasjonar blir denne summen kalla sukkerartar.

Naturleg førekomande sukkerartar i matvarer blir ikkje rekna som tilsett sukker.

Protein

Protein blir oppgitt i gram.

Salt

Salt blir oppgitt i gram eller kg. Salt, natriumklorid (NaCl) er ein kombinasjon av grunnstoffa natrium (Na) og klor (Cl).

Kostfiber

Kostfiber blir oppgitt i gram. Kostfiber er ikkje medrekna i karbohydrat.

Alkohol

Alkohol blir oppgitt i gram, og gjeld berre alkohol frå øl og sider som er kjøpt i daglegvarebutikkar. Det inkluderer difor ikkje vin og sprit. Ved merking av alkoholhaldig drikke er innhaldet av alkohol vanlegvis gitt som volumprosent. I presentasjon av innhaldet av alkohol er det rett nok rekna om til vektprosent, det vil seia gram pr. 100 g drikk. For øl, vin og anna alkoholhaldig drikke med omtrent same eigenvekt som vatn, det vil seia 1, er vektprosenten berekna som 0,8 gonger volumprosenten.

Energiprosent (E%)

Delen av det totale energiinnhaldet i kosthaldet som kjem frå karbohydrat, feitt, protein og alkohol blir ofte gitt i nemninga energiprosent eller E%.

Innhaldet av energi i energigivande næringsstoff er:

1 g feitt = 37 kJ eller 9 kcal

1 g protein = 17 kJ eller 4 kcal

1 g karbohydrat = 17 kJ eller 4 kcal

1 g alkohol = 29 kJ eller 7 kcal

1 g kostfiber = 8 kJ eller 2 kcal

For meir om innhald og funksjonane til dei ulike næringsstoffa, sjå: helsenorge.no

Nasjonal matvaregruppering

Nasjonale helsemyndigheiter har behov for å presentera kosthaldsstatistikken etter ei eiga gruppering som er betre tilpassa norske forhold enn COICOP. Dette er blant anna nødvendig for å kunne samanlikna med anna nasjonal statistikk på området. Det nasjonale kodeverket er i all hovudsak basert på grupperinga i COICOP i kombinasjon med ulike grenseverdiar for næringsstoff, som t.d. sukker, salt, feitt og kostfiber.

Inndelinga inneheld 15 hovudgrupper:

A. Kornvarer
B. Kjøt, kjøtprodukt
C. Fisk, sjømat, produkt av fisk og sjømat
D. Mjølk, mjølkeprodukt, egg
E. Olje, smør, margarin
F. Frukt og bær, produkt av frukt og bær
G. Nøtter, frø
H. Poteter, potetprodukt
I. Grønsaker, grønsaksprodukt
J. Sukker, søtsaker, syltetøy, m.m.
K. Rettar, eteklare
L. Salt, krydder, sausar
M. Andre matvarer
N. Drikkevarer utan alkohol
O. Øl, sider, alkoholhaldig
Z. Uklassifiserte mat- og drikkevarer

Kodeliste for inndeling av matvaregrupper, finn du her: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/716

Statistikken fordelt etter matvaregrupper blir oppgitt i følgjande:

  • Gjennomsnittleg eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per år (kg)
  • Gjennomsnittleg eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per dag (gram)

Statistikken fordelt etter energi og næringsstoff blir oppgitt i følgjande:

  • Gjennomsnittleg mengde energi (MJ og kcal) og næringsstoff (gram) per person per dag basert på selde mat- og drikkevarer

Kosthaldstatistikk for den norske befolkninga

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Det blir publisert tal for heile landet.

Årleg

Ikkje relevant

All matvareinformasjon SSB har tilgang til blir samanstilt til ein katalog og lagra på enkeltvarenivå. Dei manglande opplysningane om næring og energi blir predikert med maskinlæring.

Data er anonymiserte.

Eigne tabellar kan byggjast og API-uttrekk kan bli gjort frå Statistikkbanken.

Helsedirektoratet har tidlegare publisert kosthaldsstatistikk basert på data frå forbruksundersøkinga frå 1974 til 2012. Statistikken er publisert i ulike publikasjonar.

Frå og med 2018 er datakjeldene aggregerte data over selde matvarer i løpet av eit kalenderår hos eit utval butikkar hos dei fire største aktørane i daglegvarebransjen, samt detaljerte data over varedeklarasjonar frå EPD-databasen til Tradesolution AS, www.kassal.app og matvaretabellen.no.

