Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire heimetenestemottakarar og årsverk
Med ein vekst i talet på årsverk på rundt 6 prosent frå 2005 til 2006, blir det kompensert for auken i talet på mottakarar av heimetenester. Den var på 4 prosent. Samstundes var talet på plassar på institusjon nokolunde stabilt.
Talet på mottakarar av heimetenester (heimesjukepleie og/eller praktisk bistand) er no drygt 170 000, ein auke på om lag 7 000, medan det er om lag 41 000 plasser i institusjonar (sjukeheim, buform eller aldersheim). Det er registrert nær 117 000 årsverk innan pleie- og omsorgstenestene.
Dersom vi slår saman mottakarar av heimetenester og plassar i institusjon, ser vi at årsverk per brukar viser ein svak auke, til 0,49 årsverk per brukar (årsverk fråtrekt fråvær: legemelde sjukefråvær og fødselspermisjon).
Det er nesten like mange bebuarar som institusjonsplassar, slik at belegget er på 99 prosent på landsbasis. Lokalt kan det vere større avvik frå dette.
Auke i talet på dei yngste og eldste bebuarane i pleie- og omsorgsbustader
Medan talet på institusjonsplassar er konstant, er det ein viss auke i talet på bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsføremål (mellom anna omsorgsbustader). 35 prosent av desse bur i bustad med tilknyting til vakt heile døgnet.
Det har blitt rundt 5 prosent fleire bebuarar både i gruppa under 67 år og i gruppa over 85 år, medan talet på bebuarar i aldersgruppene imellom har ein viss nedgang.
Meir støttekontakt og avlastning
For pleietrengande som bur heime, er det også ein sterk auke i talet på mottakarar av både støttekontakt og avlastning i dei fleste aldersgrupper. Det er no rundt 25 000 mottakarar av støttekontakt, ein auke på 10 prosent frå 2005. Sjølv om det er den minste gruppa, har mottakarar over 80 år blitt 20 prosent fleire. Talet på mottakarar av avlastning har auka med vel 6 prosent til nær 10 000. Dette er først og fremst eit tilbod som blir gitt dei under 67 år. Det blir stadig færre eldre mottakarar av avlastning for heimebuande.
Sterk auke i utgifter til pleie- og omsorgstenester
Auka i utgifter til kommunale pleie- og omsorgstenester var på nær 9 prosent. Det blir nå brukt 58 milliardar på dette området.
Tabeller:
- Tabell 1 Plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1996-2006
- Tabell 2 Rom i institusjonar for eldre og funksjonshemma. 1991-2006. Prosent (N=talet på rom)
- Tabell 3 Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2006
- Tabell 4 Bebuarar i bustader til pleie- og omsorgsformål, etter alder. 1994-2006
- Tabell 5 Mottakarar av heimetenester, etter alder. 1992-2006
- Tabell 6 Mottakarar av heimetenester, etter type teneste. 1992-2006
- Tabell 7 Mottakarar av avlasting, etter alder. 1996-2006
- Tabell 8 Mottakarar av støttekontakt, etter alder. 1996-2006
- Tabell 9 årsverk og fråvere innanfor pleie- og omsorgstenestene. 1994-2006
Kontakt
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
E-post: dag.ragnvald.abrahamsen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 46
-
Øyvind Isachsen Berntsen
E-post: oyvind.berntsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 28
-
Bjarne Tautra Hoen
E-post: bjarne.hoen@ssb.no
tlf.: 40 90 25 99
-
Linda M. Allertsen
E-post: linda.allertsen@ssb.no
tlf.: 97 09 97 51