Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire sjukeheimsplassar
Framleis kan ein berre sjå ein svak auke i plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Sjukeheimsplassane aukar mest. Samstundes aukar òg talet på bustader til pleie og omsorgsføremål.
Av dei 43 240 plassane i institusjonar for eldre og funksjonshemma er 35 700 plassar i sjukeheim, ein auke på i overkant av 900 plassar sidan 1998. Som i tidlegare år er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned, og ved utgangen av 1999 var 6 800 plassar igjen. Det er no i alt 1 037 institusjonar, som er ein auke på 6 institusjonar sidan 1998.
Institusjonane hadde i overkant av 37 700 rom. 85 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har andelen einerom auka med 8,1 prosentpoeng. Ved utgangen av året budde nær 42 700 personar i institusjonane. I overkant av 74 prosent av bebuarane var over 80 år, medan 3,7 prosent var under 67 år. Meir enn 87 prosent av dei som bur i institusjon er skrivne inn for eit langtidsopphald, det vil si eit opphald som då dei vart skrivne inn, var meint å vare meir enn tre månader.
Fleire bustader
På same måte som institusjonane, har òg talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål auka frå 1998 til 1999. Desse bustadene har hatt ein markert vekst i andre halvdel av 1990-tallet. Totalt 44 400 bueiningar er registrerte i statistikken i 1999, og meir enn tre firedelar er kommunalt eigde. Blant bustadene var 10 120 omsorgsbustader bygde med oppstartingstilskott frå Husbanken. Talet på omsorgsbustader har auka med nær 4 800 bustader sidan dei første gongen blei registrerte i statistikken i 1997.
Ved utgangen av året budde nær 44 000 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, dvs. dei som er under 67 år, utgjer 28,5 prosent av alle som bur i ein slik bustad medan dei som er 80 år eller eldre utgjer 41,5 prosent.
Fleire tek imot tenester i heimen
I overkant av 157 400 personar fekk bistand frå heimetenestene ved utgangen av 1999, ein auke på 4 600 frå året før. Framleis får i overkant av 40 prosent av brukarane berre praktisk bistand, dvs. heimehjelp. 5 600 av brukarane fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 time per veke. I motsetnad til bebuarane i institusjonar, der eit mindretal er under 67 år, er nær ein fjerdedel (23 prosent) av mottakarane av heimetenester i denne alderskategorien.
Per 31. desember 1999 hadde 83,2 prosent av kommunane eit tilbod om heimesjukepleie heile døgnet.
I overkant av 5 200 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gje hjelp til pleietrengjande born, foreldre eller andre nære slektningar. Talet på mottakarar av omsorgsløn har blitt meir enn fordobla sidan 1994.
Stadig fleire årsverk
Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 3 600 frå utgangen av 1998 til utgangen av 1999. I 1999 var det stillingar svarande til 86 400 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,43 årsverk per brukar. Dersom ein ser årsverka relativt til befolkninga over 67 år, viser også desse ein stigande tendens frå 134 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 1998 til 140 i 1999.
Tabeller:
- Tabell 1 Plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma og bustader til pleie- og omsorgsføremål. 1996-1999.
- Tabell 2 Rom i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Prosent (N=talet på rom). 1991-1999
- Tabell 3 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-1999
- Tabell 4 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsføremål, etter alder. Bueiningar. 1994-1999
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-1999
- Tabell 6 årsverk innan pleie- og omsorgstenestene. 1992-1999
- Tabell 7 Plassar i institusjoner for eldre og funksjonshemma. 1991-1999
- Tabell 8 årsverk, etter utdanning og kommune. 1999
Kontakt
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
E-post: dag.ragnvald.abrahamsen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 46
-
Øyvind Isachsen Berntsen
E-post: oyvind.berntsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 28
-
Bjarne Tautra Hoen
E-post: bjarne.hoen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 99
-
Linda M. Allertsen
E-post: linda.allertsen@ssb.no
tlf.: 97 09 97 51