Hovudføremålet med statistikken er å gi ein detaljert oversikt over kosthaldet i den norske befolkninga i løpet av eit kalenderår og per dag per person etter ulike matvaregrupper og næringsinnhald. Etter kvart som statistikken vil bli publisert årleg, vil den gi moglegheit til å følgja utviklinga i kosthaldet i den norske befolkninga.

Statistikken skal bidra til å ivareta kunnskapsbehov slik desse er uttrykt bl.a. i sentrale helsemyndigheiters handlingsplanar og i ein intensjonsavtale som er inngått mellom matbransjen og helsemyndigheitene.

Dei viktigaste bruksområda i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskap, økonomisk statistikk og statistikk om helseforhold og levevanar.

Statistikken er viktig for sentrale helsemyndigheiter, som har behov for oppdatert og relevant informasjon om utviklinga i kosthaldet i den norske befolkninga for å ivareta kunnskapsbehovet slik desse er uttrykt blant anna i sentrale helsemyndigheiter sine handlingsplanar og ein intensjonsavtale som er inngått mellom matbransjen og helsemyndigheitene.

Sentrale brukarar er sentrale helsemyndigheiter, forskarar, matvarebransjen, media og allmennheita generelt.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. For meir informasjon, sjå Prinsipp for likebehandling

Kosthaldsstatistikken er nært knytt til Forbruksundersøkelsen. Det har tidlegare blitt publisert kosthaldsstatistikk basert på datagrunnlaget i Forbruksundersøkelsen.

Medan kostholdsstatistikken nyttar eit eige kodeverk for matvaregruppering, så byggjer forbruksundersøkinga på COICOP-HBS (Classification of Individual Consumption by Purpose - Household Budget Survey). Konsumgrupperinger i offisiell statistikk

Statistisk sentralbyrå samlar inn data med medhald i Statistikkloven §10 om opplysningsplikt (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2019-06-21-32?q=statistikkloven). Statistisk sentralbyrå nyttar samstundes opplysningane til utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 21. juni 2019 nr 32) § 10.

Ikkje relevant

Første publisering inneheld tal for 2018-årgangen. Det vil etter kvart bli publisert fleire årgangar.

Statistikken inkluderer tal over selde matvarer frå eit utval daglegvarebutikkar frå kjedene Bunnpris, COOP, Norgesgruppen og Rema 1000 i løpet av eit kalenderår (same utval som blir brukt til Konsumprisindeksen (KPI).

Tala over eteleg mengde selde matvarer er estimerte til å vera representative tal for landet ved hjelp av vekter basert på omsetningstal for dei fire ulike kjedene, samt uavhengige daglegvarebutikkar som forklaringsfaktor. Omsetningstala som er brukt for det aktuelle statistikkåret er omsetninga innanfor næring NACE 47.111 Butikkhandel med breitt vareutval med hovudvekt på nærings- og nytelsesmidlar.

Statistikken inkluderer ikkje matvarer kjøpt frå kioskar, bensinstasjonar, kafear, restaurantar og kantinar, grensehandel eller mat servert på institusjonar. Den inkluderer heller ikkje alkoholhaldig drikke kjøpt på Vinmonopolet eller grensehandl/taxfree-handel. Den tar heller ikkje omsyn til matsvinn.

Datakjelder:

Statistikken hentar tal frå følgjande datakjelder:

  • Aggregerte data over selde matvarer frå eit utval butikkar frå kjedene Bunnpris, Coop, Norgesgruppen og Rema 1000
  • Detaljerte varedeklarasjonar frå EPD-basen til Tradesolution AS
  • Detaljerte varedeklarasjonar frå www.kassal.app
  • Informasjon om næringsinnhald og eteleg del frå Matvaretabellen (www.matvaretabellen.no)
  • Informasjon om eigenvekt henta frå Mattilsynet.no
  • Maskinlæring for å predikera næringsinnhald for matvarer som manglar dette
  • Verksemd og føretaksregisteret (VoF) for total butikkpopulasjon/omsetning i det aktuelle året i næring 47.111 Butikkhandel med breitt vareutval med hovudvekt på nærings- og nytelesemidlar. For meir, sjå Standard for næringsgruppering.
  • SSBs befolkningsstatistikk

Utval:

Statistikken inneheld data over mengde selde matvarer (på enkeltvarenivå) frå eit utval på i underkant av 200 daglegvarebutikkar frå kjedene Bunnpris, Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 i løpet av eit kalenderår. Utvalet er det same som blir brukt til Konsumprisindeksen: https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/konsumpriser/statistikk/konsumprisindeksen.

