20881_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20881
Fleire plassar i institusjonane
statistikk
2000-06-23T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire plassar i institusjonane

For fyrste gong sidan byrjinga av 1990-talet kan ein sjå ein auke i talet på plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Sjukeheimsplassane aukar mest. Samstundes aukar òg talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål.

I dei i alt 1 039 institusjonane var det 43 350 plassar. Dette er ein auke på 150 plassar sidan 1998. 35 700 av plassane var sjukeheimsplassar, 6 900 plassar i aldersheimar og 750 var andre plassar. Som i tidlegare år er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned.

I institusjonane var det i overkant av 37 700 rom. Om lag 85 prosent av desse var einerom.

Ved utgangen av året budde 42 700 personar i institusjonane. Nær 75 prosent av bebuarane var over 80 år medan 3,7 prosent var under 67 år. Meir enn 85 prosent av dei som bur i institusjon er skrivne inn for eit langtidsopphald.

Fleire bustader

På same måte som institusjonane, har òg talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål auka frå 1998 til 1999. Desse bustadene har hatt ein markert vekst i andre halvdel av 1990-tallet. Det finst totalt 44 300 bueiningar, og meir enn tre firedelar er kommunalt eigde. Blant dei registrerte bustadene var 9 900 omsorgsbustader bygd med starttilskott frå Husbanken.

Ved utgangen av året budde nær 43 800 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, dvs. dei som er under 67 år, utgjer 28,5 prosent av alle som bur i ein slik bustad medan dei som er 80 år eller eldre utgjer 41,4 prosent.

Fleire tek imot tenester i heimen

I overkant av 158 600 personar fekk bistand frå heimetenestene ved utgangen av 1999, ein auke på 5 800 frå året før. Det er framleis flest brukarar som berre får praktisk bistand. 5 600 av brukarane fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 time per veke.

Per 31. desember 1999 hadde 83,2 prosent av kommunane eit tilbod om heimesjukepleie heile døgnet.

Stadig fleire årsverk

Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 2 600 frå utgangen av 1998 til utgangen av 1999. I 1999 var det stillingar svarande til 85 400 årsverk i pleie- og omsorgstenestene eller om lag 0,42 årsverk per brukar. Dersom ein ser årsverka relativt til befolkninga over 67 år, viser også desse ein stigande tendens frå 134 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 1998 til 138 i 1999.

Tabeller: