Den nye kosthaldsstatistikken viser mellom anna at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte vel 43 kg Inkluderer eteleg mengde selde mat- og drikkevarer frå daglegvarebutikkar i Noreg. Tala viser ikkje faktisk matinntak. Det inkluderer heller ikkje kjøp frå kafé, restaurant, kiosk, bensinstasjon, grensehandel, Vinmonopolet og mat servert på institusjonar. Tala er heller ikkje justert for matsvinn. kjøt og kjøtprodukt og om lag 12 kg fisk og sjømat per person i daglegvarebutikkar i 2018. Vidare kjøpte me 45 kg brød, 81 liter mjølk og yoghurt og 86 kg friske og fryste frukt og grønsaker. Tala viser elles at me i gjennomsnitt kjøpte om lag 15 kg sukker og søtsaker og om lag 69 liter sukra og kunstig søta drikkevarer per person.

Nordmenn kjøpte òg i gjennomsnitt 23 kg Dei eteklare rettane inneheld råvarer som høyrer heime i andre matvaregrupper, som t.d. mjøl, ost, grønsaker, kjøt og fisk. per person i daglegvarebutikkar i 2018. Av dei eteklare rettane utgjorde ulike variantar av frosenpizza om lag ein tredel med vel 7 kg.

– Tala viser elles at karbohydrat og feitt var dei to energigivande næringsstoffa som bidrog klart mest til det totale energiinnhaldet i dei kjøpte mat- og drikkevarene i 2018, seier Mathias Revold, seksjonssjef ved seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk i SSB.

Mjølk, mjølkeprodukt og egg var den største matvaregruppa

Kosthaldet har stor betydning for helsa vår. Eit sunt og variert kosthald, kombinert med fysisk aktivitet, er bra for både helse og trivsel. Det kan òg bidra til å førebyggja ei rekke livsstilsjukdomar i befolkninga. Dei nasjonale kostråda (helsedirektoratet.no) anbefaler eit variert kosthald der me blir oppmoda til å eta meir av både grønsaker, frukt, bær og fisk. Samtidig blir ein anbefalt å eta mindre av raudt kjøt og kjøtprodukt, salt og saltrike matvarer, sukker, brus, saft og godteri. 

I løpet av 2018 kjøpte nordmenn i gjennomsnitt i underkant av 560 kg eteleg mengde mat- og drikkevarer per person i norske daglegvarebutikkar. Den største Mat- og drikkevaregruppering tilpassa norske forhold. Grupperinga inneheld 15 hovudgrupper (nivå 1) etter opphav og bruk med tilhøyrande undergrupper (nivå 2) og undergrupper av undergrupper (nivå 3). For heile grupperinga, sjå ssb.no/klass/klassifikasjoner/716 var «Mjølk, mjølkeprodukt og egg» med vel 112 kg per person i løpet av året. I denne gruppa utgjorde mjølk (heil-, lett- og skumma mjølk) vel 67 liter, fløyte og rømme snautt 7 liter, yoghurt 14 liter, ost om lag 14 kg, medan egg utgjorde vel 8 kg.

Den nest største matvaregruppa var «Drikkevarer utan alkohol» med 103 liter. I denne gruppa utgjorde mellom anna kunstig søta brus i underkant av 25 liter, brus med sukker 12 liter, medan jus og smoothies utgjorde i underkant av 22 liter.

– Nordmenn kjøpte omtrent dobbelt så mykje kunstig søta brus som brus med sukker i 2018. Denne utviklinga blir interessant å følgja med på når me får tal for fleire årgangar, seier Revold.

Den tredje største matvaregruppa var «Kornvarer» med vel 68 kg. I denne gruppa utgjorde brød 45 kg, mjøl, gryn og ris snautt 14 kg, kaker, smurde lefser og søt kjeks i overkant av 4 kg, frukostkorn vel 2 kg og pasta, nudlar og couscous vel 2 kg. Brød med 6 prosent fiber eller meir. utgjorde i underkant av 30 prosent av eteleg mengde brød som blei kjøpt i 2018.

Figur 1 viser gjennomsnittleg eteleg mengde mat- og drikkevarer som blei kjøpt i daglegvarebutikkar per person i 2018 fordelt etter matvaregrupper. 