Mengde selde matvarer blir vidare kopla til detaljerte varedeklarasjonar frå EPD-basen til Tradesolution, kassal.app og matvaretabellen.no. Desse inneheld blant anna opplysningar om næringsinnhaldet, eteleg del og opplysningar for vekt og volum for dei selde matvarene.

Datainnsamling:

Aggregerte data over selde matvarer på enkeltvarenivå frå eit utval butikkar frå dei fire største daglegvarekjedene (Bunnpris, Coop, Norgesgruppen og Rema 1000) er samla inn via uttrekk frå fagsystema til dei aktuelle matvarekjedene per månad.

Varedeklarasjonar frå Tradesolution AS (vetduat.no), som blant anna inneheld næringsinnhald og informasjon om mengde/volum for selde matvarer, er samla inn via eit uttrekk frå EPD-databasen. Varedeklarasjonar frå www.kassal.app er samla inn via uttrekk frå databasen. Opplysningar frå matvaretabellen er henta inn frå matvaretabellen.no

Kontroll/revisjon:

Det er blitt gjort ulike logiske og manuelle kontrollar av dataa som er samla inn for heile årgangen. Dette gjeld særleg næringsinnhald, mengde/volum og gruppering av matvarene i matvaregrupper knytt til dei selde varene.

Berekningar:

Statistikken blir presentert som eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per år (kg/liter) og per dag (gram).

Berekninga for per år blir som følgjande:

Totalt eteleg mengde selde mat- og drikkevarer (kg/liter) / befolkning i alt = Eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per år

Berekninga for per dag blir som følgjande:

(Total eteleg mengde selde mat- og drikkevarer (gram) / befolkning i alt) / 365 dagar i året = Eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per dag

Berekninga for energiprosent (E%) blir som følgjande:

Døme på berekning av E%: 80 gram feitt bidrar med ca. 3 000 kJ (80g x 37kJ/g = 2 960 kJ). Hos ein person med et totalt dagleg energiinntak på 10 000 kJ bidreg eit slikt feittinntak med 30 E% (3 000 kJ/10 000 kJ) x 100 = 30 %

For berekningar av usikkerheit, sjå eige punkt om "Feilkjelder".

Ikkje relevant

SSB har utarbeidd retningsliner for kopling av ulike datakjelder for statistiske føremål. Retningslinjene byggjer på SSBs rammekonsesjon for personregister gitt av Datatilsynet, samt Statistikkloven.

Ved publisering av nye årgangar kan tidlegare publiserte årgangar òg bli oppdaterte for å sikra at tala er samanliknbare over tid. Dette vil brukarane bli gjort merksame dersom det blir gjort.

Ikkje relevant

Ikkje relevant

I ei kvar datakjelde, sjølv om den inneheld totalteljingar, vil det kunne vera opplysningar som er feil. Feila kan oppstå både i samband med innsamlinga av data og under bearbeidinga.

Datainnsamlinga i kosthaldsstatistikken er basert på selde matvarer frå eit utval butikkar innrapportert frå daglegvarekjedene COOP, Norgesgruppen,Rema 1000 og Bunnpris i løpet av eit kalenderår. Dei selde mat- og drikkevarene frå butikkutvalet er deretter samanstilt med vareopplysningar, t.d. næringsinnhald, frå EPD-basen til Tradesolution, www.kasal.app og Matvaretabellen.

EPD-basen til Tradesolution AS inneheld oppdaterte opplysningar om næringsinnhald for dei ulike mat- og drikkevarene i sanntid. Det inneber at endringar i næringsinnhald i allereie eksisterande mat- og drikkevarer vil bli oppdaterte i databasen når dei mottek nye opplysningar frå leverandøren for den bestemte matvara. I samband med utarbeiding av statistikk for 2018-årgangen er næringsinnhald basert på eit uttrekk frå EPD-basen frå januar 2021. Det betyr at næringsinnhaldet som ligg til grunn for enkelte mat- og drikkevarer i datagrunnlaget, ikkje nødvendigvis er det same som det faktisk var i 2018.

Næringsinnhald

Ein stor del av dei selde mat- og drikkevarene har mangelfull informasjon om næringsinnhald i datagrunnlaget. Det gjeld mellom anna ferskvarer, frukt og grønsaker. For å gi desse varene verdiar for næringsinnhald, er det brukt ein kombinasjon av ulike tilnærmingar og metodar.

