Den offentlege tannhelsetenesta tilbyr gratis tannhelsetenester til barn og unge mellom 3-18 år, og kallar årleg inn til undersøkingar. I 2022 blei i underkant av 660 000 barn og unge, eller 65 prosent av denne gruppa, undersøkt og behandla. Betyr i denne samanheng kariesførekomst (dmft/DMFT): DMFT (Decayed, Missing, Filled Teeth) er eit uttrykk for summen av talet på tenner som har eller har hatt behov for behandling, samt gått tapt på grunn av sjukdom. D viser til talet på kariøse tenner, det vil seia talet på tenner som har behov for reparativ behandling på undersøkingstidspunktet som følgje av karies. M viser til talet på tapte (trekte) tenner som følgje av sjukdom, mens F viser til talet på tenner som tidlegare er blitt behandla som ei følgje av karies, ofte omtala som talet på tenner med karieserfaring. DMFT (med store bokstavar) viser til permanente tenner, mens dmft (med små bokstavar) viser til mjølketenner. for utvalde Kvart år samlar SSB inn tannhelseresultat for 3-, 5-, 12-, 15- og 18-åringar via KOSTRA-skjema 43. Tannhelseresultata gjeld i all hovudsak kariesførekomst (dmft/DMFT = Decayed, Missed and Filled Teeth) blir årleg rapportert til SSB frå fylkeskommunane, som ein del av KOSTRA-rapporteringa.
I Nasjonal fagleg retningsline for Tannhelsetenesta for barn og unge 0-20 år, anbefaler Helsedirektoratet at barn og unge i alderen 3-20 år bør få ei årleg statusundersøking ved 3-, 5-, 12-, 15-, og 18-års alder. Tala for undersøkte/behandla for desse aldersgruppene viser rett nok ulik innkallingspraksis mellom fylka. Enkelte fylke undersøker årleg oppunder 90 prosent av barn og unge i dei nemnde aldersgruppene, mens andre fylker undersøker/behandlar under 65 prosent. Dette er viktig å ta høgde for i samanlikning av tala for kariesførekomst mellom fylka. I perioden 1985-2022 for landet totalt, så har delen undersøkte/behandla årleg gått ned blant 5- og 12-åringar, mens den har auka noko blant 18-åringar.
Stor nedgang i hol blant 18-åringar i perioden 1985-2022
Dei siste 40 åra har tannhelsa til barn og unge stadig blitt betre. Årsakene som ofte blir trekte fram som dei viktigaste, er innføring av fluor i tannpastaen og betre generell munnhygiene med tannpuss morgon og kveld. Frå 1985 og fram til 2022 har det blitt ein stadig større del barn og unge utan hol i tennene, færre med mange hol, og gjennomsnittleg tal på tenner med hol har gått ned. Utviklinga har vore spesielt positiv blant 18-åringane.
Blant dei undersøkte 18-åringane har gjennomsnittleg tal på tenner med hol blitt redusert frå 10,3 i 1985 til 2,8 i 2022. Blant 12 åringar har tilsvarande tal blitt redusert frå 3,1 i 1985 til 0,8 i 2022. Medan nedgangen i gjennomsnittleg tal på tenner med hol har flata noko ut for undersøkte 12-åringar i den siste perioden 2015-2022, så held den fram med å minska blant 18-åringar.
For 18-åringar som ikkje har hatt hol i tennene (DMFT=0), så viser tala for same periode ein auke frå 1 prosent av dei undersøkte/behandla i 1985 til 32,3 prosent i 2022. Auken var nokså jamn frå 1985 til 2000 før den flata ut fram mot 2010, for så å auka jamt i perioden 2010-2022.
Dei same tendensane for kariesførekomst som tala viser for 18-åringar, ser ein òg for 5- og 12-åringar; Gjennomsnittleg tal på tenner med hol går ned og delen med null hol aukar i perioden 1985-2022, både om ein ser på tala for landet totalt og for dei enkelte fylka.
Fylkesvise forskjellar i tannhelsa blant barn og unge
Sjølv om tannhelsa blant barn og unge har blitt betre for heile landet samla, er det forskjellar mellom fylka i heile i perioden 1985-2022. Historisk sett har særleg gamle Finnmark fylke skild seg ut med høgare kariesførekomst blant barn og unge enn resten av fylka.
Tala for 2022 viser at det blant undersøkte 5-åringar er Innlandet, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland som har færrast gjennomsnittleg tal på tenner med hol, alle med 0,5. Oslo har flest med 1,1 tenner med hol. Blant 12-åringar er det Innlandet og Rogaland som har færrast gjennomsnittleg tal på hol, begge med 0,7, medan Vestfold og Telemark og Agder har flest, begge med eit gjennomsnitt på 1 tann med hol.
Blant undersøkte 18-åringar er Innlandet fylket med færrast gjennomsnittleg tal på hol (2,3 tenner med hol), medan Troms og Finnmark fylke og Agder fylke var dei to med flest hol (høvesvis 3,3 og 3,4 tenner med hol).
Utviklinga i perioden 1985-2022 etter fylke, viser stort sett ein nedgang i hol for 5-, 12- og 18-åringar i alle fylka. Forskjellane, målt i relative tal, mellom fylka med færrast og flest hol har også blitt mindre i perioden. Det same gjeld òg for delen utan hol i dei same aldersgruppene.