Figur 1. Gjennomsnittleg eteleg mengde selde mat- og drikkevarer per person per år (kg), etter matvaregrupper. Heile landet. 2018

Helsemyndigheitene anbefaler at me skal eta meir frukt og grønsaker. Tala frå den nye statistikken viser at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte i underkant av 96 kg eteleg mengde Inkluderer både friske og fryste frukt og grønsaker, samt produkt av frukt og grønsaker. per person i 2018.

Så mykje raudt kjøt kjøpte nordmenn

Helsemyndigheitene anbefaler nordmenn og eta mindre raudt kjøt. I 2018 kjøpte me i gjennomsnitt i overkant av 43 kg eteleg mengde kjøt og kjøtprodukt per person i daglegvarebutikkar. Heilt eller kverna kjøt utgjorde 22 kg av dette. Middagspølser, kjøtkaker/karbonadar, burgar og postei utgjorde vel 14 kg, medan salta, røykt og tørka kjøt om lag 7 kg.

– Tala for 2018 viser at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte meir raudt enn kvitt kjøt per person. Medan me kjøpte 12 kg heilt eller kverna raudt kjøt, så kjøpte me 8 kg kvitt kjøt, seier Revold.

I dei nasjonale kostråda blir det anbefalt å eta meir fisk og fiskeprodukt. I 2018 kjøpte nordmenn i gjennomsnitt i underkant av 12 kg eteleg mengde «Fisk, sjømat, produkt av fisk og sjømat» per person. Gruppa fersk, kjølt og fryst fisk utgjorde vel 3 kg av dette, fiskeprodukt om lag 6 kg, medan skaldyr utgjorde i overkant av 1 kg. 

Helsemyndigheitene anbefaler elles at me skal eta mindre søtsaker. For matvaregruppa «Sukker, søtsaker, syltetøy m.m.», blei det i gjennomsnitt kjøpt 26 kg eteleg mengde per person i løpet av 2018. Av desse utgjorde godteri med sukker i overkant av 3 kg, ulike typar syltetøy vel 3 kg, medan ulike typar iskrem utgjorde vel 7 kg.

Tal frå «Utviklingen i norsk kosthold (Helsedirektoratet.no)» viser mellom anna at Engrosforbruket viser kor mykje me produserer og har tilgjengeleg av ulike matvarer i Noreg. Tala tar høgde for både import og eksport. av mjølk, fløyte og rømme har gått ned i perioden 2012-2022, medan det har auka for ost. For kornvarer har forbruket blitt redusert, mens det har auka for kjøt. For kjøt er det særleg ein auke i forbruk av kvitt kjøt som er årsaka til auken. Tala viser elles at forbruket av fisk har gått ned i same periode. For grønsaker har det vore ein auke i forbruket, medan det har vore ein nedgang for frukt og bær. Når det gjeld sukkerforbruket har det vore ein nedgang mellom 2012-2022. Samtidig viser tala ein auke i forbruket under koronapandemien. I 2022 var forbruket omtrent tilbake på nivået før pandemien. 

– Etter kvart som statistikken blir publisert årleg, blir det mogleg å følgja utviklinga i kosthaldet til befolkninga etter ulike typar matvaregrupper, seier Revold.

Størst dagleg mengde karbohydrat per person

Kosthaldsstatistikken presenterer òg tal for gjennomsnittleg mengde Næringsstoffa er byggjeklossane i matvarene som gir oss energi og/eller næring. Energi og næringsstoff er i hovudsak berekna frå deklarerte verdiar og tal frå den offisielle norske matvaretabellen. For varer som manglar verdiar, er maskinlæring brukt for å predikera verdiar. For fullstendig kodeliste, sjå: ssb.no/klass/klassifikasjoner/718/koder per person per dag. Tala er baserte på eteleg mengde kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar. Tala viser ikkje faktisk inntak av energi og næringsstoff per person. For tal på dette, må ein sjå til utvalsundersøkingar som måler dette spesifikt, t.d. Norkost 3.

– Resultata viser at karbohydrat og feitt var dei to energigivande næringsstoffa den kjøpte maten innehaldt mest av i 2018. Dette er som forventa, seier Revold.