For det første er det gjennomført manuelle gjennomgangar av dei mest selde varene som manglar verdiar for næringsinnhald, og lagt på standardverdiar for tilsvarande varer henta frå matvaretabellen, eller informasjon om næringsinnhald om ei vare henta direkte frå produsenten sine nettsider.

For det andre er det brukt maskinlæring til å predikera og gi næringsinnhald for varer som manglar dette. Metodane som er brukt tek utgangspunkt i å sjå på liknande matvarer eller matvarer i same matvaregruppe for å gi sannsynlege verdiar for næringsinnhald.

COICOP-klassifisering

For å gi dei selde mat- og drikkevarene rett COICOP-klassifisering, blir varer klassifiserte til COICOP ved hjelp av både manuelle og maskinlæringsprosessar. FN 2018 standard for COICOP blir brukt for klassifisering. Varenamn i tillegg til matkjedegruppering og pris bidreg til opplæring av algoritmane. Ein støttevektormaskin-klassifiseringsmodell (Support Vector Machine Classifier på engelsk) blir brukt til prediksjon.

For dei mest selde mat- og drikkevarene, er det gjennomført manuelle gjennomgangar for å sikra at desse varene har fått rett klassifisering. Det kan likevel førekoma at enkelte matvarer har blitt plassert i feil matvaregruppe.

Kosthaldsstatistikken blir ikkje publisert etter COICOP-grupperinga, men den er viktig som bakgrunnsinformasjon i arbeidet med å klassifisera mat- og drikkevarer etter den nasjonale matvaregrupperinga.

Vekt og volum (mengde)

Berekning av vekt og volum for eteleg del av dei selde mat- og drikkevarene er utarbeidd basert på ein kombinasjon av ulike metodar:

Metode 1: Hentar vekt og volum frå varedeklarasjonar frå EPD-databasen til Tradesolution AS.

Data frå Tradesolution oppgir tal på mengde og kva type eining det er referert til. Alle produkt som har oppgitt mengdeeining av typen vekt eller volum kan hentast frå datasettet og bli standardisert til liter/kg eventuelt gram. Dei mest selde varene med mengdetypar "porsjon", "stykk" osv. har fått tildelt gjennomsnittsvekt per eining og blitt omrekna til kilogram.

Metode 2: Hentar vekt og volum basert på informasjon om dette frå tekstfeltet om varenamn i data frå butikkutvalet til daglegvarekjedene.

Metode 3: Varer med ikkje-null desimalending på mengde seld er rekna som lausvektsvare og får eining kilogram.

Metode 4: Estimering av vekt og volum ut frå COICOP-grupper.

Dei varene som ikkje kan få verdi på vekt/volum frå tekst eller frå Tradesolution AS data kan bli estimert frå gjennomsnittsverdiar frå produkt i same COICOP gruppe.

Metode 5: Omrekning frå volum til gram eteleg del for enkelte matvarer

For enkelte matvarer er det gjort eigne omrekningar frå volum til gram for å få mest mogleg korrekt mengde. Dette gjeld blant anna iskrem, olje, syltetøy der ein har brukt eigne omrekningsfaktorar basert på matvaretabellen for å rekna om frå liter til gram.

Metode 6: Dei få varene som etter desse metodane ikkje har fått vekt, har fått tildelt gjennomsnittsvekta av alle matvarer på omkring 0,5 kg.

Alle mengdestorleiker blir normalisert til kilogram, slik at energi og næringsinnhold per 100g kan multipliserast med 10 og brukast til å berekna totale mengder.

Ved å kombinera bruken av desse metodane, vil det vera selde enkeltvarer som kan få oppgitt feil vekt og volum (mengde).

Gjennom ulike kontrollar har ein søkt å finna openberre feil og retta opp.

Når ein har retta opp feil, så langt det er mogleg, er erfaringa at dei statistiske resultata i dei fleste tilfelle blir påverka forholdsvis lite av både innsamlingsfeil og bearbeidingsfeil. Verknadene av feil kan likevel vera av betydning i nokre tilfelle, t.d. for enkelte matvaregrupper og næringsinnhald.

Ein meir detaljert omtale av metodane som ligg til grunn for statistikken, finn du her: "Kostholdsstatistikk - Metodenotat for publisering av 2018-årgangen"

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling. SSB kan gi tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på til forskarar og til offentlege myndigheiter for utarbeiding av statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gitt etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data frå SSB.

Faktasider

Kontakt

Magne Furuholmen Myhren

mfm@ssb.no

40 90 23 96