Gjennomsnittleg dagleg mengde karbohydrat per person frå kjøpte mat- og drikkevarer var på vel 236 gram. Av desse utgjorde sukkerartar i overkant av 89 gram. For feitt var gjennomsnittleg dagleg mengde i underkant av 102 gram per person per dag der metta feittsyrer utgjorde vel 37 gram. Vidare viser resultata at dagleg mengde protein per person per dag var på om lag 78 gram, kostfiber i overkant av 22 gram, medan alkohol var på 2,6 gram.

Figur 2 viser gjennomsnittleg mengde næringsstoff per person per dag i selde mat- og drikkevarer i 2018.

Figur 2. Gjennomsnittleg mengde næringsstoff per person per dag (gram) i selde mat- og drikkevarer. Heile landet. 2018

¹ Verdien for sukkerartar inngår òg som ein del av verdien for karbohydrat totalt.
² Verdien for metta feittsyrer inngår òg som ein del av feitt totalt.

Resultata for Inkluderer både reint salt og sukker, samt det som inngår i andre mat- og drikkevarer. viser mellom anna at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte meir salt per person per dag enn anbefalingane i dei nasjonale kostråda. Dei nasjonale kostråda anbefaler at ein skal avgrensa det daglege inntaket av salt og saltrike matvarer. Det same gjeld for inntaket av sukker, brus, saft og godteri.

Tala for 2018 viser at kjøpt eteleg mengde Alle saltpakningar over 1 kg er fjerna frå matvarepopulasjonen. per person var 8,5 gram, som er noko høgare enn det anbefalte daglege inntaket i kostråda, som er på omkring 5-6 gram.

For Inkluderer alle førdøyelege monosakkaridar og disakkaridar (sukkerartar) i kosthaldet. Dei viktigaste bestanddelane i sukkerartar er monosakkaridane glukose og fruktose og disakkaridane sukrose, laktose og maltose. både tilsett sukker og naturleg sukker i ulike type matvarer. viser tala at eteleg mengde per person per dag var på 89 gram. Det finst inga anbefaling på dagleg mengde sukkerartar, berre for tilsett sukker.

Næringsstoffa sine prosentvise energibidrag

Dei energigivande næringsstoffa i kosthaldet vårt er karbohydrat, protein, feitt, kostfiber og alkohol (Mattilsynet 2024). Delen av det totale energiinnhaldet i kosthaldet som kjem frå dei energigivande næringsstoffa blir ofte gitt i nemninga energiprosent (E%).

«Utviklingen i norsk kosthold (Helsedirektoratet.no)» viser at energi på engrosnivå var på 11,2 Energi i kosthaldet blir oppgitt i Mega joule (MJ). per person per dag i 2018. Resultata frå kosthaldsstatistikken viser at energiinnhaldet frå kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar per person per dag var på 9,3 MJ eller 2227 kcal i 2018. Dette er noko lågare enn i matforsyningsstatistikken og den nasjonale kosthaldsundersøkinga blant vaksne, Norkost 3. Det er viktig å understreka at tala berre inkluderer kjøp frå daglegvarebutikkar. I tillegg gjeld tala per person i heile befolkninga, ikkje berre den vaksne.

Figur 3 viser dei ulike energivande næringsstoffa sine prosentvise bidrag til den totale energimengda i kjøpte matvarer frå daglegvarebutikkar.

Figur 3. Energigivande næringsstoff sine bidrag til det totale energiinnhaldet i selde mat- og drikkevarer. Prosent (E%). 2018

Karbohydrat var den største bidragsytaren til energien i selde mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar i 2018 med 43 prosent. Det blir anbefalt av norske helsemyndigheiter at det totale karbohydratinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 45–60 energiprosent. Sukkerartar, som inngår i karbohydrat, utgjorde i overkant av 16 prosent av det totale energiinnhaldet.

Feitt var den nest største bidragsytaren til det totale energiinnhaldet med vel 40 prosent. Det blir anbefalt at feittinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 25–40 energiprosent. Metta feittsyrer, som inngår i feitt, utgjorde i underkant av 15 prosent av det totale energiinnhaldet. Det er anbefalt at metta feitt i kosten ligg under 10 energiprosent.

Protein utgjorde det tredje største energibidraget med vel 14 prosent. Det blir anbefalt at proteininnhaldet til kosthaldet skal ligga mellom 10–20 energiprosent. Elles viser tala at kostfiber utgjorde om lag 2 prosent, og alkohol frå drikkevarer bidrog med like under 1 prosent av den totale energimengda i den kjøpte maten frå daglegvarebutikkar.

Når det gjeld dei matvaregruppene som bidrog mest til dei ulike energigivande næringsstoffa, så viser grunnlagstala at Kornvarer og Sukker, søtsaker og syltetøy var dei to største kjeldene til den totale mengda karbohydrat i kjøpe matvarer med høvesvis 40 og 17 prosent av den totale mengda karbohydrat. For feitt var det gruppene "Olje, smør og margarin" og Mjølk og mjølkeprodukt (begge med 20 prosent). For protein var det Kjøt og kjøtprodukt og Mjølk og mjølkeprodukt med høvesvis 26 og 25 prosent, medan det for kostfiber var Kornvarer og Grønsaker, grønsaksprodukt (høvesvis 43 og 14 prosent). 

Tal for energigivande næringsstoff sine bidrag til det totale energiinnhaldet i selde mat- og drikkevarer endrar seg tradisjonelt lite frå eitt år til eitt anna. Det vil samtidig vera interessant å følgja utviklinga over ein lengre tidsperiode, og særleg kva matvaregrupper som bidreg til eventuelle endringar i samansetjinga av næringsstoffa i den kjøpte maten frå daglegvarebutikkane. 

Statistikken er basert på ei samanstilling av opplysningar frå følgjande datakjelder: 

  • Data over faktisk mengde selde mat- og drikkevarer på enkeltvarenivå (med unikt id-nummer) frå eit utval på 169 daglegvarebutikkar frå dei fire største daglegvarekjedene (Bunnpris, Coop, Norgesgruppen og Rema 1000). Dette er same utval som blir brukt til å laga Konsumprisindeksen.
  • Tradesolutions (vetduat.no) database med opplysningar om næringsinnhald, vekt og volum for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer)   
  • Matvaretabellen (matvaretabellen.no) – oversikt over næringsinnhald, eteleg del for ulike mat- og drikkevarer
  • Kassal.app – database med opplysningar om næringsinnhald for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer) 
  • Ulike nettsider som t.d. Unil.no med opplysningar om næringsinnhald, vekt og volum for ei rekke mat- og drikkevarer (med unikt id-nummer)   
  • Maskinlæring er brukt til å predikera næringsinnhald for alle varer som manglar opplysningar om dette frå dei andre datakjeldene
  • Verksemd og foretaksregisteret (VoF) - for å estimera tala for eteleg mengde selde varer frå utvalet butikkar til å bli landsrepresentativt. Her er det laga vekter for dei ulike kjedene basert på omsetningstal for alle verksemder i næring 47.111 Butikkhandel med breitt vareutval med hovudvekt på nærings- og nytelesemidlar
  • SBBs befolkningsstatistikk – befolkning i alt per 31.12 det aktuelle året for å finna gjennomsnittleg eteleg mengde per person i befolkninga.

Ved hjelp av ein ny metode gir statistikken ei oversikt over kosthaldet i den norske befolkninga. Metoden nyttar tal for eteleg mengde selde matvarer i eit utval norske daglegvarebutikkar i løpet av året. Statistikken presenterer tal for gjennomsnittleg eteleg mengde kjøpte mat- og drikkevarer per person i befolkninga per dag og per år, etter matvaregrupper og næringsinnhald.

Den første publiseringa inneheld tal for 2018, og vil etter kvart bli publisert årleg. Det gjer det mogleg å følgja utviklinga i kosthaldet til befolkninga over tid. Statistikken skal bidra til å dekka kunnskapsbehov slik desse er uttrykt blant anna i sentrale helsemyndigheiters handlingsplanar, kostråd og i ein intensjonsavtale inngått mellom matbransjen og helsemyndigheitene.

Statistikken må sjåast i samanheng med tal frå «Utviklingen i norsk kosthold (helsedirektoratet.no)» og utvalsundersøkingar om eigenrapportert matinntak som Norkost 3 (Helsedirektoratet.no) og Forbruksundersøkinga til SSB. Arbeidet med statistikken er finansiert av Helsedirektoratet, og utarbeidd i samarbeid med Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitet i Oslo.